Heimtveiti (Bykle gnr 11/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Heimtveiti
Tveiten 4.jpg
Heimtveiti etter reguleringa av Bossvatn, men fyre tunflytjinga.
Foto: Folke Nesland
Rydda: Truleg folkevandringstida
Utskilt: 1624
Stad: Nordbygdi
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 11
Bnr: 1
Type: Gardsbruk
Heimtveiti 1965, fremst løa frå 1750, attanfor hovudbygningen der den vestre enden er jamgamal med løa.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Heimtveiti er det gamle hovudbølet på Tveiti i Bykle kommune, som dei nyare bruka har vorte kløyvde ut ifrå. Fyrestavinga heim- hadde nok lett for å feste seg til den eldste eininga, vil me tru, men kan også ha vorte teke i bruk avdi denne eininga, fyre Ryningen vart utskilt, var den heimre, sett frå Kyrkjebygdi. Iallfall ser ein at garddelinga i Tveiti fylgjer eit vanleg mønster: Nye bruk vert dela ifrå i utkantane, slik at den eldste eininga vert liggjande att i midten.

Som me har gjort greie for i bolken om den udela garden, meiner me at Orm Gunsteinsson budde i Heimtveiti til han døydde ein gong i åra 1645-47. Etter han tykkjest sonen Ånund å ha overteke dette bruket.

  • Ånund Ormsson Tveiten, d fyre 1664
g m Gunvor. Born, iallfall:
  • Hallvard, f ca 1651, sjå nedanfor
  • Knut, f ca 1654, n 1666, seinare lagnad uviss, jfr. likevel Nordtveiti
  • Liv, f ca 1657, d 1737, ug

At kona åt Ånund heitte Gunvor er sikkert nok, ettersom ei enke med det namnet er registrert i Tveiti i 1666 saman med sønene Hallvard og Knut Ånundssøner, som då skal ha vore 15 og 12 år gamle. Kvar Gunvor kom ifrå veit me ikkje.

I 1647 åtte Ånund berre eitt geiteskinn, men bruka ei halv hud i garden. Det vil seia at han bruka heile Heimtveiti, men åtte berre halve bruket. I 1651 åtte han heile bruket, og må då ha fått kaupe eit geiteskinn attåt det han hadde frå før. Kven han hadde kaupt av, veit me ikkje plent, men det var iallfall ein eller fleire av ervingane etter Tarjei Gunsteinsson Kyrvestad, skjønar me. I 1659 var det berre to oppsitjarar og eigarar i Tveiti, Gunstein Ormsson i Ryningen og Ånund Ormsson i Heimtveiti. Om Nordtveiti nett då sto tomt, eller kven som åtte det bruket, veit me ikkje, men som me har vore inne på ovanfor, kom det kort etter ein Knut dit.

Ånund døydde truleg fyre 1664. Om ikkje enka hans tok inn ein brukar i åra frå han vart borte til sonen var vaksen til å taka over, lyt me tru at ho sjølv sto for drifta i denne perioden.

Om ein skal tru aldersoppgåva i manntalet, vart Hallvard Ånundsson myndig ca 1676. Me kan vel tenkje oss at han gifte seg ved dei tider, og seinast dreiv bruket sitt sjølv frå då av, det passar iallfall med alderen på son hans. Eigar hadde han truleg vore sidan faren døydde, men fyrst i 1670 finn me namnet hans i ei jordebok.

  • Hallvard Ånundsson Tveiten, f ca 1651, d ca 1710
g m Gunhild Andresdotter Brotteli. Born iallfall:
  • Ånund, f ca 1677, g m Gudbjørg Ormsdtr. Viki, sjå nedanfor

Gunhild var dotter åt Andres Sveinsson Brotteli og kona, Oddbjørg Tarjeisdotter, fødd Hoftuft.

Hallvard Ånundsson må ha streva med økonomien, for i 1705 selde han og Svein Gunsteinsson Ryningen, som dei då tydelegvis åtte saman, til kaptein Kingling i Valle, og 2 år etter selde dei same to karane «gaarden Tvetens underliggende Skov» til trelasthandlaren Peder Claussen Topdahl i Kristiansand. Sistnemnde har sidan selt skogen til Kingling eller ervingane hans.

Hallvard svara skatten av garden til og med 1710, og døydde truleg kring dei tider. Dei siste åra ser det ut til at han har hatt ein medbrukar som heitte Knut, men me veit ikkje kvar den mannen kom ifrå. Knut Gunnarsson frå Nesland Der heime kan ha vore innom i Tveiti ei tid kring 1693, veit me, men han var død fyre år 1700, så han kan det ikkje godt ha vore.

