Haugen (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Bruk: presisering om bnr. 2)
(lagt til personar frå)
Linje 40: Linje 40:
*[[Flatejordi (Jostedalen)|Flatejordi]], rydda i 1741 som plass under bnr. 1, fråflytt 1746 og oppatteken kring 1828. I 1858 vart plassen delt i to. Båe plassane vart utskilde som bnr. 4 i 1908
*[[Flatejordi (Jostedalen)|Flatejordi]], rydda i 1741 som plass under bnr. 1, fråflytt 1746 og oppatteken kring 1828. I 1858 vart plassen delt i to. Båe plassane vart utskilde som bnr. 4 i 1908
*Baggetun, rydda kring 1801 og delt i to i 1845. Den eine plassen vart utskild som bnr. 3 i 1899, og den andre plassen nedlagd like etter hundreårsskiftet.
*Baggetun, rydda kring 1801 og delt i to i 1845. Den eine plassen vart utskild som bnr. 3 i 1899, og den andre plassen nedlagd like etter hundreårsskiftet.
==Personar frå Haugen==
*[[Daniel Kjeppe]] (ca 1575-ca 1654, gardbrukar
*[[Torstein Espe]] (ca 1595-ca 1665), gardbrukar
*[[Anders Andersson Haugen]] (1786-1869), gardbrukar og ordførar
*[[John Andersson Haugen]] (1819-1889), gardbrukar og ordførar
*[[Anders Andersson Haugen (1809-1882)]], gardbrukar


==Litteratur==
==Litteratur==

Sideversjonen fra 5. mai 2011 kl. 08:08

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Haugen (Luster, gnr. 206) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den austlegaste i Krundalen og grensar i vest mot Hellegård og i nord mot Mjølver. Grensa mot sør går langs Krundøla og mot aust langs Jostedøla, men området i hovuddalføret (Haugåsen og Gjerde) har vore og er prega av stor teigblanding der alle gardane i Krundalen har skogteigar. Heimane under Haugen sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Matrikkelgarden femner òg om delar av området i hovuddalføret som utgjer bygdesentrumet Gjerde. Haugen har gjeve namn til Haugabakkane, Haugåsen, Hauganosi, Haugafjellet, Haugafjellstølen m.m.

Gjerde på sørsida av Krundøla var formelt matrikulert under Haugen fram til 1838 då området med den dåverande husmannsplassen vart matrikulert under Hellegård (sjå Flatejordi).

Den gamle Haugastova står på De Heibergske Samlinger - Sogn FolkemuseumKaupanger.

Bruk

  • Bnr. 1 Haugen - det gamle hovudbruket
  • Bnr. 2 Flatejordsøyane (Haugen) - utskild frå bnr. 1 i 1853 og låg attmed tunet til hovudbruket til det vart flytt ned i Flatejordsøyane etter utskiftinga 1953/54
  • Bnr. 3 Baggetun - utskild frå bnr. 2 i 1899, tidlegare husmannsplass
  • Bnr. 4 Flatejordi - utskild frå bnr. 1 i 1908, tidlegare husmannsplass
  • Bnr. 5 Hjellhaug - utskild frå bnr. 1 i 1935
  • Bnr. 7 Bergheim - tomta som samvirkelaget låg på, utskild 1946 frå sameiga til fleire av bruka under Haugen

Husmannsplassar

Det er registrert fire husmannsplassar under Haugen.

  • Flatejordi, rydda i 1741 som plass under bnr. 1, fråflytt 1746 og oppatteken kring 1828. I 1858 vart plassen delt i to. Båe plassane vart utskilde som bnr. 4 i 1908
  • Baggetun, rydda kring 1801 og delt i to i 1845. Den eine plassen vart utskild som bnr. 3 i 1899, og den andre plassen nedlagd like etter hundreårsskiftet.

Personar frå Haugen

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 748-780. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Haugen», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk