Hans Rasmus Astrup (1754–1827)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Hans Rasmus Astrup (1754-1827) var fødd i 1754 i Ørskog prestegjeldSunnmøre, der faren Nils Astrup var sokneprest. Mor til Hans Rasmus var Gjertrud Brandal. Etter teologisk embetseksamen vart Hans Rasmus Astrup i 1787 personleg kapellan for faren i Ørskog. Etter eit kort opphald i StangvikNordmøre, vart han i 1797 residerande kapellan i Leikanger i Sogn. I 1805 vart han så sokneprest i Grytten prestegjeld i Romsdal. Her døde han i 1827.

I 1791 vart han gift med Pauline Susanne Tønder (1768-1834), dotter til soknepresten i Stranda prestegjeldSunnmøre, Ebbe Carsten Tønder. Paret fekk seks born, men berre to vaks opp.

Hans Rasmus Astrup var valmann for Grytten våren 1814.

Kjelder og litteratur