Hans Nielsen Hauge i Hemne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Forkynnaren Hans Nielsen Hauge var på vitjing i Hemne to gonger: i 1802 og 1803. Under desse opphalda dreiv han både med forkynning og praktisk arbeid. Mange av hemnværingane slutta seg til haugianismen som eit resultat av desse vitjingane.

Frå Lensvik til Hemne

Det er opphaldet i 1802 vi veit mest om. I april månad kom Hauge gåande over fjellet frå Lensvik ned til Snillfjord. Her tok han inn på garden Snilldal.

Vekkjing og praktisk arbeid

Ein preikesundag tala han med og forkynte for folket som hadde samla seg på kyrkjebakken etter at gudstenesta var over. Mange vart gripne av preika hans. Men det var òg dei som spotta, eller dei ergra seg over at ein ulærd bonde gav seg til å lære folket frå Bibelen. Ein skulemeister som heitte Hans Isaksen var mellom dei siste. Han ropa: ”Såminsant, di som e presta, di må rop’ høgt, dem gje sæ ut for presta, å dem kann ittje katkjesboka”. Då gjekk Hauge bort til Isaksen og sa: ”Si meg De som jeg hører er skoleholder, hvorfor har Gud lagt forgjettelsen til det fjerde bud og ikke til de tre første?” (Sødal 1968: 69). Til dette kunne ikkje Isaksen gje noko svar, og han sa ikkje imot Hauge meir.

Same dagen tala Hauge for mange menneske på Kyrksæterøra, sentrum i Hemne. Tala hans gjorde sterkt inntrykk på folket, og mange av hemnværingane vart nok med i Hauge-rørsla etter dette. Hans Isaksen var også mellom dei. Etter å ha høyrt tala, skal han visst ha sagt: ”Guds Ånd må tale gjennem dette Menneskje” (Sødal 1968: 69).

I tillegg til det reint andelege, skal Hauge også ha rettleid folk i jordbruksarbeid og laga ein plog under dette opphaldet i Hemne.

Lokale haugianarar

Særs mange av innbyggjarane i Hemne vart med i Hauge-vekkjinga. Vi anar litt av omfanget om vi les eit notat frå dagboka til embetsmannen Christian Pram i 1804:

I samtlige søbygder, men iser i Hevne, havde sværmeren Hans Hauges prædigener skaffet sekten så mange proselyter, at nesten hele Hevnes befolkning hørte dertil. (Sitert etter Orten 2000: 345).

Nokre viktige namn i krinsen av haugianarar i Hemne var: Erik Sagen, Daniel Strøm Lossius, Elias Hansen Heimsjø og Erik Olsen Holden. Heimsjø og Holden gjekk også heilt frå Hemne til Christiania for å vitje Hauge på garden hans, Bredtvet. Elles vart kontakten med Hauge heldt ved like gjennom brevskriving.

Kjelder

  • Aune, Kolbjørn: Hemneboka, band 2, 1979.
  • Aune, Kolbjørn: Tradisjonskalender 2005 for Hemne og Snillfjord.
  • Orten, Per Eilert: Den nye dagen gryr. Bygdabok for Aure 1800 – 1900, 2000.
  • Sødal, Henrik: Hans Nielsen Hauge og lesarane i Hemne, 1968.