Harald Kihle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Harald Kihle (fødd 3. juli 1905, død 2. august 1997) vaks opp i Borre i Vestfold, fyrst på Holtan gård like ved Borrevatn, seinare nærare grensa til Horten. Då Harald var 14 år flytta familien igjen, enno nærare kommunegrensa.

Harald gjekk på Falkensten skole. Han tok tidleg til med teikning og måling. Heimstaden låg ikkje så langt ifrå Åsgårdstrand, og Kihle fekk tidleg lære om Edvard Munch.

Det fyrste bilete Harald måla var av ein hest. Sidan fylgde hestemotivet Harald resten av karriera. På den treårige kunst- og handtverksskulen studera han m.a. anatomien til hesten. Her hadde han Eivind Nilsen som lærar. Han lot Harald låne plansjar med hestemotiv, som Harald teikna av på kveldstid. Seinare kom Harald inn på Kunstakademiet der han gjekk i tre år. Her hadde han Per Krogh som læremeister.

Harald fekk norsk/dansk kunstnarstipend, og i 1938 fekk han reise på studietur til Paris. Per Krogh hadde tidlegare heldt målarskule i Paris i lag med Marcel Gromaire som underviste på det franske kunstakademiet i Paris. Då Harald kom fram til Akademiet skulle det vise seg att klassa var full. Gromaire bad han koma att dagen etterpå, for det hendte at elevar hoppa av etter ei tid. Kihle møtte kvar dag i over ei veke, og den åttande dagen var det ledig plass i klassa. Sjølv om han ikkje kunne språket blei han verande i Paris i tre månadar.

Kihle vart tidleg fascinert av Telemark. På Universitetsbiblioteket lånte han bøker av Rikard Berge, M. B. Landstad, Olea Crøger og Hans Jacob Wille. Han las også gamle reiseskildringar frå utlendingar som vitja "Thelemarken".

1927 kom Harald til Hjartdal. Her blei han verande i omlag tre år. Seinare budde han fleire stader i Flatdal - frå garden Åse langt nord i bygda, til Nutheim. Her heldt Terje Grøstad til, og på denne tida verka Nutheim som eit "kunstnarkollektiv" for fleire av dei mest kjende kunstnarane i tida. Kihle blei verande i Flatdal frå 1931 til 1938, men hadde fleire utflukter til forskjellige bygdelag i Øvre Telemark. Han var opptatt av Myllarguten, Storegut og Guro Heddelid, og hadde fleire opphald i bygdene der ein kunne finne spor etter desse skikkelsane. Kihle flytta seinare til Smørklepp i Vinje kommune.

Ved Vinje biletgalleri i Smørklepp kan ein oppleve fleire av kunstverka til Harald Kihle. Her er også utstilt fleire måleri av Henrik Sørensen. Dei to var nære kollegaer. Biletgalleriet er del av Vest-Telemark Museum.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!