Hanna Castberg von der Lippe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Hanna Castberg von der Lippe ca. 1920.
Foto: Ukjent/Digitalt museum

Hanna Castberg von der Lippe (fødd i Skien 31. august 1872, død i Oslo 26. juni 1926) var lærar, forfattar, journalist og samfunnsdebattant. Ho var særleg engasjert i nasjonale og sosialpolitiske spørsmål, ut frå ein politisk radikal og kvinneemansiperande ståstad. Ho stod norskdoms- og den frilynte ungdomsrørsla nær, og gjekk sterkt inn for den radikale linja i unionsspørsmålet i 1905. Ho kom frå ein sterkt engasjert «venstrefamilie», og hadde ein far og ein bror som båe var framståande politikarar på den radikale fløya i Venstre. Sjølv vart ho i sine seinare år sosialist. Sonen Just Lippe vart ein framgrunnsfigur i NKP.

Familie

Foreldra hennar var tolltenestemann Johan Christian Tandberg Castberg (1827-99) og Hanna Magdalena Frisak Ebbesen (1839-81). Hanna var fødd eit stykke ut i rekkja i ein flokk på i alt 13 sysken. Ein av brørne var politikaren og statsråden Johan Castberg, ein annan var musikar og musikkpedagog Torgrim Castberg. Hanna mista mor si som niåring. Faren gifta seg opp att i 1887 med Olga Elvira Scheen (fødd 1853).

Hanna Castberg gifta seg i Kristiania 5. juli 1900 med skodespelar og kostyminspektør ved Nationaltheatret Jakob von der Lippe (fødd 1870). Dei fekk tre søner: Frits von der Lippe (f. 1901), Just Ebbesen von der Lippe (Just Lippe, f. 1904) og Jens von der Lippe (f. 1911).

Skulegang og lærargjerning

Hanna hadde skulegangen sin i Skien, Porsgrunn, Herlufsholm i Danmark, i Kristiania og Trondheim. Til Trondheim hadde familien flytta i 1887, og der tok Hanna artium ved Katedralskulen i 1891.

Etter avlagt examen artium fekk ho fyrst eit vikariat som bestyrar av ein privat mellomskule i Elverum. Frå 1892 til 1894 var ho guvernante hjå sokneprest Erichsen i Trysil. Sven Moren fortel i sine memoarar kor sterkt inntrykk denne «emansiperte» unge kvinna gjorde på han og bygdefolk elles der. Ho var aktiv i ungdomslaget, ho danna songkor og dirigerte sjølv. Ho gjekk fremst i 17. maitoget, og heldt sjølv tale for dagen. Med reaksjonar som spente frå sjokk til beundring kunne folk fortelje at ho både drakk øl og røykte sigar i selskap med berre karar.

Hausten 1894 byrja ho å lese til «andeneksamen», men gjekk ikkje vidare med universitetsstudium. I staden heldt ho fram med lærargjerninga si. Ho fekk fyrst eit vikariat ved ein privat mellomskule i Norderhov (nå Ringerike kommune). Så var ho eit år lærar ved Ragna Nielsens skule i Kristiania. Ho gav seg ut av læraryrket etter at ho gifta seg og stifta familie.

Politiske haldningar og sosialt engasjement

Hanna Castberg kan seiast å ha hatt ein tungtvegande sosialradikal og venstrenasjonalistisk ideologisk ballast med frå heimen og familien, ein ballast som ho sjølv i høg grad bidrog til overfor andre ledd og yngre delar av familien. Faren var stortingsmann for (radikale) Venstre i fleire periodar mellom 1876-1888, venstreordførar i Skien, medskipar og redaktør for venstreavisa Varden frå 1875. Eldste brorenror til Hanna, Johan Castberg, vart stortingsmann og statsråd for Venstre, og stod i spissen for austlandspartiet Arbeiderdemokratene. Både Johan Castberg og broren Torgrim var gifte med døtrer av folkehøgskulepioneren Herman Anker. Ei tredje syster i den familien var kvinnesaksforkjemparen og sosialpolitikaren Katti Anker Møller.

Hanna Castberg var sterkt oppteken av sosialpolitiske saker i tida, så som bustadspørsmålet for arbeidarklassen, barnestell, sinnsjukeomsorg, forbod mot nattarbeid for kvinner, skilsmissespørsmålet med mykje meir. Måten ho arbeidde på var gjennom pressa, ved foredragsturnear og til dels i organisasjonssamanheng. Ho var t.d. leiar i Kvindernes Landsboligraad.

Hanna Castbergs politiske syn var etter alt å dømme samsvarande med faren og eldstebrorens radikale venstresyn. Ho brann for det nasjonale spørsmålet og gjekk inn for ei kompromisslaus haldning mot svenske krav ved unionsoppløysinga. Sven Moren illustrerer godt hennar venstrenasjonalistiske haldning når han siterer delar av ei flammande tale ho heldt i Bondeungdomslaget i Kristiania på haustparten 1905, da unionsforhandlingane pågjekk som hardast. I Morens attgjeving på landsmål skal ho ha sagt noko slikt:

«Vi må ikkje, vi kan ikkje, vi skal ikkje gå på akkord no. Vi skal gå vår eigen veg utan omsyn til andre. Det gjeld vår ære - og det gjeld meir, det gjeld vår udøyelege sjel, vår folkesjel som vil ta skade, som forkjemst og døyr, dersom vi slår av no! Men så må vi kaste overbord slike politikarar som dei som no styrer kursen vår. Dei talar om fedrelandskjærleik. Eg seier ikkje at dei vantar fedrelandskjærleik. Men fedrelandskjærleiken deira vantar liv, varme, eldhug, religiøsitet, fanatisme.»

Sidan flytte ho standpunkt over til den sosialistiske leiren. Signaturen P.G. (Paul Gjesdahl?) konstaterer i sin nekrolog over Hanna Castberg von der Lippe i Dagbladet 27. juli 1926: «I sine siste år tilhørte hun Det norske arbeiderparti og var en av Arbeiderbladets farligste penner». Dette rimar godt med nekrologen i det konservative Morgenbladet same dato: «I velformede, ofte sterkt agitatoriske artikler talte hun i den kommunistiske presse arbeidernes sak.» Kommunistisk i denne samanhengen skal neppe tolkast som at Hanna Castberg von der Lippe hadde gått over til NKP, der altså sonen Just Lippe hadde funne sin plass alt frå partiet vart oppretta tre år tidlegare.

Forfattaren

Som skrivande menneske har Hanna Castberg sett djupast spor etter seg i pressa, særleg i Dagbladet og Social-Demokraten/Arbeiderbladet. Fleire av foredraga hennar vart trykte som brosjyrer. Det galdt t.d. eitt om barnestell, som vart distribuert av Arbeidarpartiet, og eitt som tala for forbod mot kvinners arbeid i handverk industri, som vart utgjeve av Norsk forening for socialt arbeide. Men ho skreiv også skjønnlitterært, derunder tre skodespel som vart utgjevne i 1920-åra. Dommen - to skuespill (1922), Brødre (1924) og Dei utstøytte (1925). Det siste vart sett opp ved Det Norske Teateret det same året som Hanna Castberg døydde.

Referansar


Kjelder og litteratur