Hans W. Brimi

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. feb. 2014 kl. 19:03 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Hans W. Brimi''' (fødd i Vårdalen i Lom 22. desember 1917, død 14. juni 1998) var bonde og felespelar – «ei malmfuru i den norske spelem...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hans W. Brimi (fødd i Vårdalen i Lom 22. desember 1917, død 14. juni 1998) var bonde og felespelar – «ei malmfuru i den norske spelemannstradisjonen» som rektor ved Ole Bull Akademiet, Jostein Mæland introduserte han som ved eit arrangement i Sævelid.

Bakgrunn

Hans vaks opp som odelsgut på Nørdre Brimi. Han fortalde sjølv at det var hausten 1926, da han var ni år, at han oppdaga «den eventyrverda folkemusikken er».[1] Da var det beball på garden og «trollmannen med fela», Ola Moløkken – «Lykkjen», spelte. Den var da «ei dør hadde opna seg, Innanfor fanst sjølve eventyrverda, av tonar, dans og liv».[2] Dagen etter ballet laga han si første fele, og ei veke seinare spelte han på ho for tenestfolket på garden.

Det var altså tenestfolket som introduserte Hans for folkemusikken. Far hans, Willi, var fødd i USA og kom ikkje att til Lom før han var elleve år i lag med foreldra sine, som hadde drive farm og forretning. Willi og kona Anna, dreiv Nørdre Brimi i tillegg til at han dreiv forretning på Fossbergom. Hans var den eldste av fem sysken.

I ungdomstida spelte Hans mykje i Vårdalen Ungdomslag. Fyrste gongen han spelte i NRK var i 1935. Medan han spelte, lista «Alfred Maurstad seg inn i studio. Han var hardingfelespelmann og skulle spela i radioen han med. Nå sette han eine foten sin på min venstre. Slik vart han ståande så lenge det let i fela mi. Eg trampa takten for hardt!»

Hans og kona Aslaug overtok drifta på garden i 1946. Dei fekk fem barn, to gutar og tre jenter. I 1964 bygde Hans nytt fjøs på garden, det første lågfjøset i grenda. 1975 gav han frå seg garden til eldstesonen, Willi. På 70- og 80-talet var Hans så «farande dansemusikar med eigen kvartett og kvintett» over store delar av Sør-Noreg – til og med på Club 7 i Oslo.

Frå 1973 og i over 20 år reiste Hans for Rikskonsertane i lag med «blåseinstrumentfenomenet» Geir Egil Larsen.[3] Ingen spelemann skal ha reist meir for Rikskonsertane.

I siste del av 70-åra vart Hans òg engasjert av styraren for folkemusikkavdelinga i NRK, Rolf Myklebust, til å vere med på å samle inn folkemusikk kringom i landet, dei siste åra åleine. Da reiste han på lokale kappleikar og presenterte stoffet i radioen.[4]

Lom Spelemannslag

Spelmennene i Gudbrandsdalen nytta det som er kalla vanleg fele eller flatfele, medan det eigentleg var hardingfela som var instrumentet i folkemusikkmiljøet . Etter kvart var den vanlege fela godteken, og i 1954 vart Landskappleiken lagt til Lom.

Da Lomsspelmennene fekk høve til å arrangere denne landskappleiken, kalla dei spelemannslaget sitt for «Jakup Lom», etter storspelemannen Fel-Jakup. Men da Skjåkspelmennene kalte seg «Fel-Jakup», vart begge samde om å skifte til høvesvis «Lom Spelemannslag» og «Skjåk Spelemannslag».

Utanlandsturnear

I 1976 var Hans på to utanlandsturnear, først om sommaren til Island og så om hausten i «det norske Amerika» i lag med Jon Faukstad. Der trefte dei spelemenn som spelte leikar frå Gudbrandsdalen som bestefedrane hadde hatt med seg på 1800-talet.[5]

Seinare vart det ny Amerika-turne i 1978, og i 1992 var Hans invitert til ein internasjonal folkemusikkfestival i Rodolstadt i det tidlegare Aust-Tyskland.

Heider og omtale

Hans W. Brimi er i alle fall heidra med:

  • Kulturpris for Gudbrandsdalen 1965
  • Torkjell Haugerud-prisen i 1975
  • Kongens fortenesmedalje i gull 1988
  • Hilmar Alexandersens minnepris i 1995
  • Selstreff-prisen i 1995
  • Kulturprisen for Lom i 1996

«Ein av dei det er skrive opp flest melodiar etter i dei to første binda av ‘Slåttar for vanleg fele’ er HWB frå Lom. Han hadde eit enormt repertoar.»[6] Hans hadde i alt 13 fyrsteplassar på Landskappleiken, komponerte over 50 slåttar og var aktiv formidlar og førelesar ved Ole Bull Akademiet på Voss i fleire sesongar.

Hans var òg heidersmedlem i Landslaget for spelemenn.

Kjelder og litteratur

I 1996 fekk Hans kreft med spreiing, og det var etter det han fortalde om eit «uvanleg rikt og spanande liv» til forfattaren Arvid Møller. Boka frå 1997 inneheld ei stor mengd med opplevingar knytt til folemusikkmiljøet og sentrale aktørar i det rundt om i landet.

  • Faukstad, Jon 1989: «Hans W. (Willyson) Brimi», i Årbok for Gudbrandsdalen: 126–135.
  • Kolden, Jon 2000: Bygdabok for Lom 1. Gards- og ættesoge for Vårdalen: 237.
  • Ljones, Andreas Skeie 2000: «Felespel» i Årbok for Gudbrandsdalen: 30–46.
  • Møller, Arvid 1997: Den vare tonen – meisterspelemannen Hans W. Brimi. Snøhetta forlag a.s.
  • Stauri, Rasmus 1998: «Minneord Hans W. Brimi (1917–1998)» i Årbok for Gudbrandsdalen: 195–197.

Referanser

  1. Møller s. 38.
  2. Møller s. 40
  3. Møller s. 151.
  4. Møller s. 120.
  5. Møller s. 98ff.
  6. Ljones s. 44f: