Hans Helgesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Helgesen, avbilda i praktverket Felttogene i vore første frihedsaar (København 1888)
Foto: Kunstnar: N.Simonsen (?).

Hans Hansen Helgesen (fødd i Oslo den 4. oktober 1793, død i Rendsburg i Holstein den 28. februar 1858) var offiser og eventyrar. Han er ein av dei som i Danmark blir omtala som De tre norske graner for sin innsats i krigen om Slesvig og Holstein i 1848-1850. «Granene» inngår i heltegalleriet til både det danske og det norske offiserskorpset. Før dette hadde Helgesen ein karriere bak seg mellom anna som prøyssisk offiser i Napoleonskrigane og som hestehandlar og kanskje smuglar i Frankrike, og han kjempa under julirevolusjonen der. Helgesens gate i Oslo er oppkalla etter han.

Bakgrunn og oppvekst

Dyvekes hus 1910. Hans Helgesens barndomsheim.
Foto: Ragnvald Væring.

Helgesen voks opp i det som i dag blir kalla Gamlebyen i Oslo, men som den gongen tilhøyrde Aker prestegjeld. Foreldra var Hans Heljeson (1761-1828) og Karen Hansdotter (1761-1835). Faren var fødd i Sverige. Han hadde ei funksjonærstilling (omtala som «alunmester» og «forvalter») ved John Collett sitt alunverk på Ekeberg. Da Helge voks opp, budde familien i det som i dag er Konowsgate 7. Dei forpakta ein plass, Holtop, og budde i eit gammalt hus som i segntradisjonen var knytta til kong Christian II si elskarinne i Oslo, Dyveke Sigbritsdotter.

I 1804 byrja Hans Helgesen på latinskulen (Oslo katedralskole). Der gjekk han saman med den seinare skipsreiar og velgjerar Mogens Thorsen, som seinare fortalde om slåsskampar med Helgesen i skuledagane, da dei openbert rivaliserte om å vere den tøffaste guten i klassa.

Militær utdanning og stilling inntil 1814

Minnesmerke over De tre norske graner, reist ved Krigsskolen, Oslo, i andre halvparten av 1990-tallet. Monumentet var reist i eit medvite arbeid for å forme kadettane sin profesjonsidentitet.
Foto: Hans P. Hosar.
Helgesens gate i Oslo, bydel Grünerløkka, ble navngitt etter Hans Helgesen i 1864.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013).

I staden for universitetsstudiar etter latinskulen fekk Helgesen kome på Krigsskulen (Kadettkorpset) i øvste klassen i 1811. Han tok offiserseksamen ved nyttår 1813, og fekk premierløytnants grad same år. Han vart kommandert til Telemarkske regiment, og tenestegjorde under Frederik Adolf Schleppegrell i «Kattekrigen» mot Sverige sommaren 1814. Det var her Helgesen danna vennskapet med dei to andre av «De tre graner», Schleppegrell og Olaf Rye.

I Tyskland

Etter fredsslutninga nekta Helgesen saman med kameratane Schleppegrell og Rye å gå i teneste under Karl XIII i den nye unionen med Sverige, og dei forlet landet. Christian Frederik gav Helgesen anbefalingsbrev til fyrst Blücher, og han kom i preussisk teneste i Blüchers felttog mot Napoleon i 1815. Opplysningane om dette er noko usikre, som når det gjeld fleire andre omstende kring Helgesens bravadar. Kiærland refererer til at Helgesen skal ha kjempa ved Ligny og Waterloo. Skaar meiner han deltok i «en rekke slag», og opplyser elles at han kom til Paris med sitt tyske regiment. Men Skarstein, som opplyser at alle dei tre norske granene gjekk i preussisk teneste, meiner at dei ikkje kom i kamp før etter Ligny og Waterloo, og at det einaste dei fekk vere med på var «noen udramatiske beleiringsoperasjoner».

F.C. Skaar kan elles berette at Helgesen med sin smålåtne sosiale bakgrunn fekk problem med å omgåast sine adelege preussiske offiserskollegaer, «men satte seg snart i respekt gjennom en rekke dueller».

I Frankrike

I 1818 slo Helgesen seg til i Frankrike. Der gifta han seg eit års tid seinare, visstnok med dotter til ein møllar. Namnet hennar er ikkje kjent. Ho døydde i 1836. Ekteparet fekk fleire born, derav to søner som vart offiserar i den franske hæren. Men data og omstende rundt Helgesens ekteskap er også svært usikre.

I denne tida livnærde familien seg på på ymse vis. Mellom anna dreiv Helgesen import av hestar til Frankrike frå Danmark og Sverige, og det heiter seg også at han dreiv smuglarverksemd.

Helgesen deltok i julirevolusjonen 1830 på opprørarane si side, og vart etter det tilsett i nasjonalgarden under borgarkongen Ludvig Philip.

I Danmark. Krigen 1848-1850

Etter at kona døydde i 1836 flytta Helgesen ei kortare tid attende til Noreg, men fekk ikkje stilling, og slo seg i staden til i Danmark frå 1840. Der fekk han ein liten pensjon av Christian VIII (Christian Frederik - hans konge og kommandant i 1814), og der han elles dreiv jakt og fiske i Stapelholm på Sørjylland.

Da den tyske befolkninga i Slesvig og Holstein ville lausrive seg frå Danmark i 1848, baud Helgesen seg fyrst fram til teneste på opprørarane si side, men ombestemte seg, kanskje fordi han høyrde at Schleppegrell og Rye gjekk i kamp på dansk side. Helgesen drog til København og fekk fyrst stilling som kaptein under Schleppegrell. I kampane som følgde utmerka Helgesen seg mellom anna ved å innta og sidan forsvare den strategisk viktige byen Frederiksstad, der han så vart utnemnd til kommandant. Etter krigen var han mellom anna kommandant i byen Slesvig og sidan i Rendsborg (i dag tysk Rensburg), og oppnådde obersts grad i 1856. Han døydde i Rendsborg to år seinare.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker