Hardanger Fartøyvernsenter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Hardanger Fartøyvernsenter sin logo

Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er ei stifting som samstundes er både eit museum og eit levande verft i Norheimsund i Hardanger. Stiftinga vart etablert i 1984 og har mange ulike tenester innan fartøyvern, nybygging og restaurering av klinkbygde småbåtar, og museumsverksemd. Ho er óg aktiv innanfor attføring av vanskelegstilt ungdom, lærlingeplassar, leirskule og reiseliv. Sidan 2007 er senteret ei eining i Hardanger og Voss museum. Norsk Kulturarv tildelte HFS og SJ «Mathilde» Olavsrosa i 1999.

HFS eig tre farty, hardangerjakta Mathilde, motoryachten Faun og kutteren Vikingen. I 1996 fekk senteret status som nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern av Riksantikvaren, og det er godkjend av staten som offentleg barnevernsinstitusjon.

Verftet er navet i HFS sin verksemd. Her gjeras det praktiske restaureringsarbeidet, ofte er det store og krevjande restaurerings- og dokumentasjonsoppdrag. Restaureringa fylgjer antikvariske retningsliner, så lite som mogleg skiftes ut og det som vert skifta blir erstatta av material med same kvalitet og lik handverksmessig utføring som det gamle. Målsetjinga er at fartøya skal vernast som flytande kulturminne. Eit anna viktig mål er å føre handverkskunnskapen som elles ikkje er aktuell i vanlege kommersielle samanhengar vidare. I 2003 hadde verftet 22 tilsette: ein skipsingeniør, trebåtbyggjarar, reipslagar, fartøyvernkonsulentar og mekanikar/smed. På verftet kan óg opp til seks lærlingar væra tilsett.

Ulike oppgåver innan båtbygging, restaurering, trearbeid på stålfartøy, smed- og mekanisk arbeid, reipslaging, rigging av seilfartøy, synfaring og tilstandsvurdering av fartøy og prosjektering utføras av HFS.

Farty HFS har arbeidd på

Utmerkingar

  • 1989 - Forbundet KYSTEN sitt landsstemne: Best restaurerte dekka fartøy (istandsetjing av hardangerjakta Mathilde).
  • 1995 - Forbundet KYSTEN sitt landsstemne: Beste kopibygde småbåt.
  • 1997 - Den norske båtbransje sin pris.
  • 2000 - Forbundet KYSTEN sitt landsstemne: Beste håndverker (istandsetjing av SJ «Brødrene af Sand»).
  • 2001 - Scandinavian Travel Award - Beste turistprodukt i Norden. Det tyske forlaget Nordis.
  • 2005 - Forbundet KYSTEN sitt landsstemne: Best restaurerte fartøy (istandsetjing av MY «Faun»).

Båter i Tradisjonsbåtregisteret

Kilder og litteratur

Koordinater: 60.365845834° N 6.1482238769° Ø