Haugåsen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Haugåsen er eit byggjefelt på Gjerde i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Haugåsen er det gamle namnet på området, som er den skogkledde lia på nordsida av Krundøla nedanfor garden Haugen i Krundalen.

Området vart kjøpt av Luster kommune og fråskilt bruket Helletun (gnr. 207/4) som bnr. 24 ved delingsforretning 24.8.1981. Den 17.12.1982 fekk kommunen skøyte på eigedomen Fjellhaug som Sogn billag hadde ått sidan 4.8.1951. Etter dette utgjorde tomtefeltet 36.206 m2.

I 1981 sette Luster kommune opp Jostedal eldresenter på ein del av området, og i 1983 vart det oppdelt i 25 bustadtomter. Det er seinare sett opp hus på ei rekkje av desse.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 798-803. (Digital utgåve, NBdigital)