Hans Marius Grimstadmo

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Marius Grimstadmo ca. 1960. Foto: Kristian Hosar.

Hans Marius Grimstadmo (fødd i Kristiania 10. april 1898, død i Skjåk 16. desember 1985) var gardsarbeidar, anleggsarbeidar og skogsarbeidar. Frå smågutalderen av budde han mest all sin dag i Skjåk. Livet vart nok ikkje så lett for han. Han hadde ein lite gunstig sosial utgangsposisjon som «lausunge» frå det fattigaste, jordlause arbeidarsjiktet i bygda. Og personlege tragediar som råka han og hans næraste gjorde liv og lagnad enn hardare.

Bakgrunn og familie

Hans Marius var fødd av ugifte foreldre, og mor og son budde aldri saman med faren. Mora var Hanna Torsteinsdotter Grimstadmo (1876– ca. 1907). Ho var fødd og oppvaksen i Skjåk, men hadde flytta til Kristiania der Hans Marius kom til verda. Gutebarnet vart heimedøypt ei veke etter fødselen, og dåpen vart stadfesta i Paulus kyrkjeGrünerløkka den 19. juni.[1] Mora er i kyrkjeboka oppført som syerske («Sypige»), med adresse Helgesensgt. 9. Ho skreiv da namnet sitt Hanna Moe. Barnefaren er registrert som Hans Gorset, fødd 1873, jernbanearbeidar. Ved dette tidspunktet heldt han til på BrandbuHadeland. Etternamnet og opplysningar andre stader frå tyder på at han var frå Oppdal i Trøndelag. Det har førebels ikkje lykkast å identifisere han nærare.

Mor til Hans Marius var sjølv fødd utanom ekteskap. Båe foreldra hennar var frå Skjåk. Ved dåpen til Hanna den 30. april 1876[2] er mora, Mari Olsdotter Bakke (fødd 1841? 1843?), oppført som tenestejente på Gullbakke. Barnefaren er Torstein (Tosten) Kvåle (f. 1838), gardbrukar på Nørdre Kvåle, men framleis ungkar, 38 år gammal. Han gifta seg to år seinare med ei anna jente. Mari Olsdotter gifta seg aldri. Ho og dottera vart buande på Grimstadmoen, ein plass under Nordistun Grimstad i same grenda som Bakke og Gullbakke.

Hans Marius Grimstadmo levde sjølv ugift all sin dag, og skaffa seg aldri sin eigen heim.

Ein vanskeleg oppvekst

Dei fyrste barneåra budde Hans Marius dels hjå mor si i Kristiania, dels hjå bestemora i Skjåk. Han kom til Skjåk fyrste gongen da han var 1 ½ år gammal. Da han vart litt større, kunne mor hans ta seg av han att i Kristiania, og han byrja skulegangen på Lakkegata skole der. Hanna Moe bytte bustad mange gonger så lenge vi kan følgje henne i kjeldene 1898–1906. Alle adressene var innanfor dei typiske arbeidarstroka Grønland og Grünerløkka. Det var eit par ulike husnummer i Lakkegata, det var Øvre gate og Breigata, og altså Helgesens gate da guten hennar vart fødd. Ho har yrkestittelen «Sypige» eller «Syjomfru» i kyrkjeboka og adressebøkene. I folketeljinga 1900, da bur Hanna i Lakkegata 16,[3] er yrket nærare forklart. Ho syr herreklede (bukser og vestar) for ein kjøpmann som lagerfører varene. Hans Marius er i same folketeljinga registrert hjå bestemora i Skjåk,[4] men kom altså til mor si att da han nærma seg skulepliktig alder.

Før ho kom til Kristiania hadde Hanna vore tenestejente hjå sokneprest Bergquist i Skjåk, og ho følgde med prestefamilien da dei flytta til nytt kall på Lesja i 1892 eller -93. Kva tid Hanna slo seg til i Kristiania har vi ikkje nærare kjennskap til, anna enn at det altså må ha vore før Hans Marius vart fødd i april 1898.

Hans Marius opplever det tragiske at mor hans døyr da han var i niårsalderen. Dødsårsaka er ukjent og tidspunktet usikkert. Det har førebels ikkje lykkast å finne gravferdsinnførsel i kyrkjebøkene. I alle høve kom han nå attende til bestemor si, Mari på Grimstadmoen i Skjåk. Heimen der var ei «snau stugu» utan jord og husdyr. I folketeljinga 1900 er det opplyst at ho livnærer seg som budeie og ved spinning og veving. Ho var da bortimot 60 år gammal. I neste folketeljing, 1910, er ho oppført som dagarbeidar. Etter bestemor si vart Hans Marius jamt kalla Mari-Hans.

Så skjer det at også bestemora, den einaste omsorgspersonen han nå hadde, brått døyr. Det skjedde tre dagar etter at Hans Marius fylte 14 år. Dødsårsaka er nøkternt notert i kyrkjeboka: «Selvmord ved Hængning (sindsyg)».[5] Om diagnosen på sinnsjukdom hadde bakgrunn i observerte psykiske problem over tid, eller det berre var ei lettvint forklaring på det grusomme som hadde skjedd, er uråd å vite.

Nå vart det for Hans Marius å greie seg sjølv som arbeidshjelp på gardane i grenda. Det hadde han heilt sikkert halde på med allereie lenge, som gjetargut og med anna gardsarbeid som vart rekna som høveleg for smågutar. Det var særleg eit par tre gardar der han hadde skyldfolk som tok seg av guten, og der han også periodevis hadde tilhald seinare i livet.

Hans Marius vart konfirmert i Skjåk kyrkje den 19. oktober 1913.[6] Presten har gjeve han ng (nogenlunde godt) i kristendomskunnskp, den dårlegaste ståkarakteren. Det skuldast neppe manglande evner, men heller sviktande motivasjon og mangelfull skulegang. Han fortalde i vaksen alder sjølv kor han vantreivst på skulen. Derfor skulka han ofte, sjølv meinte han det måtte ha vore bortimot halve skuletida. Ofte tilbringa han skuledagen i skjul på ein låve på husbondsgarden Grimstad.

Yrkeslivet

Eit arbeidslag på Dovrebanen ca. 1918. Hans Marius Grimstadmo nr. 2 frå venstre. Fotograf: Ukjent. . Eigar: Skjåk Historielag.

Som konfirmert femtenåring var Hans Marius å rekne som vaksen arbeidskar. Dei følgjande tre-fire åra var han på vanleg gardsarbeid. I 1917 fekk han arbeid på jernbaneanlegget over Dovrefjell. Der var han i tre år. I folketeljinga 1. desember 1920 bur han i Skjåk med oppgjeve yrke nettopp som «jernbanearbeider». Hans Marius rekna nok tida ved Dovrebana som den meir eventyrlege delen av si yrkesgjerning, og han kom stadig attende til dette når han var i humør til å fortelje om seg sjølv.

Anleggsarbeid vart det knappare om i dei økonomisk vanskelege mellomkrigsåra. I mange år vart det gardsarbeid i Skjåk att for Hans Marius, heilt til han fekk arbeid i skogen, som så vart hans faste tilvere resten av det yrkesaktive livet. Fyrste teigen han hogg var i den private Lykreskogen 1924-25. Sidan arbeidde han for Skjåk Almenning. Store delar av året heldt han frå nå av til i Billingsdalen, der dei største og beste skogstrekningane i Ålmenninga fanst. Han budde i seterhus, tømmerkoier og på gardane Sagen og Glitne. På 1950-talet hadde han fast tilhald på Pollfoss Turistheim, der han hadde tilsyn med det vinterstengde hotellet. Tømmerdriftene gjekk mest føre seg om vintrane. Sommarstid vart det meir onnearbeid og tilfeldige oppdrag. Hans Marius var dessutan nokså fast hjelpesmann i tjørebrenninga som gjekk føre seg i Billingsdalen, mest ved mila hans Olav Viken.

Alderdomen

Rundt 1960 flytta Hans Marius frå Billingsdalen ned i bygda att, der han i 6–7 års tid budde i Gammelstugu på Søre Prestgarden. Han fekk problem med det eine auget, som han til slutt måtte operere bort. Mot slutten av 1960-talet budde han ei tid hjå Torø og Hans Sagen i Billingsdalen, til han fekk plass på Skjåkheimen rundt 1970. Der vart han verande til han etter eit kortare sjukeleie døydde i 1985.

Drapsmistenkt

Hausten 1928 skjedde ei tragisk ulykke på Aursjoen, eit fjellvatn i Skjåk. To karar drukna. Dei var på veg til bygda for å hente meir brennevin til seg sjølve og to kameratar som var att i fiskebua der dei hadde festen sin. Dei vart attfunne våren året etter. I mellomtida vart saka etterforska som mogleg drapssak. Dei to som var att i hytta, vart haldne som mistenkte. Den eine av dei var Hans Marius. Båe karane vart reinvaska som uskuldige da dei to forulykka vart funne. Men saka gjekk hardt innpå Hans Marius. Han åtte ikkje valdstendensar og slost aldri, ikkje eingong i fylla. Men full var han ikkje så reint sjeldan, det står ikkje til å nekte.

Personlegdom og livsstil

Hans Marius søkte alkoholrus så sant det var noko brukeleg drikke å få tak i. Det kunne vere øl og kjøpebrennevin i betre tider, og alle slags tenkjelege surrogat når det var meir vanskeleg med forsyningar. Heimebrent, denat (denaturert sprit), hårvatn, jamvel skokrem og parafin skal han ha prøvd ut. Slik sett var han vel alkoholikar. Men var det ikkje høve til rus, fungerte han heilt fint som edrug arbeidskar i vekes- og månadsvis om gongen.

Mange såg på han som ein bygdeoriginal. Og det var vel ikkje så rart når han var observert syklande bygda på langs og tvers på sin utkjende gamle blå sykkel, og når han ikkje så sjeldan fanst att i ei grøft, på ei butikktropp eller andre ukurante stader der han sov ut rusen. Han fornya ikkje garderoben sin i utrengsmål, og var lite nøye med personleg hygiene. Han bør likevel ikkje rubriserast som noko sosialt kasus. Han livnærte seg ved eige arbeid, rett nok med smålåtne krav til materiell levestandard, og altså med ein livsstil som skilde seg noko ut.

Han var intellektuelt godt utrusta, og på visse felt ekstra kunnskapsrik, om enn skulegangen hadde vore så som så. Særleg interesserte han seg for bygde- og slektshistorie. Han var glad i folkemusikk og beundra over alle meisterspelemannen Torkjell Auale (1863–1940), som han kjende personleg heilt frå oppvekståra i Skjåk. Hans Marius prøvde seg også sjølv med felespel, utan at det kan seiast å ha vore særleg vellykka. Han las avisene grundig og følgde med i tida. I motsetnad til arbeidskameraten og venen Olav Viken, som var ein sentral mann i arbeidarrørsla i bygda, engasjerte Hans Marius seg ikkje i politikk og samfunnsliv. Den politiske innstillinga, i den grad han uttala seg om slikt, var heller på høgresida.

Referansar

Kjelder og litteratur