Hans Hansson Bjørge

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Hans Hansson Bjørge (fødd 6. januar 1857 i Valestrand, død 16. mars 1921 på Hafslo) var handelsmann.

Hans Bjørge kom frå garden Bjørgen i Valestrand i Sunnhordland og var son av gardbrukar Hans Torbjørnson og Helga Gregoriusdotter. Han flytte i ung alder til Bergen og dreiv der som handelsmann og fedevarehandel.

Han gifte seg i Bergen 8. mai 1887 med Ranvei Severine Hillestad (1862-1942) frå Hafslo i Sogn og Fjordane, og dei fekk 7. februar 1889 odelsskøyte på heimebruket hennar på Hillestad. Den 18. august 1894 fekk Hans skøyte på Rosenlund som i dag ligg midt i Hafslo sentrum. Her byrja han med landhandel i 1894-95 då huslyden flytte frå Bergen til Hafslo. Etter å ha budd eit par år på Hillestad flytte dei kring 1897 til Rosenlund.

Hans Bjørge dreiv landhandel og bakeri på Rosenlund under namnet H. H. Bjørge. Seinare overtok dottera Helga Malene og mannen Nils Friis Fardal handelen og dreiv til kring 1970 under namnet Helga Bjørge.

Hans Bjørge byra i januar 1903 med landhandel i Jostedalen, truleg i gamlestova på Gjerde. Bjørge budde neppe i Jostedalen, og det er uklart kven som dreiv handelen for han. Men alt etter eit par år tok Thor Bakken over denne handelen, som framleis er i drift under namnet Thor Bakkens Ettf.

Hans og Rannvei fekk fire born i lag:

  • Hans Hansson Bjørge (1889-1889)
  • Hans Olaf Bjørge (1891-1966)
  • Karen Sofie Bugge Bjørge (1894-1975)
  • Helga Malene Bjørge (1903-1955)

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer