Heimar og folk i Bykle/Innleiing: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Innleiinga''' til ''Heimar og folk i Bykle'' er her attgjeve ordrett frå den prenta utgåva av boka. ==Innleiing== «Gards- og ættesoge» ...)
 
({{nn}})
(3 mellomliggende versjoner av en annen bruker er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Heimar og folk i Bykle/Innleiing|Innleiinga]]''' til ''[[Heimar og folk i Bykle]]'' er her attgjeve ordrett frå den prenta utgåva av boka.
'''[[Heimar og folk i Bykle/Innleiing|Innleiinga]]''' til ''[[Heimar og folk i Bykle]]'' er her attgjeve ordrett frå den prenta utgåva av boka.
 
{{TOC right}}
==Innleiing==
==Innleiing==


Linje 167: Linje 167:
I tillegg har eg likevel funne det turvande å skøyte på med nokre sjølvtekne fotografi hist og pist. Dei fleste av desse er av hus, men eg har ikkje hatt kapasitet til å skaffe bilete av alle hus i bygda, og særleg når det gjeld dei som er bygde frå 1970-åra og frametter, vantar det ikkje så få. Eit stykke på veg har eg altså måtta halde meg til den gamle kokebokregelen om «at tage hvad man haver».  
I tillegg har eg likevel funne det turvande å skøyte på med nokre sjølvtekne fotografi hist og pist. Dei fleste av desse er av hus, men eg har ikkje hatt kapasitet til å skaffe bilete av alle hus i bygda, og særleg når det gjeld dei som er bygde frå 1970-åra og frametter, vantar det ikkje så få. Eit stykke på veg har eg altså måtta halde meg til den gamle kokebokregelen om «at tage hvad man haver».  
   
   
==Register ===
==Register ==
   
   
Gards- og ættesoger bør ha namneregister, helst ordna etter fyrenamn. Dette gjer bøkene langt lettare i bruk, og aukar dermed verdet av dei monaleg. Av praktiske og produksjonstekniske grunnar let det seg ikkje gjera å få inn namneregisteret attlengst i kvart band av bygdeboka, i så fall måtte utgjevinga utsetjast med minst eit halvår. Men under fyresetnad av at Bykle kommune, når den tid kjem, løyver pengar til det tiltaket, vil namneregisteret bli publisert som eit eige band, etter at tekstsbanda har kome på prent.  
Gards- og ættesoger bør ha namneregister, helst ordna etter fyrenamn. Dette gjer bøkene langt lettare i bruk, og aukar dermed verdet av dei monaleg. Av praktiske og produksjonstekniske grunnar let det seg ikkje gjera å få inn namneregisteret attlengst i kvart band av bygdeboka, i så fall måtte utgjevinga utsetjast med minst eit halvår. Men under fyresetnad av at Bykle kommune, når den tid kjem, løyver pengar til det tiltaket, vil namneregisteret bli publisert som eit eige band, etter at tekstsbanda har kome på prent.  


Inntil då får lesarane prøve å hjelpe seg med innhaldslista, der alle omtala verestader skal vera oppførde.  
Inntil då får lesarane prøve å hjelpe seg med innhaldslista, der alle omtala verestader skal vera oppførde.
 
==Avstyttingar ==
==Avstyttingar ==


Linje 222: Linje 222:


[[Kategori:Heimar og folk i Bykle|  Innleiing]]
[[Kategori:Heimar og folk i Bykle|  Innleiing]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 7. mai 2018 kl. 10:37

Innleiinga til Heimar og folk i Bykle er her attgjeve ordrett frå den prenta utgåva av boka.

Innleiing

«Gards- og ættesoge» er ein særskild, norsk, lokalhistorisk boksjanger. Dei bøkene som høyrer heime i denne handlar om einskildmenneska i bygda gjennom tidene, om kva dei gjorde, korleis dei hadde det, om familiane deira, og om dei stadene der dei budde. Den nye bygdeboka for Bykle fell utan tvil greitt på plass i sjangeren, og såleis kunne ein godt ha nytta tittelen «Gards- og ættesoge for Bykle». Når forfattaren og bygdeboknemnda likevel har valt annleis, og nyttar «Heimar og folk i Bykle» i staden, har dette to grunnar. Den fyrste av dei er at det i 1966 vart gjeve ut ei bok som er kalla «Gards- og ættesoge for Bykle», og at det ville vera uheldig om to bokverk vart utstyrde med same tittelen. Den andre grunnen er at me i den nye bygdeboka har freista å taka fyre oss heile befolkninga heilt opp imot vår eiga tid, og dermed nødvendigvis også har måtta handsama ei lang rekkje heimar som ikkje er gardsbruk, og heile mengder med personar utan tilknyting til jordbruket. Difor tykkjest «Heimar og folk» meir dekkjande enn enn «Gardar og ætter».

Bokteksten er skriven i «me-form», dvs. at forfattaren nyttar uttrykket 'me' om seg sjølv. Meininga med dette skal vera å inkludere lesaren i forfattarens resonnement, eller invitere han til å taka del, noko som er i samsvar med vanleg skikk og bruk i bygdebøker, og for så vidt i all historieskriving. Forfattaren av den nye Byklesoga er likevel ikkje særleg glad i denne forma, ettersom ho kan minne om det gamaldags pompøse «store vi» i ymse presseorgan, for ikkje å snakke om den kongelege fleirtalsforma, og i resten av dette innleiingskapittelet skriv eg difor «eg».

Framstillingsforma

I mange nyare gards- og ættesoger har dei valt å kløyve framstillinga av kvart bruk i ein gardssogedel og ein ættesogedel. Det kan sikkert finnast gode grunnar for å gjera det på denne måten, men i desse bøkene har me (dvs. bygdeboknemnda og eg) likevel kome til at det er betre med ei integrert, forteljande framstilling, der personopplysningane med alle sine tilhøyrande årstal og tilvisingar vert presenterte etter kvart, på den staden der dei høyrer heime i den kronologiske forteljinga om bustadeininga.

Såleis slepp lesaren å bla fram og attende for å finne dei biografiske detaljane om dei personane som vert omtala i historia om garden, bruket, plassen eller huset. Dermed kan historia om kvart einskild eining i forma nærme seg ein slags roman, eller kanskje rettare sagt ei episodisk, dramatisk forteljing, rett nok med talrike resonnerande eller essaysistiske innslag. Så langt dette faktisk, som eg trur, er ein fyremon, er han reint litterær, men bygdebøker er også ein litterær sjanger, og bør difor leggje vinn på å vera leselege.

Gards- og ættesoger med mengder av snaue data og fakta i telegramstil, som det finnst ikkje så få av, vil fort taka seg ut som reine bustads- og personkatalogar. I slike bøker står alle påstandar utan grunngjeving, slik at ingen kan gjera seg opp ei meining om kor sikre eller usikre dei kan vera, utan å gå til originalkjeldene. Dertil kjem at det ikkje er til å unngå at at slike bøker fort vert heller kjedelege for alle andre enn dei som får den næraste familien og slekta si opplista. I den nye bygdeboka for Bykle er ambisjonen at også andre enn desse skal finne lesinga interessant. Men dette skal sjølvsagt ikkje vera til hinder for at dei som vil nytte bygdeboka som utgangspunkt for å stille opp ættetavler, greitt skal finne det dei har bruk for til det fyremålet.

Forteljestoff

Bygdeboka inneheld meir enn årstal og namn. Eg har prøva å få med iallfall noko forteljestoff om så mange som råd av dei omtala personane, for så langt som mogeleg å gjera dei nokonlunde livande for lesarane. Dette lyt likevel i fyrste rekkje gjelde folk i noko eldre tid. For dei siste par mannsaldrane har eg som regel nøgd meg med å fortelje kvar folk bur eller budde, og kva dei steller eller stelte med i yrkeslivet. Det eldre forteljestoffet er delvis henta or skifteprokollar og tingbøker og andre skriftlege kjelder, og delvis or samlingar med med munnleg tradisjon, særleg Johannes Skars Gamalt or Setesdal. Dette tyder ikkje at eg ligg under for illusjonar om at tradisjonen nødvendigvis er påliteleg, men for den skuld tykkjer eg at han har verdi i seg sjølv, og om ikkje anna så fungerer han bra som krydder. I ikkje så få tilfelle er det dessutan mogeleg å jamføre tradisjonen med dei skriftlege kjeldene. Då kjem ein som regel fram til at jamvel om det munnfortalde rett som det er kan vera upresist i mange av detaljane, så har det ei kjerne av røyndom å byggje på.

Oppbyggjinga av boka

Boka er i hovudsak disponert i samsvar med matrikkelen, og byrjar med gnr 1 og sluttar med gnr 20. Men innanfor matrikkelgarden har eg nokre gonger funne det praktisk å endre rekkjefylgja mellom bruka. Grunnen er at bruksnummerrekkjefylgja i desse høva har stått for mykje i strid med den kronologiske framvoksteren av busetnaden eller med geografien. I byggjefeltet på Hovden har eg late husnummera langs vegane styre rekkjefylgja mellom bolkane, avdi denne skipnaden der gjev det mest ryddige inntrykket. Byggjefeltet i Kyrkjebygdi vantar vegnamn og husnummer, så der har bruksnummerrekkja vore det mest praktiske ordningsprinsippet.

Alle familiar får hovudomtale ein stad i bygdeboka. I denne hovudomtalen står det alltid eit familieoversyn i standardisert form med dei tilgjengelege, vitale opplysningane om alle medlemene i familien. I tilknyting til det nemnde familieoversynet skal det også vera opplyst kva for andre stader familien har halde til, for det var ikkje få som flutte mange vender i laupet av ekteskapet sitt.

Når folk flutte mange vender, kan det vera eit problem å avgjera kvarhelst ein skal plassere hovudomtalen av dei. Dei som hadde berre ein verestad, vert sjølvsagt handsama der, men dei som var fleire stader, kan verta sette inn der dei budde sist eller lengst, der dei etter forfattarens meining hadde sterkast tilknyting, eller på den staden der ein har sikrast kunnskap om at dei faktisk budde ei tid. Dette kan då i nokon mon fortone seg som vilkårleg og slumpesamt, men til all lukke har det i praksis ikkje så mykje å seia kvar ein omtalar flytjarane. Det viktigaste er at dei vert omtala, og at det går klårt fram at dei også hadde fleire tilhaldsstadar enn der forfattaren har valt å setje inn hovudomtalen av dei.

