Heimar og folk i Bykle/Litteratur og kjelder

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Det fylgjande er ei oversikt over litteratur og kjelder nytta av bygdebokforfattar Aanund Olsnes i den prenta utgåva av Heimar og folk i Bykle (2006). Lista står slik ho var i boka. Der det i den digitale utgåva er nytta tilleggskjelder er desse oppgjeve i den einskilde artikkelen.

Litteratur og oppslagsbøker:

Gards- og ættesoger lyt i fylgje sin natur byggje meir på utrykt materiale enn på det som fyrr har stått på prent. Men endå er det ikkje så få bøker og artiklar som har vore nytta som byggjesteinar i arbeidet med Byklesoga.

Både Gards- og ættesoge for Bykle (1966) av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen, og Bykle kultursoge (1993) av Knut Gjerden, har synt seg å vera til god hjelp, den fyrste fyrst og fremst med å plassere personar på dei bruka dei budde på, den siste med einskildopplysningar og anekdoter. Bøkene av Olav G. Holen jr. inneheld ma. ein god del munnleg forteljestoff, som me har klyppt ei rekkje stubbar frå.

Vidare har me med ei rad med bygdebøker frå grannebygder, og andre bygder der det budde folk som har flutt til eller frå Bykle. Viktigast her er sjølvsagt det bandsterke og solide bygdebokverket frå Valle, men også fleire bygder elles på Agder, i Telemark, Rogaland og jamvel Hordaland og Buskerud, har hatt større og mindre tilskot å yte.

Dinest kjem me til ymse spesialarbeid av arkeologar og filologar, som alle har gjeve oss nyttige poeng. Det same gjeld ordbøker og ålmenne oppslagsbøker, som er umissande til sitt bruk.

Nokre jubileumsbøker frå ymse kantar har også skaffa ein del stoff til bygdeboka.

Elles er ein del bøker med på lista berre avdi dei har vore kjelder til sitat eller einskildopplysningar, som me har tykt mon i å plukke med oss.

