Hauggrend skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. mai 2011 kl. 07:36 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: '''Hauggrend skulehus.''' Hauggrend skulehus er bygd 1900. Nedlagd som skule 1993 og er i 2011 grendehus. thumb|Hauggrend skulehus (Olav Momrak-Haugan 2007) ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hauggrend skulehus.

Hauggrend skulehus er bygd 1900. Nedlagd som skule 1993 og er i 2011 grendehus.

Hauggrend skulehus (Olav Momrak-Haugan 2007)

I Fyresdal kommune har vi ei rekke skulehus med varierande utforming etter perioden dei vart bygd i. Ein periode var det skulestove og bustad for lærar i tømmerkassa, båe med inngang frå eit langsgåande bislag utanpå bygningen. Slik er det i Hauggrend bygd 1900 med skulestove og to rom for lærar, og likeeins Fardal skulehus bygd 1908.Truleg ein av Binneballes typeteikningar.

Hauggrend skulehus er mykje bygd om innvendig. Veggen mellom det eine romet berekna på lærar er teke vekk slik at det er samanhengande med skulestova. Det andre romet er blitt kjøkken. Mot tunet er det kome eit tilbygg som romar gang og handikapptoilett og også her ei utviding av skulestova slik at denne får utviding i to retningar.

Bygningen er eit sers godt fungerande grendehus for eit aktivt grendelag som sjølv eig bygningen og tomta.

Kjelder:

  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.
  • Leidulf Mydland: "Skolehusene". Artikkel i Fortidsvern 1/2007.