Hans Enstad (1903–1945)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Hans Enstad»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Minnestein over Hans Enstad på Vågå kyrkjegard
Foto: Arnfinn Kjelland (2012).

Hans Enstad (fødd 23. september 1903Nistugu EnstadLesjaskogen var byggmeister og sjef for Vågå område i Milorg D23 avsnitt 233 fram til han fall i kamp med tyskarar og medlemer av Rinnanbanden 14. mars 1945Preststulen i Vågå.

Han var son av Ole Hansson Endstad (f. 1875) og Marit Jakobsdotter Enstad (f. 1872). Hans Enstad var gift med Sigrid Øvstedal frå Vågå (1897-1985). Dreiv Brustugu og Enstad snekkerverkstad på Vågåmo.

Milorg og aktiviteten til Henry Rinnan

Hans vart involvert i oppbygginga av milorg i Gudbrandsdalen frå tidleg i 1941, etter kvart som områdesjef. Frå hausten 1944 gjekk han i dekning i ei skogshytte ovanfor Preststulen i Skogbygdi på nordsida av dalen.

Henry Rinnan klarte – ved hjelp av Trond Jardar Kvaale som var medlem av organisasjonen hans – til ein viss grad å infiltrere motstandsmiljøet i Nord-Gudbrandsdalen frå hausten 1944. På Bjorli fekk Kvaale m.a. kontakt med Olav Enstad og forstod etter kvart at han var bror til Hans, som Rinnan hadde vore på jakt etter. Milorggruppa der fekk likevel mistanke til Kvaale, [1] så sjølv om Hans hadde kontakt og var på Bjorli ut på vinteren 1945 klarte ikkje Rinnanfolka å få tak i han her.

13. mars starta aksjonen mot Hans Enstad i Vågå, da Rinnan, Gestaposjefen i Trondheim, Gerhard Flesch og ein del av folka til Rinnan reiste sørover frå Trondheim. Dagen før hadde Kvaale avtalt eit møte med Olav Enstad på Dombås der tyskarane arresterte Olav og sette han under hardt forhør. Hovudstyrken drog så til Vågå og arresterte fleire av nøkkelpersonane i motstandsrørsla i Vågå.[2] Dei torturerte fleire og fekk på det viset kjennskap til at Hans truleg var på Preststulen.

Sluttkampen

I alle fall, tidleg om morgonen 14. mars var om lag 20 tyske soldatar under kommando av Flesch, Rinnan og ein del av folka hans kome til Vågå der dei sette i marsj frå Håkåstad og oppover den ubrøytte Slådalsvegen mot Preststulen. Ein av dei torturerte i Vågå, urmakar Thorleif Andersen, var Hans’ nestkommanderane og vart tvunge med, helst som gissel.

På dagtid heldt Hans til i ei hytte ovanfor garden, men denne morgonen satt han framleis og åt frukost da han fekk sjå tyskarane og landssvikarane kome opp mot garden. Dei var for nær til at han kunne lure seg usett attende til hytta, så Hans sprang ned i fjøset og skjulte seg der. Tyskarane og Rinnanfolka leitte i innhusa før dei forstod Hans måtte vere i fjøset og rykka mot det. I den samanstøyten som da oppsto skaut Hans ein av fienden, ein tidlegare frontkjempar som gjorde teneste for tyskarane på Dombås.

På eit tidspunkt innsåg han likevel at han ikkje hadde nokon sjanse mot overmakta. For å unngå å bli teke levande og risikere å røpe andre i motstandsrørsla under tortur skaut Hans Enstad derfor seg sjølv i fjøset på Preststulen.

Kjelder

Fotnote

  1. Ifølgje Skarsem og Flyum s. 149 planla dei å likvidere Kvaale.
  2. Lunde er litt uklar om kva dato dette gjekk føre seg på – han skriv 14. mars, same dag som kampen mellom Hans Enstad og tyskarane med Rinnan gjekk føre seg tidleg om morgonen.