Hans Schikkelstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreHans Hansen Schikkelstad (fødd i Vardal i nåverande Gjøvik kommune 4. september 1789, død same stad 29. mars 1843) var gardbrukar, handverkar, industrigründer og politikar. Hans liv og næringsverksemd teiknar eit klassisk bilete av den tidlege industrialiseringa, frå handverk og husindustri over forlagsorganisering av produksjonen til moderne fabrikkdrift. Han grunnla Brusveen Staaltraad og Spigerfabrik, som over dei neste to-tre generasjonane skulle utvikle seg til industribedrifta Mustad & Søn, som i dag er eit verdsomspennande konsern.

Schikkelstad var den fyrste ordføraren i Vardal frå 1838. Han var stortingsmann for Kristians Amt i 1833, i det tiåret da bondepolitikken fekk sitt store gjennombrot.

Bakgrunn og familie

Hans Schikkelstad var fødd på garden Nedre Bråstad i Vardal, der foreldra hans var gardbrukarar. Foreldra var Hans Haldorsen Bråstad (1734-1800) og Mari Pedersdt. Ådnes. Faren hadde vore gift ein gong før, med Margrete Jensdt. Sogstad frå Toten (1734-1763). Hans hadde to halvsysken (Jens, fødd 1762, som vart far til stortingsmann Peder Fauchald, og Margrete, 1763-1839, som vart gardbrukarkone på Nordre Bråstad). Han hadde tre heilsysken, og han var den yngste i syskenflokken.[1]

Nedre Bråstad var ein gard av solid storleik. I følgje folketeljinga 1801 låg det fem husmannsplassar til garden.[2] Det budde tre innerstar (leigebuarar) der. Den eine av dei var spinnerske, og to karar var dagleigarar. Det var fem tenestefolk. På det tidspunktet hadde Hans Hansens halvbror Peder overteke drifta, da faren var død året før. Hans var 14 år gammal og budde heime. I 1808 var det registrert 8 hestar, 20 kyr og 20 sauer på garden.[3]

Hans Schikkelstad vart gift med Marte Gulbrandsdt. Etnestad eller Etnestrand, frå Ringsaker.[4] Dei fekk tre born: Nils (1814-1834), Anne Marie som vart gift med Ole Mustad og Kristine Fredrikka som døydde tre år gammal.

Gardbrukar, handverkar, forleggar

Hans og Marte Schikkelstad vart gardbrukarar på Skikkelstad, som Hans hadde kjøpt i 1809. Det var ein gard av liknande storleiksorden som Nedre Bråstad. I 1801 hadde garden tre husmannsplassar. Gardssamfunnet bestod da av i alt 38 menneske, og det var eit markant innslag av handverkarar der. To innerstar som var høvesvis skreddar og spinnerske. Den eine husmannen og sonen hans var skomakarar.[5] Dette handverkarpreget skulle berre bli sterkare da Schikkelstad overtok garden, og det utvikla seg til å bli husindustri.

Frå ungdomen hadde Hans Schikkelstad sjølv fått opplæring i handverk, og han er omtala som både sølvsmed og klokkestøypar. Samstundes som han tok til som gardbrukar på Skikkelstad, sette han i gang med produksjon av karder, som var eit etablert salshandverk i bygda. Både dei tilsette og plassfolket på garden hans, og dertil andre arbeidsfolk ute på bygda var engasjerte i produksjonen. Schikkelstad skaffa materialane som skulle til, og han sytte for avsetnaden av produkta. Det var altså ei forlagsbasert verksemd. Noko av det viktigaste råmaterialet var ståltråden, som Schikkelstad sjølv byrja å importere, både til si eiga verksemd og til andre kardemakarar i bygda. Ståltråden kom frå Sverige, frå Rosings fabrikk i Fredrikstad, Hafslund i Sarpsborg og frå kjøpmann Thomassen i Christiania.[6]

Fabrikkeigar

I 1832 sette så Schikkelstad i gang ståltrådproduksjon lokalt, da han grunnla Brusveen Spiger- og Staaltraadfabrik. Dei fyrste to åra var dette i partnarskap med Ole Hunn. Fabrikken vart bygd på garden Brusveens grunn og fekk vasskraft frå Hunnselva. Schikkelstad hadde kjøpt garden for å skaffe grunn til fabrikken, og nokre år seinare, i 1838, busette han og kona seg der. Tre år seinare flytta også dottera og svigersonen inn der.

Fabrikken fekk raskt bortimot 30 tilsette. Avsetnaden gjekk dei fyrste åra via landhandlarar på Opplanda, men rundt 1840 kan ein sjå at fabrikken har kundar over store delar av Austlandet, Sørlandet og Vestlandet. Ved Schikkelstads død 1843 heldt drifta fram i regi av enkja Marte og svigersonen

Ei tid var Schikkelstad medpaktar på Gjøvik Glasverk,[7] som vart sett i gang frå 1806 ved utløpet av Hunnselva i nåverande Gjøvik by, litt nedanfor Brusveen.

Politikar

Hans Schikkelstad engasjerte seg allereie som ung mann i politikk og samfunnsliv, og fekk raskt ein posisjon i bygda. Det kan ein sjå mellom anna av at han var med blant underskrivarane på adressa til Christian Frederik da Vardal avla eid til sjølvstendepolitikken 4. mars 1814.[8]

I 1810 vart det i Vardal oppretta eit slags kommunestyre, 27 år før formannskapslovene. «Alle Almuesmænd og Gaardopsiddere i Vardal Præstegjæld» 25 underskrifter) valde ein rekneskapsførar og eit representantskap til å bistå han, diskutere og fatte beslutningar i saker som vedkom alle «Almueregnskaber» (kyrkje, vegvesen, ålmenning m.m.)[9] Hans Schikkelstad var ein av dei fire valde representanatane. Han var på det tidspunktet 21 år gammal.

Da det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837, vart Schikkelstad vald til bygda sin fyrste ordførar (1838-1839). Da hadde han bak seg ein periode som stortingsrepresentant. Han var 2. suppleant (vara) til «bondestortinget» 1830, og vart innvald som 4. representant for Kristians amt til Stortinget 1833. Der sat han for øvrig saman med nevøen Peder Fauchald. Schikkelstad var medlem av militærkomiteen på Stortinget.

Schikkelstad sat i styret for Christians Amts Landhusholdningsselskab, som var i verksemd 1830-1837.[10]

Referansar

  1. Lauvdal, T. 1941:297.
  2. Mal:Folketelling person
  3. Pryser, T. 2013:76
  4. «Etnestad» hjå Lauvdal, T. 1941:360, «datter av gaardbruker Gulbrand Olsen Etnestrand, Ringsager» hjå Lindstøl, T. 1914.
  5. Skikkelstad i folketelling 1801 for Vardal fra Digitalarkivet
  6. Tranberg, A. 2007:195.
  7. Lindstøl. T. 1914.
  8. Vardals adresse til Christian Frederik 4. mars 1814, kopi av original og transkribert
  9. Lauvdal, T., 1930:227-232.
  10. Lauvdal, T. 1930:232.

Kjelder og litteratur

  • Lauvdal, T.: Lauvdal bygdebok.: bd. I (1941), bd III (1930) og bd IV (1933).
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914, bd. 1, Kristiania 1914.
  • Pryser, Tore: 1814 i Oppland. Bønder, øvrighet og soldater, Pax forlag, Oslo 2013.
  • Tranberg, Anna: «Husindustri i totenbygdene på 1700- og 1800-tallet», i Heimen nr. 3 2007.