Historia om kvar einskild bruks- og busetnadseining er er oppbygd av ei rekkje kortare historier om dei einskilde brukarane og familiane deira. Andre som budde på bruket er plasserte mellom eller ved sidan av brukarane. Såleis kan ein seia at bokteksten i hovudsak er ihopsett av ei lang rekkje med kjernefamiliehistorier. Også brukarar utan familie er sjølvsagt med, men slike er er det langt færre av. Dei fleste gard- og plassbrukarar hadde kone og born. Eg nemnde at eg har med eit familieoversyn med vitale data for kvar familie. Her er dei fylgjande opplysningane med, så langt dei er kjende: Fyrenamn, farsnamn og gardsetternamn (eller slektsnamn), fødselsår, giftemålsår og dødsår for kvar mann og kvar kvinne. (For ein del nålevande personar vantar likevel giftemålsåret, dette avdi det i dei aktuelle intervjusituasjonane fortona seg som unødvendig påtrengjande å spørje etter akkurat den detaljen.) For kvart ektepar skal det også stå namn på foreldra deira, og som regel opplysning om kvar dei bur eller budde. For kvart barn skal fødselsåret vera med, og med eitt unntak som eg straks kjem til, skal det også stå oppgåve om yrke, om kven vedkomande gifte seg med og kvar han eller ho budde som vaksen. Borna er berre nemnde med fyrenamn (og eventuelt mellomnamn) i oversynet over kjernefamilien til foreldra. Dersom barnet sidan budde i Bykle, fylgjer det ei tilvising til den staden i bygdeboka der hovudomtalen av han eller ho er å finne. For desse har eg rekna det for unødvendig taka med yrkesoppgåver i bolken om foreldreheimen, avdi dei i alle høve vil vera nærare presenterte på den staden det vert vist til, og då er i fyrste omgang adressa det viktigaste. Dersom barnet budde (eller bur) utanbygdes, skal det stå kva for bygd eller kommune det dreiar seg om. Dersom eg har funne at personen fyre innflytjing i Bykle, eller etter utflytjing, er omtala i ei anna bygdebok, står det tilvising til den bygdeboka. Når det gjeld born som døydde utan eigen familie, står dødsåret i familieoversynet til foreldra. Det same gjeld dei som flutte ut, men for dei som budde i bygda som vaksne, er dødsåret berre å finne i det avsnittet der hovudomtalen om dei plassert.

Utflytjarar

Det eg har hatt å melde om dei utflutte byklarane står i familieoversynet til foreldra deira, ikkje sjeldan utfylt med ein forteljande passasje under dette. Hovudprinsippet for kva som skal vera med om utflytjarane, er ein generasjon i tillegg til utflytjaren sjølv. Det vil då seia at eg har med bustad og yrke, namn på ektemake og namn på born, og oppgåver om fødsels- og dødsår, og ektemake og bustad for borna, så langt desse opplysningane har late seg skaffe. I hovudsak er det ikkje teke med yrkesoppgåver for meir enn ein generasjon. Det vil då seia at opplysningar om yrket til born av utflutte i dei fleste tilfelle er utelatne, jamvel om eg har fått inn heile mengder med slike opplysningar. Det same gjeld opplysningar om borneborn av utflytte, som i hovudsak har vore haldne utanfor. Trass i det hittil nemnde har eg i nokre få tilfelle falle for freistinga til å taka med all tilgjengeleg informasjon, og jamvel forteljestoff, om både born og barneborn av utflutte. Dette er då slikt som har fortona seg som særskilt interessant eller spennande, og som eg ikkje har hatt hjarta til å leggje unytta til sides.

Amerikanarar

Også når det gjeld emigrantar til USA eller andre utland, har eg for kvar person freista å finne ut kvar vedkomande vart av, kva han eller ho gjorde i yrkeslivet, kven dei var gifte med, kva dei hadde av born, og om mogeleg også oppgåver om bustad, yrke og namn på ektemake til borna. Men her er resultata varierande, ettersom nokre emigrantar nokså greitt har late seg finne att i det nye landet sitt, medan andre tilsynelatande vert sporlaust borte. Dette siste gjeld då særleg ugifte jenter som tok ut, anten dei reiste åleine eller saman med foreldra. Dei fleste av dei gifte seg truleg, og for å finne dei att laut ein kjenne etternamnet til mannen, og det gjer ein oftast ikkje. Også karar som av ulike grunnar gjekk under heilt andre namn enn dei som er kjende frå heimbygda, er vanskelege å finne att. Ei anna gruppe som er vrang å finne ut av, er dei som reiste til Kanada. Nokre av dei kom jo heim att, og dei har eg greie på, men dei som vart verande der, er det verre med. Grunnen til dette er at det frå Kanada er langt mindre å hente på Internett enn frå USA. På dei nemnde punkta har eg då ofte måtta resignere. Dette vil nok likevel ikkje seia at opplysningane er umogelege å finne, men berre at eg ikkje har funne dei. Den som leitar grundigare burde kunna greie å koma lenger.

Einingar utan fast busetnad

Matrikulerte einingar med fast busetnad skal vera med, og ha sitt eige underkapittel, medan matrikulerte einingar der det ikkje bur eller budde bufaste folk, såleis skogteigar, heieteigar og reine næringsbygg, berre vert omtala i forbifarten i samband med omtalen av dei gardsbruka dei høyrde eller høyrer under, eller i samband med dei folka som har eller hadde virket sitt der. På dette punktet skal likevel leggjast til at næringsbygg der eigarane eller drivarane også har hatt bustaden sin, vert handsama som bustadeiningar, og då gjerne isprengt ein del bedriftshistorie. Reine fritidseigedomar har eg hoppa lettvinnt over, og nøgd meg med å telje dei opp for kvart bruk, og berre inntil eit visst tidspunkt (april 2003). Skulle ein teke fyre seg alle hyttene i Bykle, ville det åleine ha blitt eit digert bokverk, truleg minst like stort som dei banda med bygdebok som nå ligg fyre.

Datoar?

Fødsels-, giftemåls- og dødsdatoar vart i utgangspunktet systematisk registrerte, men sidan - etter ein god del drøfting fram og attende - sletta og strokne ut med hard hand. Dette har fleire grunnar, og eg skal nemne dei viktigaste. For det fyrste er registrering og offentleggjering av fødselsdatoane til nålivande personar problematisk i høve til personvernloven, visstnok avdi slik opplysningar kan vera utsette for å verta misbruka. For det andre har vel dei aller fleste av alle desse datoane høgst avgrensa interesse for alle andre enn den næraste familien, og for det tredje er det ein praktisk fyremon for forfattaren å ha færre oppgåver som kan verta feil. Det er grunn til å tru at slettinga av datoane har ført til ein vesentleg reduksjon av talet på mistak.