  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge, II, Gardssoga, Kragerø 1963
  • Bakken, Olav: Lårdalsoga, Bø 1977
  • Berg, Kåre S.: Nes bygdebok, I, Flekkefjord 1988
  • Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge for Bygland, Kristiansand 1952
  • Bloch-Nakkerud, Tom: «Kullgropen i jernvinna øverst i Setesdal», Universitetets Oldsakssamling Varia, bd.15, Oslo 1987
  • Bloch-Nakkerud, Tom (red.): Hovden. Arkeologi og historie, Bykle 1991
  • Berge, Rikard: Vinje og Rauland, I-IV, Stavanger 1972-77
  • Brandal, Trygve: Hjelmeland. Gardar og folk, bd.1-3, Hjelmeland 1983
  • Breilid, Magnus: Bjelland. Gards- og ættesoge, Bjelland 1965
  • Brottveit, Augund K. m.fl. (red.): Valle kommune, X, Utvandringa til Amerika, Valle 2000
  • Bråstad, Kjell J.: Søgneboka. Gårds og slektshistorie for Søgne, II, Kristiansand 1989
  • Bø, Olav: «Johannes Skar i arbeid», Heimen IX, 6/1953
  • Child, M.: History of Waseca County, Minnesota from its first settlement in 1854 to the close of the year 1904. A Record of fifty years: The story of the pioneers, Owatonna, Minn., Press of the Owatonna Chronicle, 1905
  • Centennial Celebration 1895-1995 of East Valle Lutheran Church, Thompson, ND, June 24-25, 1995.
  • Dalen, Knut og Alma: Røldal bygdebok, Stavanger 1960
  • Dybdal-Holthe, Nils.: Soga om Vats, Gard og ætt i gamle Vats herad, Stavanger 1984
  • Einung, Halvor H.: Tinn-soga, II, 1927, opptrykk Oslo 1978
  • Engen, Arnfinn: Utvandringa - det store oppbrotet, Oslo 1978
  • Fiskaa, H. M. og H. Falck Myckland (red.): Norges Bebyggelse, Herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, opptrykk, Trondheim, 1995
  • Flatin, Tov: Seljord III, 1954
  • Fritzner, Johan: Ordbog over det gamle norske Sprog, I-VI, 1886 ff
  • Gjerden, Knut og Bjørgulv Holen: Gards- og ættesoge for Bykle, Kristiansand 1966
  • Gjerden, Knut: Bykle kultursoge, Kristiansand 1993
  • Gjerden, Knut, Leonhard B. Jansen og Alfred Ryningen (red.:) Bykle under krigen, Bykle 1995
  • Grygla. The biggest town of its size. 75 years of history, 1917-1992, Grygla, Minnesota 1992
  • Hannaas, Torleiv: «Folkeviser etter Svein Hovden», Norsk Aarbok, Bergen 1921
  • Hoff, Knut: Rollag bygdebok. Ætt, gard og grend, bd II, Rollag 1989
  • Jansen, Leonhard, Bjarne og Kirsten Braathen Berg: Svein Knutsson Hovden. Kvedar og Sogemann, Bykle 1991
  • Jansen, Leonhard, Bjarne og Alfred Ryningen: Valle kommune VII-VIII: Kultursoge, Valle 1994
  • Imsen, Steinar og Harald Winge (red.): Norsk historisk leksikon. Kultur og samfunn ca. 1500-ca. 1800, 2. utg., Oslo 1999
  • Indrebø, Gustav: Norsk Målsoga, Oslo 1951
  • Irgens Høeg, Helge: «Blomsterstøv fortel historie» i Hovden. Arkeologi og historie, Bykle 1991
  • Iversen, Ragnvald: Norrøn Grammatikk, Oslo 1961
  • Halvorsen, Jens B.: Norsk Forfatter-Lexicon 1814-1880, bd 1-6, Kra. 1883-1908
  • Haugland, Jens: Dagbok frå kongens råd, Oslo 1986
  • Heggstad, Leiv: Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding, Oslo 1963
  • Hoftun, Hallvard M.: Gamle Suldal, Suldal 1972
  • Holen, Olav G. jr.: Ferdavegane i Bykleområdet, og dei viktigaste vegane til og frå Øvre Setesdal, eige forlag, 1968 (Holen 1)
  • Holen, Olav G. jr.: Jakt, fiske og fangst, og litt av næringa og folkelivet i Bykle, eige forlag, u.å. (blått omslag, Holen 2)
  • Holen, Olav G. jr.: Jakt, fiske og fangst, og litt av næringa og folkelivet i Bykleområdet og øvre Setesdal, eige forlag, u.å. (raudt omslag, Holen 3)
  • Holen, Olav G. jr.: Frå toppen av Vråstøylfjell, eige forlag, 1993
  • Kalkar, Otto: Ordbog til det ældre danske sprog (1300-1700), bd 1-4, Kbh. 1881-1907
  • Karlberg, Odd: Seljord, IV-V, Seljord 2003
  • Kulturhistorisk Leksikon for Nordisk Middelalder, 2. utg., København 1980-82
  • Larsen, Amund B.: Norske Gaardnavne, bd VIII, Nedenes Amt (= Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne, bd VIII), Kra. 1905
  • Lillehammer, Arnvid: Avaldsnes, bd I-II, 1991-93 (= Karmøy Bygdebok, bd 6-7)
  • Loupedalen, Torjus: Kviteseid bygdesoge I, Ættesoga, Kragerø 1956
  • Lægreid, Tobias og Agnes: Gards- og ættesoge for Eidfjord, Eidfjord 1991
  • Mandt, Eva: Personnamnregister til Rikard Berge: Vinje og Rauland I-IV, Eidsborg 1996
  • Marvik, Steinar: Mo bygdebok I: Gard og ætt Mo sokn, Tokke 1989, II: Gard og ætt Skafså sokn, Tokke 1989
  • Marvik, Steinar: Fyresdal Gards- og Ættesoge, I-III, Fyresdal 1993
  • Mehus, Ingjald: Lunds historie I, Stavanger 1961
  • Metcalfe, Frederick: The Oxonian in Thelemarken, I-II, London 1858
  • Midtun, Gisle: «Kunstarbeid og handverk», «Gardar, hus og husbunad» og «Liv og levemåte», Norske bygder, bd I, Sætesdalen, Kra. 1921
  • Mikkelsen, Egil: «Et gravfunn fra Folkevandringstiden ved Botsvatn, Bykle, Setesdal», Årsskrift for Agder historielag, Kr.sand 1972
  • Mykland, Knut: Mykland. Ei bygd i Råbygdelaget. Gard, ætt, grend, bd 1-2, 1967-70
  • Nome, John: Det norske Misjonsselskaps Historie i Norsk Kirkeliv, bd 1, Stavanger 1943
  • Nomeland, Tarald: Lund-slekta i Valle, Setesdal, 1872-1972, ny utg. ved Sverre Lund, Valle 1973
  • Naeseth, Gerhard: Norwegian Immigrants to the United States, vol I, 1825-184 , 1993; vol II (ed. Blaine Hedberg), 1844-1846, 1997; vol III (ed. Blaine Hedberg), 1847-1848, 2000, published by Vesterheim Genealogical Center, Madison, Wisconsin, and Vesterheim Norwegian-American Museum, Decorah, Iowa.
  • Olsnes, Aanund: «Lærarutdaning i 'Frisindets' teneste», i Lærerutdanning i Telemark gjennom 250 år, Telemark Lærerhøgskole, Notodden 1988
  • Olsnes, Aanund: Kviteseid bygdesoge, bd III, Kultursoga frå dei eldste tider til kring 1830, Kviteseid 1987
  • Palmer, R. R. and Joel Colton: A History of the Modern World, New York, 1971
  • Ramsli, Lars: Bakke bygdebok. Gards- og slektshistorie, bd 1-2, Stavanger 2002
  • Reinton, Lars: Folk og Fortid i Hol, bd VII, Ætt og eige, Ustedalen og Skurdalen, Hol 1980
  • Rolfsen, Perry: «En fjellgård fra jernalderen i Bykle», Viking 1976
  • Ross, Hans: Norsk Ordbog, Kra 1895 f, opptrykk Oslo 1971
  • Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne. Forord og Indledning, Kra 1898
  • Ryningen, Alfred: Valle kommune, bd I-II. Gards- og ættesoge Hylestad, Valle 1985, bd III-VI, Gards- og ættesoge Valle, Valle 1987, bd IX, Register. Kjeldor. Notor. Valle 1994, bd VII - VIII (saman med Leonhard B. Jansen): Kultursoge, Valle 1994
  • Sandnes, Jørn og Ola Stemshaug: Norsk Stadnamnleksikon, Oslo 1976
  • Sandnes, Jørn og Helge Salvesen: Ødegårdstid i Norge, Oslo 1978
  • Sebak, Per Kristian: Katastrofeskipet Norge. Den glemte ulykken, Oslo 2001
  • Seland, Per: Sirdal. Gard og ætt, bd I, Sirdal 1980
  • Skar, Johannes: Gamalt or Setesdal, I-III, Oslo 1963
  • Skomedal, Sigmund (red.): I Skiftende tider. Otteraaens Brugseierforening 1900-85, Kr.sand 1985
  • Steen, Adolf: «Samene i Setesdal», i Sameliv. Samisk selskaps årbok, Oslo 1955
  • Sudmann, Arnulf (red.): Norsk Allkunnebok, 1-10, Oslo 1948 ff
  • Sundt, Eilert: Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge, Chra, 1852
  • Sundt, Eilert: Fortsat Beretning om Fantefolket, Chra. 1859
  • Sundt, Eilert: Anden Aars-Beretning om Fantefolket, Chra 1862
  • Sundt, Eilert: Tredje Aars-beretning om Fantefolket, Chra 1863
  • Sundt, Eilert: Fjerde Aars-Beretning om Fantefolket, Chra. 1865
  • Svensøy, Kari Grethe: «Det va inkje hobby det va arbeid». Tekstilarbeid i Bykle 1900-35, Magisteravhandl., etnologi, UiO 1987, utgj. Oslo 1989
  • Søegaard, Peter Munch: Fra Fjeldbygderne, Chra. 1868
  • Tveiten, Aasmund: «Vie-Vetle», Telemarksmagasinet, 2/2001
  • Ulvestad, Martin: «Nordmændene i Amerika», Minneapolis 1907
  • Undheim, Magnar: Njardarheim, utgj. Kvæven bygdetun, Sirdal 1999
  • Vea, Erik, Johan Schreiner og Jon Seland: Den norske amerikalinje, Oslo 1960.
  • Vesaas, Øystein: Rosemåling i Telemark, I-III, opptrykk, Espa 1986
  • Vesaas, Tarjei: Huset og fuglen. Tekster og bilete 1919-69, red.: Walter Baumgartner, Oslo 1971
  • Vollen, Reidar: Bygland. Gard og ætt, bd I, Bygland 2002, bd II, Bygland 2004, bd III, Bygland 2005
  • Vaa, Johan, m fl.: Vaa-ætti, Rauland 1997
  • Vaage, M.: Frå ætte- og kultursoga i Erfjord, Stavanger 1959
  • Waula, Jørg-Erik: Personregister, Lunds historie, I-II, Stavanger 1998
  • Aabø. Arne T.: «Ein setesdøl i Telemark», i Jol i Setesdal 1999.
  • Aasen, Ivar: Norsk Ordbog med Dansk Forklaring, 6. utg., Oslo 1983
  • Åsen, Kjell: Nissedal Gard og Ætt. Treungen sokn, Nissedal 1978

