Haugen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 25. jan. 2016 kl. 13:34 av Cnyborg (Samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugen
Johannes flintoe krundalen 1834.jpg
Utsikt frå Haugen. Akvarell av Johannes Flintoe ca 1834 etter ei skisse frå vitjinga hans i Jostedalen i august 1822.
Alt. namn: Houg (1600)
Fyrst nemnd: 1600
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 206

Koordinater: 61°37′59″ N 7°14′44″ Ø


Haugen (bnr. 1) sett frå sørvest

Haugen (Luster, gnr. 206) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden er den austlegaste i Krundalen.

Heimane under Haugen sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Den gamle Haugastova står på De Heibergske Samlinger - Sogn FolkemuseumKaupanger.

Området til garden

Haugen grensar i vest mot Hellegård i Krundalen og i nord mot Mjølver i hovuddalføret. Grensa mot sør går langs Krundøla og mot aust langs Jostedøla, men området i hovuddalføret (Haugåsen og Gjerde) har vore og er prega av stor teigblanding der alle gardane i Krundalen har skogteigar.

Matrikkelgarden femner såleis òg om delar av området i hovuddalføret som utgjer bygdesentrumet Gjerde. Haugen har gjeve namn til Haugabakkane, Haugåsen, Hauganosi, Haugafjellet, Haugafjellstølen m.m.

Gjerde på sørsida av Krundøla var formelt matrikulert under Haugen fram til 1838 då området med den dåverande husmannsplassen vart matrikulert under Hellegård (sjå Flatejordi).

Den eldste tida

Haugen er ikkje nemnd i dei få mellomalderdokumenta ein har i Jostedalen, og det er heller ikkje gjort arkeologiske registreringar på garden. Men ein kan gå ut ifrå at det har vore mellomalderbusetnad her sidan garden ligg høgt på ein solrik og skredsikker plass.

Haugen er ikkje nemnd med namn i den fyrste skattelista ein har etter øydetida. Men der er det nemnt to brukarar under Kronen og fire eller fem under Kronnedal, så Haugen må temmeleg sikkert ha vore eitt av desse bruka.[1] Haugen er fyrste gongen nemnd i skattelista frå 1600 og har sidan etter alt å døma hatt samanhangande busetnad.

Sjølveige

Fram til 1700-talet var Haugen som resten av Jostedalen eigd av skiftande eksterne godseigarar, og brukarane var leiglendingar. Då jostedalsgodset etter 1754 vart delt mellom dei tre sønene til Christopher Munthe, var det Jens Munthe som fekk hand om Haugen. Munthe selde dei gardane han sat att med i Jostedalen i 1787, så leiglendingen Anders Paulson Haugen fekk skøyde på garden 28. juli 1787 for 250 rdl. og vart då den fyrste sjølveigaren på Haugen (sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).

Bruk

  • Bnr. 1 Haugen - det gamle hovudbruket
  • Bnr. 2 Flatejordsøyane (Haugen) - utskild frå bnr. 1 i 1853 og låg attmed tunet til hovudbruket til det vart flytt ned i Flatejordsøyane etter utskiftinga 1953/54
  • Bnr. 3 Baggetun - utskild frå bnr. 2 i 1899, tidlegare husmannsplass
  • Bnr. 4 Flatejordi - utskild frå bnr. 1 i 1908, tidlegare husmannsplass
  • Bnr. 5 Hjellhaug - utskild frå bnr. 1 i 1935
  • Bnr. 7 Bergheim - tomta som samvirkelaget låg på, utskild 1946 frå sameiga til fleire av bruka under Haugen

Sidan 1979 har bnr. 1 og bnr. 5 hatt same eigar og vore ei driftseining.

Alle bruka under Haugen har fjellstøl på Haugafjellstølen.

Husmannsplassar

Det er registrert fire husmannsplassar under Haugen.

  • Flatejordi, rydda i 1741 som plass under bnr. 1, fråflytt 1746 og oppatteken kring 1828. I 1858 vart plassen delt i to. Båe plassane vart utskilde som bnr. 4 i 1908
  • Baggetun, rydda kring 1801 og delt i to i 1845. Den eine plassen vart utskild som bnr. 3 i 1899, og den andre plassen nedlagd like etter hundreårsskiftet.

Personar frå Haugen

Notar

  1. Skattelista 1596 (Jostedal historielag); Øyane s. 748-749

Kjelder og litteratur