Nokre datoar har likevel fått lov å verta ståande, men det gjeld då tilfelle der dei i og for seg sjølve gjev grunnlag for eit poeng i framstillinga. Såleis kan det t.d. vera verd ein kommentar dersom ein ser at fleire i ein syskenflokk har blitt gravlagde same dagen.

Einskilde gonger vil ein finne at fødsels og dødsdatoar har blitt sette i parentes framfor årstalet. Desse oppgåvene gjeld då i røynda dåpsog/eller gravferdsdatoar, og skriv seg frå tider der tidspunktet for fødsel eller død ikkje vart notert i kyrkjeboka. I Bykle gjeld dette alle fødslar og dødsfall eldre enn ca 1820.

Fyre kyrkjebøkene

Som nemnt ovanfor skal skal fødsels- og dødsår for alle omtala personar vera registrerte, så langt dei er kjende. Når det gjeld folk som vart fødde fyre kyrkjebokperioden, dvs. fyre 1.1. 1714, har eg då, om mogeleg, rekna ut fødselsåret på grunnlag av oppgjeven alder ved dødsfall, eller etter andre typer aldersopgåver. Desse oppgåvene lyt sjåast som meir eller mindre usikre, og eg har markert dette med å setje inn eit "ca" framfor slike fødselsår.

I tida fyre me får kyrkjebøker kan me (dvs. forfattaren og lesarane) heller ikkje rekne med at me kan få greie på alle borna i kvart ekteskap, ettersom me der lyt nøye oss med dei namna som er omtala i andre kjelder. Dette vert markert i familieoversyna med utrykket: «born, iallfall:». I dette ligg det då at dei nemnde er dei borna ein kan vita om, men at det godt kan ha vore fleire.

Utfylling av uheile bilete

Det som står i den nye bygdeboka er sjølvsagt så rett som forfattaren har greidd å få det. Men ettersom mange av resultata byggjer på tolkingar av uheile eller uklåre kjeldeopplysningar, og slike tolkingar alltid kan diskuterast, er dei ikkje sanne på same på måten som «to pluss to er fire». Det er nemleg ikkje slik at ein utan vidare kan finne svar på alle spursmål ved å slå opp i den rette kjelda. Ofte kjem ein til at den informasjonen ein søkjer ikkje let seg finne, er utanfor praktisk rekkjevidde, eller rett og slett ikkje eksisterer.

For eldre tid har ein berre tilgjenge til spreidde brotstykke av den heilskapen som ein gong var, men då er det sogeskrivarens oppgåve å freiste å resonnere seg fram til i kva mon og korleis det uheile biletet som teiknar seg på grunnlag av brotstykka kan fyllast ut, slik at ein i det minste kjem eit stykke på vegen til dei mest sannsynlege svara på dei spursmåla kjeldene ikkje gjev opplysning om. Stundom går dette tolleg greitt, andre gonger vil det ein har å koma med vera lite meir enn gjeting, men også gjeting bør ha grunnar å byggje på. I alle høve skuldar forfattaren å vise korleis han har tenkt, og kva han har lagt til grunn. At denne problemstillinga er mest aktuell i høve til dei eldre delane av soga, ligg i sakas natur.

Munnlege kjelder

Men også i den nyaste tida kan ein fort få problem, ettersom sogeskrivaren der, ikkje minst pga. klausuleringsreglane i arkivverket og Statistisk Sentralbyrå (som m.a. sperrar for å bruke nyare kyrkjebøker og alle folketeljingar etter 1900), er heilt avhengig av å spørje dei det gjeld sjølve etter dei opplysningane han er ute etter. Dette har eg gjort, og fått mange gode svar. Men når ein byggjer på munnleg inhenta informasjon opnar det seg fort iallfall to feilkjelder: Kanskje har dei eg har vore i kontakt med hugsa gale akkurat den dagen, kanskje kan eg i farten ha greidd å misoppfatte dei opplysningane eg har fått.

Boteråda her er å lata flest mogeleg av dei det gjeld kontrollere dei manuskriptsavsnitta som handlar om dei. Dette har då blitt gjort, så langt det har vore tid og høve til det. Men dette med tida og høvet har vore ein avgrensingsfaktor, og på den bakgrunnen vil eg tru at det ikkje er til å unngå at ein del feil har blitt ståande. Eg vonar at det ikkje skal vera altfor mange av dei, og at dei som kan finnast ikkje vil bli oppfatta som altfor graverande.

Utdatering av informasjon

Jamvel om eg har streva etter å skaffe meg korrekte oplysningar, så er det som var korrekt i går ikkje nødvendigvis det i dag. Ihopsanking av informasjonen til ei bygdebok tek tid, og medan forfattaren leitar og samlar, endrar stoda seg. Folk gifter seg og skil seg, og nokre skifter etternamn i samband med dette, dei får born, dei skifter bustad og stundom yrke, og døyr. Ei bygdebok kan diverre umogeleg vera ajour med alt dette for ei heil befolkning, utflutte skyldfolk medrekna, fram til utgjevingstidspunktet. I så fall kunne ho aldri koma ut, ettersom teksten laut ajourførast i det uendelege. Med sikte på i nokon mon å taka høgde for dette, har eg, når det gjeld opplysningar som eg tenkte kunne vera utsette for å verta utdaterte under marsjen, sett inn årstalet for innhentinga av opplysninga i parentes, som t.d. [2003]. Dette er då eit signal til lesaren om at vel budde vedkomande i 2003 der og der, var gift med den og den, og hadde det eller det yrket, men om dette sidan har endra seg, veit eg ikkje. Eg har heller ikkje kunna halde meg ajour med om folk som eg har fått opplyst var under utdanning, sidan har blitt ferdig utdanna.

Visst har eg etter evne og høve freista å taka inn dei nyaste opplysningane om dødsfall, fødslar og giftemål under korrekturlesinga, men på eitt eller anna tidspunkt lyt ein i alle høve setje punktum. Eg kan såleis ikkje garantere hundre prosent at alle dei som i boka ser ut til å vera i live, faktisk er det, at alle nålivande ektepar som er omtala i boka har fått med alle borna sine, eller at alle dei som har gift seg i laupet av dei siste par åra har blitt registrerte som gifte. Målet og ynskjet er at alle slike hendingar inntil 1. juli 2005 skal vera med, men nokre kan diverre likevel ha gått hus forbi.

Folk som berre har vore innom i bygda ei kort tid, har blitt omtala i den mon eg har greidd å skaffe meg kunnskap om dei, men ei rekkje millombils busette personar har blitt oversett. Det er også slik at ugifte personar har hatt lettare for å verta oversett enn dei som har hatt familie med seg i bygda.

«Uekte born» / manglande foreldre

I nokre bygdebøker, jamvel einskilde heilt nye utgjevingar, har det vore gjort til eit prinsipp å utelata born fødde utanfor ekteskap, noko som vert grunngjeve med personvernomsyn. Dette er me (bygdeboknemnda og eg) usamde i, og difor har eg streva etter å få med båe foreldra til dei som er omtala i boka. Grunngjevinga for dette er så enkel som at alle har rett til ei fortid, og at den mest grunnleggjande fortida vår er me alle har både ein far og ei mor.

Når dette er sagt, lyt det likevel leggjast til at eg i sume tilfelle har måtta gjera unntak, ettersom nokre fedrar framleis vantar. Det er ikkje avdi eg ikkje har prøva å spørje etter dei, men når dei det gjeld seier at dei ikkje vil ha namnet til ein tidlegare kjærast eller fråskild ektemake i bygdeboka, har eg late meg nøye med det, og ikkje pressa på for å få opplysingane ut, eller lagt vinn på å skaffe dei via andre kanalar.

Det same gjeld båe foreldra til nokre få innflytjarar, som har sagt at dei ikkje tykkjer det kan tene noko fornuftig fyremål at dei skal ha namna på foreldra sine på prent i bygdeboka. Eg har ikkje sett det som ei prioritert oppgåve å overprøve denne meininga deira. Dertil kjem at foreldra også vantar for ein og annan nyinnflutt person, som eg berre såvidt rakk å registrere som busett under korrekturlesinga.

Lik handsaming / ulike resultat

Bortsett frå dei unntaka eg har vore innne på ovanfor, er det meininga at alle skal handsamast på same måten. Det vil likevel ikkje seia at det framfor alt skal seiast like mykje eller like lite om kvar person eller kvar verestad, men berre at eg heile vegen har leita etter svara på same eller tilsvarande spursmål, og at alt tilgjengeleg kjeldemateriale er bruka, eller skote til sides, etter omlag dei same vurderingskriteria. At ein gamal gard har meir historie enn eit bustadhus frå 1970-talet, seier seg sjølv, men også for dei gamle gardane gjeld det at det kan vera meir å fortelje om sume enn om andre, at dei har ei meir hendingsrik historie, om ein vil. Ein grunn til dette kan nok stundom vera at det nokre stader har gått fyre seg meir av dramatiske hendingar, eller at der har budd meir fargerike eller på anna vis spennande personar, som rett slett har kravt meir rom i soga, slik dei sikkert også gjorde det i livet. Men ein vanlegare årsak til at nokre bruk kan få meir plass enn andre, er så enkel som at der gjennom tidene har vore fleire eigar- og brukarskifte, eller rett og slett større barneflokkar. Elles er det også slik at når det einskilde stader kan vera særleg tunn kjeldedekning, vil det trengjast meir av resonnement og drøftingar, enn for dei bolkane i soga der arkiva inneheld det meste ein kan ynskje seg av opplysningar.

I den mon nokre vil meine at også nyare hus eller huslydar har blitt handsama ulikt, er nok den vesentlege grunnen at nokre har vore flinkare enn andre til å skaffe sogeskrivaren dei opplysningane han har vore på jakt etter.

Den gamle bygdeboka og den nye

Når ulike forfattarar arbeider med det same stoffet, vil dei ikkje sjeldan koma til ulike resultat, både avdi dei har lagt ulike kjelder til grunn og avdi dei tolkar dei same kjeldene på ulik måte. Men alle kjelder er ikkje like gode, og alle tolkingar er ikkje like rette og rimelege. Eg meiner det er grunn til å rekne med at interesserte lesarar kjem til å samanlikne den gamle og den nye bygdeboka, og når dei finn at den nye på sume punkt seier noko heilt anna enn den gamle, ville det vera rart om dei ikkje spurde kvifor. Det tykkjer eg dei bør få greie på, og difor har eg svara utrykkeleg på ei rekkje slike spørsmål. Det kan då t.d. taka seg ut som fylgjer:

«I den gamle gards- og ættesoga (side så og så) les me at [...]. Her vil me derimot meine at [...]. Grunnane til dette er [...].»

Når eg har valt å gjera det på denne måten, er det ikkje avdi det i og for seg er særskilt om å gjera for meg å peike på feil i den gamle boka. Men kva ein elles måtte tykkje om henne, så finst ho vitterleg, og dermed lyt ho nødvendigvis gå inn som ein del av det samla kjeldegrunnlaget for den nye. Då gjeld akkurat det same for "Gards- og ættesoge for Bykle" frå 1966, som for alle andre historiske kjelder, at ho må utsetjast for kjeldekritisk vurdering. Slike vurderingar ligg til grunn for all historisk framstilling.

Om skrivemåten av namn

Etternamn

I kjeldene finn ein stundom ei lang rekkje skiftande namn og namneformer nytta om dei same personane. Dette kjem for det fyrste av at folk i eldre tid oftast (men ikkje alltid) vart nemnde med etternamn etter den garden (eller det bruket) dei budde på, slik at etternamna, iallfall til slutten av 1800-åra, og i mange tilfelle monaleg lenger, nærast er å oppfatte som adresser. For det andre kjem det av det gjennom tidene har vore temmeleg varierande stavemåtar.

Som hovudregel har eg freista å utstyre folk med etternamn etter den garden eller det bruket der hovudomtalen av foreldra deira er plassert. Men dette er ikkje ein regel utan unntak, ettersom det stundom har fortona seg som misvisande å fylgje han. Det kan t.d. vera avdi eg veit at den personen det gjeld aldri i vaksen alder har nytta eller blitt omtala med det namnet den refererte regelen skulle tilseia. I slike tilfelle har eg uttrykkeleg peika på kvifor eg har valt eit anna etternamn. Når det gjeld skrivemåten av gards- og bruksnamn har eg i hovudsak kunna halde meg til dei formene som står i matrikkelen og på kartet.

Men når dei namna som er vanleg nytta i bygdemålet skil seg vesenteleg frå desse, har eg late bygdemålsformene ha fyrerangen. Såleis har eg t.d. skrive Ørnefjødd, og ikkje Ørnefjell, og den garden som i matrikkelen heiter Tveiten omtalar eg som Tveiti, jamvel om folk som har namnet sitt frå Tveiti vert omtala med etternamnet Tveiten.

Fyrenamn

Vidare har eg normalisert personnamnformene i eldre tid, t.d. såleis at karar som eg veit vart kalla Olav, vert oppskrivne med det namnet, same om kjeldene seier Olluf, Olaf eller Ole, og sameleis kallar eg alle Knutar for Knut, anten presten har skrive Knut, Knud eller Knudt. På same måten har eg kalla kvinner som heitte Margit og Birgit med dei rette namna deira, utan omsyn til at prestane gjerne skreiv dei opp som Marthe og Birthe. Endeleg skal nemnast at eg har normalisert Taddeiv, Talleiv, Tellef og Tollef til Torleiv, Haddvår, Halvord og Halvor til Hallvard, og Åni og Ådne til Arne. Dette er då nokre av dei vanlegaste døma på normalisering. For emigrantane og borna deira kan det likevel rett som det er vera tale om ei «avnormalisering», dvs. at eg har ført dei opp med dei amerikanske namna deira.

Farsnamn/Patronymikon

I Bykle er det framleis vanleg å nytte farsnamnet som eit mellomnamn, gjerne avstytt, som K. for Knutsson/Knutsdotter eller B. for Bjørgulvsson / Bjørgulvsdotter. I bygdeboka er det freista på å gjera dette nokonlunde systematisk, iallfall når det gjeld innfødde byklarar, slik at dei fleste av desse blir såleis nemnde. I den mon einkvan kanskje kan oppfatte dette som om dei har blitt tillagt eit namn dei ikkje kjennest ved, kan eg berre seia at farsnamnet, eller fyrebokstaven av det, ikkje inneber nokon absolutt påstand om kva dei kallar seg, men rett og slett er meint som eit hjelpemiddel for identifisering. I motsetnad til folkeregisteret, som til ei kvar tid kan hente fram foreldra til alle nålivande personar frå ein oppdatert database, lyt bygdeboka freiste å hjelpe seg med enklare metodar, i dette tilfellet altså farsnamn.

Å og Aa

Så langt skulle det meste vera nokså kurant, men det kan likevel vera vanskar med bokstaveringa av einskilde namn. Eitt av desse problema knyter seg til den skiftande bruken av Å og Aa. I hovudsak har eg nytta Å som normalform, men freista å passe på at karar som alltid har skrive seg som Olav A., ikkje skal bli omtala som Olav Å.

Olsen/Olsson/Olavsson

Eit anna problem er kva for patronymikon ein skal nytte for borna åt alle Olav-ane. I eldre tid vart dei jamt og støtt oppskrivne som Olsen og Olsdatter, og mange skreiv også sjølve namna sine såleis. Men i munnleg omtale, som i denne samanhengen bør oppfattast som normgjevande, gjekk dei utan tvil under Olsson og Olsdotter, eller Olavsson og Olavsdotter. I utgangspunktet freista eg, etter mønster av Vallesoga, å gjennomføre Olsson og Olsdotter, men det var det så mange som tykte vart framandsleg, at eg laut gå over til Olavsson og Olavsdotter, som etter det eg etter kvart har oppfatta er best i samsvar med namneskikken i Bykle. Men når det gjeld folk som vart fødde i Valle eller Bygland har eg likevel, slik det er gjennomført i bygdebøkene derifrå, freista å halde fast på Olsson og Olsdotter, og det same har eg gjort når det gjeld ein del byklarar på 1900-talet, som eg har fått vita heilt sikkert sjølve har skrive seg på den måten. Folk fødde i Øvre Telemark, og andre bygder der eg veit at dei kalla seg Olavsson og Olavsdotter, vert kalla såleis, medan folk frå bygder der eg ikkje har nøyare kjennskap til namnebruken vert oppskrivne med det namnet som står i kjeldene.

-son/-sson

Om patronymikon skal skrivast med ein eller to s-ar er også eit diskusjonsemne. Det etymologisk korrekte er å bruke to i alle namn som endar på konsonant, ein i alle som endar på vokal, såleis t.d. Olavsson, men Arneson. Etter noko drøfting i nemnda fann me likevel ut at dette var ein unødvendig komplikasjon, og at det i staden skulle gjennomførast med to s-ar i alle normaliserte namn. Nålivande skal likevel heite det dei heiter. Når det så gjeld dei par siste og nyaste ættledane, er det vel slik at dei fleste sjølve har, eller har hatt, heilt bestemte meiningar om korleis namna deira skal, eller skulle, skrivast, og der mange også gjerne vil oppfatte to ulike skrivemåtar av det same namnet som to heilt ulike namn. For nålivande eller nyleg døde personar, har eg difor streva etter å skrive namna deira slik dei sjølve brukar eller har bruka det. I direkte sitat frå dokument eller bøker er sjølvsagt korkje namneformer eller andre ordformer endra.

Eit atterhald om namnebruken.

Ovanståande er då dei reglane eg har freista å fylgje. Om eg har greidd å gjennomføre dei konsekvent, er likevel eit anna spursmål, men om her skulle vera nokre inkonsekvensar, er det ikkje på grunn av vond vilje.

Målform

Eit emne til som kan vera verd å kommentere er forfattarens målform. Her kan eg vel berre seia at eg skriv slik eg skriv, og nyttar ein etter måten konservativ nynorsk. Såleis skriv eg t.d. sumar og ikkje sommar, brudlaup og ikkje bryllup, og (oftast) jordeple, ikkje poteter. Ettersom eg er frå Telemark har eg nødvendigvis ein del telemarkssvip på uttrykksmåten, men slik eg har oppfatta det er dialektavstanden mellom Vest-Telemark og Øvre Setesdal ikkje stort større enn den geografiske. Likevel har eg prøva å luke ut det meste av det som dei lokale lesarane mine undervegs - det har vore ikkje så få slike - har oppfatta som særskilde telemarksuttrykk, og heller freista å setje inn eitt og anna ord frå Setesdal, på stader der eg tykte det kunne høve. Døme på slike kan vera 'lopt' mot normalmålets «loft», «skjeldtilet» mot normalmålets «andrehøgda», 'vende' mot normalmålets «gong», 'bil' mot normalmålets «stund», og så bortetter.

Når det gjeld ljodverk og bøygingsmønster har eg freista å halde meg til standard nynorsk, endå om eg ikkje er eit grann i tvil om at det ville vore meir i samsvar med byklemålet om ein hadde nytta i-ending i såkalla «linne» hokjønnsord, og skrive t.d. 'soli' og 'jordi' i staden for «sola» og «jorda». Grunnen til at eg stort sett har valt å fylgje normalmålet, er rett og slett at eg trur dei fleste tykkjer det er lettare å lesa det skriftbiletet dei er vane med å sjå, og at det mest lettlesne som regel også vert det mest lesne. Ingen forfattar ynskjer å leggje språklege hindringar i vegen for lesinga av bøkene sine.

Kjeldetilvisingar

Når det gjeld kjeldetilvisingar, har eg freista å taka med meg det eg tykkjer trengst av slike undervegs, anten i sjølve den forteljande teksten eller i innskotne parentesar. Siktemålet med dette er å spare lesaren for heile tida å kaste augo nedlengst på kvar side for å sjå på fotnotar, eller bla fram og attende i boka etter sluttnotar. Det seier seg likevel sjølv at ei fullstendig annotering av eit arbeid som dette, korkje kan vera ynskjeleg eller nødvendig, då ville ein fort koma i den stoda at notane kravde meir rom enn sjølve bokteksten, og slik kan ein ikkje ha det. Eg trur endå ikkje at det skal vera fælt mange stader i boka der lesaren får inntrykk av at forfattaren har henta opplysningane sine or lause lufta, som regel vil det gå klårt fram av samanhengen kva for kjelder som er bruka, jamvel om dei ikkje til ei kvar tid kan vera uttrykkeleg nemnde. Til slutt i det det siste bandet av bygdeboka vil ein også finne eit samla oversyn over det som er nytta av kjelder og litteratur.

Bilete

I utgangspunktet var det fastslege at bygdeboka skulle vera «rikt illustrert», og det har då også vorte nokså mange illustrasjonar. Men dei står ikkje heile vegen like tett. Dette har fleire grunnar, men ein av dei viktigare er at eg tykkjer at bileta skal vera rimeleg relevante i høve til det som står i sjølve bokteksten. Ein konsekvens av dette synet er at det vanlegvis ikkje er forsvarleg å setje inn eit bilete av ein person som livde på 1900-talet i ein tekstsekvens som handlar om 1600-, 1700- eller 1800-åra. Unntak frå denne regelen kan etter mitt skjøn berre gjerast dersom motivet kan oppfattast som nokonlunde tidlaust, t.d. ved at ein avbilda person driv med ein aktivitet som ein med visse kan seia har vore vanleg langt attende i tida.

Når ein prøvar å unngå anakronismar, fører det til at det vert vanskeleg å finne relevant biletmateriale fyrr ein nærmar seg slutten av 1800-åra. Eit stykke på veg kan ein hjelpe seg med bilete av bygningar, som ein kan vita vart oppførde på 1600 -, 1700- eller 1800-talet, men utover det har ein ikkje mykje meir å trive til enn bilete av gamle bruks- eller pynteting frå museum eller andre samlingar. Eg har bruka ein del såvorne «gjenstandsbilete», men fann fort ut at det var grenser for kor mange gamle syljer, våpen, reiskapar, gryter eller trekjerald det gjekk an å taka med fyrr ilustrasjonane vart monotone og kjedelege, jamvel om det kan hjelpe litt å sprite dei opp med kommentarstoff i bilettekstane.

