Haraldedal notlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. feb. 2010 kl. 12:36 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Ny side: Haraldedal notlag/Sundalsnota var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune. Voldasoga II, Per Årviknes s. 434 fortel etter Sjur Fyrde at då Austefjord kyrkje stod ferdig 1879 tok sundal…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Haraldedal notlag/Sundalsnota var eit notlag i Austefjorden i Volda kommune.

Voldasoga II, Per Årviknes s. 434 fortel etter Sjur Fyrde at då Austefjord kyrkje stod ferdig 1879 tok sundalsnotalaget kyrkjebåten «Gussfar» og bygde den om (la den utyve og sette speiel i) til gavlbåt for notbruk. Om dette fortel at dei opretta nytt notalag eller dei hadde not og trengde større båt er ikkje godt å vite.

Nota har truleg som dei samtidige nøtene vore organisert som ei bolkenot.

Kåre Gjersdal fortel at eigarane var: Begge bruk i Gjersdal, Engjaberg bruk 1, i Sundal Hansgarden og Bakken. Erkegarden (Sundal) og Syvergarden på Holen (Høybakk) kjøpte seg inn 1945.

Det var vanskeleg å fylje med når det var «fiskesyner» så under krigen hadde naustet dotte ned over båten og nota. No kjøpte Erkegarden og Holen Syvergarden) seg inn og notanaustet vart bygd oppatt. Det vart og kjøpt brukt båt og landnot på Vatne i Haram. Dette bruket var og dårleg og vart lite brukt, siste gongen det var i sjøen var i 1946.

Hans-Ola var siste bas i notlaget.

Notlaget eksisterar framleis og naustet er halde ved like og brukt til båt.

Kilder:

Gjersdal, Kåre f. 1927 Voldasoga II, Per Årviknes

Områdeinformasjon: Busetnadssoga for Volda band 3 (Austefjordområdet) Voldasoga band 2 og 3, Per Årviknes