Prenta kjelder:

Hovudoppgåver

Attåt dei trykte arbeida kjem ei rekkje med utrykte, for det fyrste nokre hovudoppgåver frå universitetet som handlar om Bykleemne.

  • Haslemo, Olav: Stadnamn frå Bykle. Hoslemo skulekrins, h.oppgv., norsk, UiO 1968
  • Linn, Kurt Ole: Ei lita bygd i strid for livet. Om levekår og kraftutbygging i Bykle i 1950- og 60-årene, h.oppgv., historie, UiO 1995,
  • Ryningen, Alfred: 1568 stadnamn frå Nordbygdi i Bykle, h.oppg., norsk, UiO 1979

Andre uprenta arbeid:

Fyrst skal her nemnast eit Xerox-kopiert og hefta mansukript med nøyaktig utførde transkripsjonar av dokument frå Valle lensmannsarkiv i Statsarkivet i Kristiansand:

  • Knut J. Lohne: Kriminalhistorier fra Bykle 1880-1900. En eventyrbok fra virkeligheten (midlertidig utgave). Kristiansand 1999.

Dinest har me med ei rekkje ættehistoriske arbeid, dei fleste amerikanske. Det største og beste av dei er likevel skrive av Aasmund Tveiten i Asker, men dei amerikanske forfattarane har vore til stor hjelp med å plassere emigrantar frå Bykle i det nye landet deira for oss, og med namna på borna deira.

  • Anderson, Andrew M.(ed.): Journal of Andrew A. Bratteland, also known as Andrew M. Anderson or Aanond Mikkelsen, Prior to May 25th, 1901
  • Eggen, Julia og Beatrice Olson: «History and Genealogy of Brattland, Olson, Knutson and Newton Families», 1942
  • Erickson, Beverly: Descendants of Arne Tollefson (Nordstog Trydal), Clarendon Hills, Illinois 2004
  • Erickson, Beverly: Descendants of Ole Tarjeson (Systog Trydal), Clarendon Hills, Illinois, 2004
  • Erickson, Beverly: Descendants of Eivend Anundson (Storstein Trydal), Clarendon Hills, Illinois 2004
  • Nesland, Tellef B.: Slektsoversikt for Nesland, Nelson, British Columbia 1939-45
  • Nomeland, Sigrid K.: Emigration Memoirs, Marble, Lincoln County, Minnesota 1931-32
  • Sveinall, Paul og John: Fjellfolk på flyttefot, Konsmo 1991
  • Smith, Merle: Tollefson Haatvedt Family Tree, Hanlontown, Iowa 1970
  • Trydal, Knut F. (y.): Gards- og ættesoga på Hisdal, Kr.sand u.å.
  • Tveiten, Aasmund: Knut Hakeson og ætta hans, Asker u.å.
  • Tveiten, Aasmund: Uppistog. Garden under Brokkeskar, Asker 2004

Internettsider:

Det fylgjande knippet med internett-adresser er sjølvsagt berre eit utval av dei me har vore innom, men bortsett frå genealogi-sida åt Stein Norem Wisted, som i røynda er ei elektronisk publisert bygdebok, er dei me har lista opp dei me har vitja flest vender, og har hatt mest nytte og glede av.

