Heddal stavkyrkje: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(lagt til bilde)
(kat.)
Linje 83: Linje 83:
{{artikkelkoord|59.57957|N|9.17624|Ø}}
{{artikkelkoord|59.57957|N|9.17624|Ø}}
{{nn}}
{{nn}}
[[Kategori:Galleriartikkel]]

Sideversjonen fra 22. sep. 2021 kl. 11:10

Heddal stavkyrkje
Heddal stavkirke 1.JPG
Foto: Siri Iversen (2011).
Stad: Heddal
Byggeår: trolig 1200-tallet
Endringar: restaurert 1849–1851 og 1950-åra
Kyrkjegard: Heddal kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Til 1537: Den katolske kyrkje
Etter 1537: Den norske kyrkje
Bispedøme: Agder og Telemark
Prosti: Aust-Telemark
Prestegjeld: Heddal
Fellesråd: Notodden
Sokn: Heddal
Teknikk: stav
Materiale: tømmer

Heddal stavkyrkje, tidlegare kalla Hitterdalens kirke, er den største av stavkyrkjane. Ho står i Heddal i Notodden kommune, og er framleis hovedkyrkje i Heddal sokn. Sidan 1990 har soknet også hatt Heddal låvekyrkje, som vert nytta om vinteren for å spara stavkyrkja for slitasje. Kyrkja er eit viktig turistmål, og mange kjem for å gifte seg der.

Kyrkja vart truleg reist mellom 1200 og 1250. Dendrokronologisk analyse har påvist at det er noko eldre tømmer i kyrkja, så det kan ha stått ei kyrkje på staden også før den tid. Ho er reist som ei trearma korskyrkje.

Ved reformasjonen vart interiøret endra, og også seinare restaurering har ført til endringar frå det opphavlege interiøret. Kyrkja forfall kraftig etter reformasjonen. Den fyrste store restaureringa fann stad 1849–1851. Ei ny stor restaurering vart gjennomført i 1950-åra.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 59.57957° N 9.17624° Ø