Hans Moen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. feb. 2016 kl. 13:13 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Moen

Hans Moen (fødd 1. januar 1901, død 16. november 1965) frå Jostedalen i Sogn og Fjordane var snikkar og politikar. Han var frå garden Moen og var son av snikkar og gardbrukar Halvor Hermundson Moen (1867-1942) og Kari Nilsdotter Ormberg (1869-1942). Han var nummer seks i ein syskenflokk på tolv.

I ung alder flytte Hans Moen til Odda og livnærte seg som fabrikkarbeidar. Seinare flytte han attende til Moen og livnærte seg sidan som snikkar. Mellom anna stod han føre bygginga av ungdomshuset Dølaheimen i lag med broren Anders i 1924. Han var ei tid kring 1930 òg lærar på ein sløydskule i Jostedalen.

Moen var lokalpolitikar for Arbeidarpartiet og vart vald til formannskapsmedlem og varaordføar i Jostedalen i 1932-34, eit ombod han òg hadde i dei to neste valbolkane (1935-37 og 1938-40). Som varaordførar møtte han på fylkestinget sommaren 1936. Dei to fyrste periodane var H.N. Bruheim frå Venstre ordførar. Etter valet i 1937 vart Ove Wangensten Haug frå Arbeidarpartiet ordførar. Etter at Haug flytte til Skjåk i 1939, vart Moen ordførar, og han hadde ombodet til han vart avsett av nazistyret i oktober 1941. Varaordførar Kristian Vigdal, også frå Arbeidarpartiet, vart då oppnemnd til ordførar av Innanriksdepartementet.

Moen var ugift.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Ove Wangensten Haug 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Kr. Vigdal