Attåt fotografi kan ein bruke teikningar. Til desse bøkene har me fått grafikaren Tove Krogh, som har budd i Bykle i ei årrekkje, til laga ei rekkje med originalillustrasjonar til bestemte tekstpassasjar, og dertil har ho levert ei rekkje til, som er av meir generell art, og såleis kunne plasserast fritt der dei best kunne høve. Ein del gamle teikningar av ymse slag har også blitt nytta. Kvar desse er henta vert opplyst i bilettekstane.

Når det gjeld opphavet til bileta, så skriv dei fleste seg frå private albumar og biletsamlingar, men ikkje så få har teke vegen om samlinga til Setesdalsmuseet, som både er stor og rikhaldig. Ho har også blitt ein del større pga. arbeidet med Bykle-soga, både ved at museet nå sit att med digitale kopiar av alle bilete eg har lånt inn, og ved at Knut A. Austad i Bygland, som hadde ei stor kasse med fotografi etter Knut T. Hovden, overlet denne samlinga til museet. Museet har også bilete av alt det eig av materielle objekt, og det meste av det eg har av slike, kjem derifrå. Nokre få bilete kjem også frå Norsk Folkemuseum og Forvarsmuseet i Oslo. Dei private biletsamlingane eg har hatt tilgjenge til, er det mange av.

Når det gjeld eldre bilete, har eg funne flest hjå Ingebjørg Homme Vegestog i Valle og Tore K. Mosdøl i Bykle, men dertil kjem ei rekkje mindre samlingar, som har skaffa frå eitt og opptil 20-30 bilete. I tillegg kjem samlingane til flinke og ihuga amatørfotogarafar, såleis Folke Nesland og Gerd Fosse Hovden, som båe har skaffa mange gode bilete frå tida etter 1962. Også Setesdalsmuseet har ei nokså lang rekkje med nyare bilete, mange av dei tekne av Leonhard B. Jansen. Vidare synte seg at Bykle kommune hadde liggjande ein god del bilete som kunne nyttast, mellom anna ei tolleg komplett samling med flyfoto av heimane i bygda i 1965 som vart tekne av Fjellanger-Widerøe. Desse bileta ligg i samlinga til Bykle folkebibliotek, og kommunen har skaffa seg reproduksjonsrett til dei. Dertil skal nemnast at eg har fått ikkje så få fotografi frå lokalavisa «Setesdølen».

I tillegg har eg likevel funne det turvande å skøyte på med nokre sjølvtekne fotografi hist og pist. Dei fleste av desse er av hus, men eg har ikkje hatt kapasitet til å skaffe bilete av alle hus i bygda, og særleg når det gjeld dei som er bygde frå 1970-åra og frametter, vantar det ikkje så få. Eit stykke på veg har eg altså måtta halde meg til den gamle kokebokregelen om «at tage hvad man haver».

Register

Gards- og ættesoger bør ha namneregister, helst ordna etter fyrenamn. Dette gjer bøkene langt lettare i bruk, og aukar dermed verdet av dei monaleg. Av praktiske og produksjonstekniske grunnar let det seg ikkje gjera å få inn namneregisteret attlengst i kvart band av bygdeboka, i så fall måtte utgjevinga utsetjast med minst eit halvår. Men under fyresetnad av at Bykle kommune, når den tid kjem, løyver pengar til det tiltaket, vil namneregisteret bli publisert som eit eige band, etter at tekstsbanda har kome på prent.

Inntil då får lesarane prøve å hjelpe seg med innhaldslista, der alle omtala verestader skal vera oppførde.

Avstyttingar

Til slutt ei liste over nokre vanleg bruka avstyttingar:

anl.arb. = anleggsarbeidar
BA = Bachelor of Arts (akademisk utdaningsgrad etter ca 1996)
bed.øk. = bedriftsøkonom (utdanna på BI)
bnr = bruksnummer (i matrikkelen frå 1886, som framleis er i bruk)
ca = omtrent
cand. mag. = akademisk utdaningsgrad til ca 1996 (embetseksamen av lågare grad)
d = død
e = enke
em = enkemann
f = fødd
g = gift
gbr = gardbrukar
g m = gift med
hv eller h v = har vore
hj.pl. = hjelpepleiar
ind.arb. = industriarbeidar
ing. = ingeniør
gnr = gardsnummer
ksk = kalveskinn (1 ksk = 2 nottungar = 1/12 hud [landskyldeiningar])
lnr = løpenummer (i 1838-matrikkelen, som var i bruk til 1886)
m = med
MA = Master of Arts (akademisk utdanningsgrad etter ca 1996)
mk = ort (= 24 skilling = 1/4 riksdalar til 1814, sidan 1/5 speciedalar til 1874)
n = nemnd
n.v. = (sist-)nemnde verk
rd = riksdalar (mynteining til 1814)
sb = sambuar
siv.ing. = sivilingeniør
sj.pl. = sjukepleiar
sk = skifte
s m = saman med
s.st. = same staden
t = tunne (139,4 l [kornmål])
skill.= skilling (1/96 riksdalar til 1814, sidan 1/120 speciedalar)
p= pening (1/8 skilling)
spd = speciedalar (mynteining 1814-1874)



0941 Bykle komm.png Heimar og folk i Bykle/Innleiing er henta frå Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artiklane - men føreordet er låst for redigering, då dette skal vere ei ordrett attgjeving frå boka.
Fleire artiklar finst i denne alfabetiske oversikta, og eit utval av artiklane finn ein på Forside:Heimar og folk i Bykle.