Ein database over alle immigrantar til USA som steig i land i New York.
Frå denne internettadressa har ein m.a. tilgjenge til folketeljingane 1801, 1865 og 1900, nordmenn i dei amerikanske folketeljingane frå 1850, 1860 og 1880, Otto Kalkar. Ordbog til det ældre danske sprog (1300-1700),bd 1-4, Kbh. 1881-1907, Martin Ulvestad: Nordmænd i USA, Minneapolis 1907.
M.a. oversyn over alle norske bygdebøker, og ikkje minst peikarar til det meste av det som finst av norsk lokalhistorie på nettet.
Den største slektsdatabasen i verda med tilgjenge m.a. til ei mengd med mikrofilma norsk kyrkjebokmateriale.
Denne internettsida er laga med sikte på norsk-amerikanske ættegranskarar, men inneheld også mykje nyttig for oss som bur i gamlelandet.
Internettsida åt Karla Halsan Mattila, som gjev tilgjenge til ei diskusjonsliste, der ein med litt flaks kan koma i kontakt med folk som har svar på akkurat dei spursmåla ein er interessert i om norske emigrantar og etterkomarane deira.
Internett-bygdebok for Sokndal i Dalane, Rogaland

Uprenta kjelder:

I staden for å plassere kjeldetilvisingar i fotnotar, har me i denne bygdeboka freista å få med mest mogeleg av tilvisingar i parentesar undervegs i teksten. Difor torer me rekne med at ingen viktige kjelder skal vera unemnde, jamvel om einskilde kan vera utegløymde på dei fylgjande sidene:

Bykle kommune

  • Fatigkommisjonsprotokoll 1884 -1897
  • Kulturminneregistrering 1977 (SEFRAK)
  • Leigetakarar i kommunale bustader 1990-2003
  • Matrikkel 1997, 2003
  • Norsk økonomisk kartverk
  • Utskiftingskart frå jordskifteverkets kartarkiv
  • Sal av kommunale bustader
  • Stadnamn frå Bykle, registrerte og kommenterte av Folke Nesland
  • Styreprotokoll Hovden Høyfjellshotell 1935-1946

Olav A. Byklum

Riksarkivet, Oslo

  • Folketeljingar 1801, 1865, 1875, 1891
  • Futens manntal 1665
  • Futerekneskapar 1664-1814 (Rentekammeret Kbh), 1814-1838 (Indredepartementet)
  • Høgsterett i København, voteringsprotokollar (1700-åra)
  • Jordebok 1670
  • Jordtakstkommisjonen 1802
  • Lensrekneskapar 1593-1663
  • Matrikkelutkast 1723
  • Matrikkel 1668
  • Prestens manntal 1664-66

Setesdalsmuseet

  • Familierekonstitusjonar for Bykle på kartotekkort, bygde på Valle Kyrkjebok 1714-1907
  • Kjeldeavskrifter i ringpermar:
    • Militærruller 1700-1826
    • Kyrkjebøker
    • Folketeljing 1910

Soknepresten i Valle

  • Kyrkjebøker, Bykle sokn, 1908-1993

Sorenskrivaren i Setesdal

  • Grunnbok 1951-2003

Statsarkivet i Kristiansand

  • Aust-Agder brev, bd 1-12
  • Auksjonsprotokollar 1793-1856
  • Dombøker 1846-1884
  • Forliksprotokollar 1-5, 1797-1872
  • Gardsarkiv, deponert frå Trydal 1952
  • Kyrkjebøker, Valle prestegjeld 1714-1907
  • Militære ruller, mannskapsruller 1700-1811
  • Pantebøker 1793-1957
  • Panteregister 1793-1950
  • Skifteprotokollar 1720-1856
  • Stiftsoverretten i Kristiansand, protokollar (1700-åra)
  • Tingbøker 1694-1700, 1720-1877
  • Valle prestearkiv
  • Valle Lensmannsarkiv

Vollen, Reidar

  • Familierekonstitusjonar, Bykle, 1600-1950
Me fekk overtaka tre permar med innhald som nemnt ovanfor frå Reidar Vollen i Kristiansand. Vollen har gått systematisk igjennom omlag alle relevante kjelder, og kopla i hop alle dei namna han har funne til familiar.

Munnlege kjelder

Her kan ein visst peike på bortimot alle banda av Telefonkatalogen. Iallfall har me tala med minst ein representant for kvar av dei familiane me har funne busette i Bykle i nyare tid, spurt og grave, og fått gode svar. Vidare har me vore i kontakt med minst ein person frå alle utflytjarfamiliar me har funne, for også desse skal vera med i boka. På denne bakgrunnen vil det vera lite meining i å stille opp ei namneliste over alle me har intervjua på denne staden. Me skal på dette punktet difor nøye oss med å syne til hovudteksta i boka.


0941 Bykle komm.png Heimar og folk i Bykle/Litteratur og kjelder er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder