Handelshuset (Røldalsvegen 31 i Odda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Når du passerer Handelshuset, må du løfta blikket og sjå etter detaljer på fasaden.
Foto: Harald Hognerud (2004)

Handelshuset, det store huset øvst i Gågata i Odda, kan virka mørkt og tungt ved første augekast. Arkitekt er Olaf Jahnsen og huset rommar mykje levande Oddahistorie.

Brørne Christian og Hartvig Gulbrandsen kom til Odda som elektrikarar. Etter kort tid på smelteverket eller Odda-fabrikkane, kjøpte dei eigedomen her midt i det beste forretningsstroket i Odda og etablerte firmaet Brødrene Gulbrandsen. Dei bygde den store murgarden Handelshuset i 1914-15, året etter at Odda Lysverk var etablert og samstundes med at alle privathus i sentrum skulle ha straum og lys innlagt.

Dei bygde opp ein allsidig og blomstrande forretning innan elektrisk montering og detaljhandel og dei dreiv annan næring.

Arkitektonisk stil

Huset har tre etasjar pluss ein full etasje og loft under det høge mansardtaket. Stilen på huset er tydeleg jugendprega. Også her kan du leggja merke til forma på vindaugene med dei småruta felta oppe. I tillegg er det dekorasjonsfelt støypt inn i muren i fasaden. Dei svungne og nette formene i fasaden og dekoren er typiske for jugendstilen.

Bergensarkitekten Olaf Jahnsen teikna Handelshuset. Han teikna også Folkets Hus i Odda som var innvia året etter Handelshuset, men rive i 1971. Folkets Hus låg der Domusbygget er no, på hjørnet mot Murboligen.

Frå Edelsten-huset til Knausen

Då firmaet "Brødrene Gulbrandsen" kjøpte eigedomen, sto det eit vakkert og forholdsvis nytt trehus i sveitserstil på eigedomen. Her hadde fru von der Fehr Edelsten drive fotografisk forretning i turisttida. Brødrene Guldbrandsen reiv dette huset og bruka materialen til privatbustad på «Knausen». Då det blei sett opp igjen, fekk det heilt ny utforming med to etasjar, mansardtak og store jugend-vindauger.


Koordinater: 60.0685026° N 6.5469287° Ø