Haugen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. apr. 2011 kl. 19:39 av Oddloho (samtale | bidrag) (Grenser for garden)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks gard (nynorsk)

Haugen (Luster, gnr. 206) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den austlegaste i Krundalen og grensar i vest mot Hellegård og i nord mot Mjølver. Grensa mot sør går langs Krundøla og mot aust langs Jostedøla, men området i hovuddalføret (Haugåsen og Gjerde) har vore og er prega av stor teigblanding der alle gardane i Krundalen har skogteigar.

Matrikkelgarden femner òg om delar av området i hovuddalføret som utgjer bygdesentrumet Gjerde. Haugen har gjeve namn til Haugabakkane, Haugåsen, Hauganosi, Haugafjellet, Haugafjellstølen m.m.

Den gamle Haugastova står på De Heibergske Samlinger - Sogn FolkemuseumKaupanger.

Bruk

  • Bnr. 1 Haugen - det gamle hovudbruket
  • Bnr. 2 Flatejordsøyane (Haugen) - utskild frå bnr. 1 i 1853
  • Bnr. 3 Baggetun - utskild frå bnr. 2 i 1899, tidlegare husmannsplass
  • Bnr. 4 Flatejordi - utskild frå bnr. 1 i 1908, tidlegare husmannsplass
  • Bnr. 5 Hjellhaug - utskild frå bnr. 1 i 1935
  • Bnr. 7 Bergheim - tomta som samvirkelaget låg på, utskild 1946 frå sameiga til fleire av bruka under Haugen

Husmannsplassar

Det er registrert fire husmannsplassar under Haugen.

  • Flatejordi, rydda i 1741 som plass under bnr. 1, fråflytt 1746 og oppatteken kring 1828. I 1858 vart plassen delt i to. Båe plassane vart utskilde som bnr. 4 i 1908
  • Baggetun, rydda kring 1801 og delt i to i 1845. Den eine plassen vart utskild som bnr. 3 i 1899, og den andre plassen nedlagd like etter hundreårsskiftet.

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 748-780. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Haugen», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Mal:Infoboks gardsbruk