Hans Holmboe (1769–1821)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 14:11 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori: Skedsmo kommune» til «Kategori:Lillestrøm kommune [[Kategori:Skedsmo»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans Holmboe (1769-1821) var prest.

Han var fødd i Kristiania i 1769 som son av kjøpmannen Hans Frederik Holmboe og Maren Carlsen. Hans Holmboe tok teologisk embetseksamen i 1796, og han vart same året personleg kapellan hos den komande svigerfar sin i Skedsmo, Niels Høegh. Ved folketeljinga 1801 er han skildra som Capellan pro persona. Hans Holmboe gifta seg i 1803 med Elen Christine Høegh (1774-1831). Saman fekk dei fem born, ein av dei var Jens Carlsen Holmboe, som seinare vart inspeksjonsoffiser på Blaker skanse. I 1804 vart han residerande kapellan i Tingvoll, eit embete han hadde fram til 1815. Frå 1815 og fram til han døydde i 1821 var han sokneprest i Beitstad i Nord-Trøndelag.

Våren 1814 var Hans Holmboe valmann for Tingvoll prestegjeld.

Kjelder

  • Erlandsen, Andreas: Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Trondhjems Stift, 266-267.
  • Holmboe, F.V. Slekten Holmboe: stamtavle 1944 med biografiske opplysninger, fotografier og familiedokumenter. Oslo: Cammermeyers boghandel, 1944. Mal:Bokhylla.
  • Olafsen, Arnet og Birch-Reichenwald, Kr., Adresser og Fuldmagter, Riksforsamlingens forhandlinger, bd. 2, s. 329.
  • Hans Holmboe i folketeljinga 1801 for Skedsmo prestegjeld frå Digitalarkivet.

Eksterne lenker