Haram kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. jun. 2011 kl. 20:49 av Pmt (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Haram kommune
1534 Haram komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1534
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Brattvåg
Areal 6.76  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 6.76  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1837
Sammenslåing(er) 1965 Del av Borgund kommune samt Vatne kommune
Fradeling(er) 1965: Nordre del til Sandøy kommune
Målform nynorsk
Nettside Nettside

Haram kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot romsdalskommunane Sandøy, Midsund og Vestnes i Romsdal så vel som til sunnmørskommunane Skodje, Ålesund og Giske.

Administrasjonssenteret ligg i Brattvåg. Dei større bygdene i sør og aust er Vatne,Tennfjord og Grytastranda. I nordaust ligg Vestre. I vest og nord ligg bygdene Hildre, Søvik og øysamfunna Lepsøya, Haramsøya, Skuløya og Fjørtofta.

Den tidlegare Vatne kommune untatt unntatt Dryna og området på Midøya, blei ved kommunesamanslåinga i 1. januar 1965 slått saman med tidlegare Haram kommune til den nye storkommunene Haram. Også nordre delen av Borgund kommune med bygdene Grytastranda, Søvik og Gamlem med øyane vestafor vart overført til Haram.
Samstundes vart Myklebustområdet på Harøya med øyene vestafor (Uksøy, Storholmen mfl.) overført til Sandøy Kommune.[1]

Kommunen har fleire industribedrifter, Aker Yards i Brattvåg og Søvik, og Rolls-Royce i Brattvåg, Tennfjord og på Longva (Haramsøya). Frå 1990-åra opplevde industrien mangel på arbeidskraft og måtte importere arbeidskraft, hovudsakleg polakkar.

Det er seks kyrkjer i Haram kommune, Haram kyrkje på Haramsøya,Fjørtoft kyrkje på Fjørtofta, Hildre kyrkje på Hildre, Brattvåg kyrkje i Brattvåg, Vatne kyrkje på Vatne og Hamnsund kyrkje i Hamnsund.

Nokre personer fra Haram

Eksterne lenkjer

Kilder

Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.[1]

  1. Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.[1]