Hans Hansson Wiingaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Hans Hansson Wiingaard (fødd 1686 på Lolland i Danmark, død 22. mars 1758 i Molde) vart 16. mars 1725 utnemnd til sokneprest i Jostedal prestegjeld. Det var då sju søkjarar til det vesle prestekallet.[1] Wiingaard var i Jostedalen til han 18. mai 1731 vart utnemnd til visepastor i Vanylven og 4. august 1741 til den fyrste soknepresten same stad. Han makeskifte seg 9. desember 1746 til Bolsøy og Molde og vart i 1749 prost i Romsdal. Med bakgrunn i tida si som prest i Jostedalen skreiv han ei skildring av bygda, mellom anna om framrykkinga til breane under den vesle istida. Eit utdrag av skildringa vart prenta i Hans Strøm: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør beliggende i Bergens Stift i Norge (band 1, 1762).[2]

Wiingaard kjøpte Jostedal kyrkje i 1726 av arvingane til forgjengaren Henrik Nitter og åtte kyrkja til han i 1751 selde ho til tre gardbrukarar i Jostedalen (sjå Eigarar av Jostedal kyrkje). Som kyrkjeeigar må han ha halde på kontakten med bygda.

Notar

  1. Søkjarliste 1725 (Jostedal historielag)
  2. Wiingaard i Strøm 1762 (digital utgåve)

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
  • Om Wiingaard på nettstaden Glimt fra Molde


Forgjengar:
 Henrik Nitter 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Ole Morsing