Frå 1711 ser me at son åt Hallvard har teke over:

  • Ånund Hallvardsson Tveiten, f ca 1677, d 1737
g m Gudbjørg Ormsdtr. Viki, f ca 1682, d 1766. Born, iallfall:
  • Brynhild, f ca 1700, g m Gunleik Hallvardsson Kvòsåk, sjå Valle V, 133f
  • Ingebjørg, f ca 1712, g 1742 m Hallvard Danielsson Jore, sjå Valle IV, 593
  • Hallvard, f ca 1714, g 1743 m Gunvor Lidvardsdtr. Bø, sjå nedanfor
  • Gunhild, f 1717, g 1746 m Auver Folkesson Holen, sjå Myri Holen, gnr 12, bnr 1
  • Tarald, f 1719, til stades 1737, ug då, seinare lagnad ukj,
  • Torleiv, f 1722, d Kvósåk 1752, ug
  • Astrid, f 1725, d 1726
  • Olav, f 1730, d 1732

Gudbjørg Ormsdotter kom frå Systog Viki, bnr 6, i Valle. Orm Taraldsson Viki og kona, Ingebjørg Gjermundsdotter, fødd Kvòsåk, var foreldra hennes. I 1752 gifte Gudbjørg seg andre venda med Folke Tarjeisson Byklum (Sjå Myri Holen, bnr 1, jfr. Valle IV, 280). I den gamle gards- og ættesoga (64) er også oppført ei dotter Signe, som skal ha døydd 29 veker gamal, i barneflokken åt Ånund og Gudbjørg. Denne jenta er ikkje å finne i kyrkjeboka.

Ånund hadde odelsrett til Ryningen, og gjorde bruk av han. Det var i 1735, då han i kompaniskap med Sigbjørn Torkjellsson (Rannestad, sidan Vatnedalen) tok det bruket attende frå ervingane etter Esaias Bugge, Johannes Kingling og Gunnar Åmli heitte dei. Men med det same odelssaka var til endes avhenda dei nye eigarane bruket. Bjørgulv Sveinsson Gjerden må ha fått kaupe den parten Ånund hadde fått hand om, meiner me. Iallfall var det Bjørgulv som sto som seljar saman med Sigbjørn Torkjellson på skøytet til Knut Åsmundsson, som vart skrive seinare same året.

Som me kjem attende til i avsnittet om Hallvard Ånundsson nedanfor, er det grunn til å tru at Ånund også kan ha ått Nordtveiti frå ca 1720 og frametter. Dertil lukkast han i å få tak i mykje av den skogen far hans hadde selt i 1707. Dette kosta han og Sigbjørn Torkjellson mykje bry og ei rekkje frammøte i retten i åra mellom 1727 og 1735, men til slutt gav ervingane etter kaptein Kingling tilsynelatande opp. Resultatet vart det fylgjande forliket:

Parterne bleve efter Rettens Mellemligning saaledes forenede at den nuværende Skov skulde være Tvedtens Mænd hiemfalden, og til den ende Kiøbebrevet som udgivet til Hr Capt. Kingling Opsidderne udleveret, och dermed Tretten tilendebragt.

Nå veit me veit ikkje heilt kva som ligg i uttrykket «den nuværende Skov», men det tykkjest implisere at Ånund og Sigbjørn ikkje kan ha fått att plent dei same teigane som Hallvard og Svein i si tid hadde selt. Dette finn me stadfesting for i tingboka for 1759, som fortel at Kingling-ervingane då selde «nogle Skove i Hoelen og Tveden i Bøkle sogn» til kaupmannen Christian Brinch i Kristiansand. Dette er truleg opphavet til det seinare bnr 3 under Tveiti.

Men jamvel om han ikkje fekk att heile gardsskogen, tykkjest Ånund å ha vore godt i stand, og kunne i 1737 levere garden gjeldfri og med midel attåt til neste generasjon:

  • Hallvard Ånundsson Tveiten, f ca 1714, d 1754
g 1743 m Gunvor Lidvardsdtr. Bø, f 1723, d 1801. Born:
  • Olav(?), f 1743, d 1743
  • Tarald, f 1744, d 1754
  • Ånund, f 1746, d 1746
  • Liv, f 1748, g 1779 m Pål Pålsson Rike, sjå Valle III, 679 og V, 70
  • Ånund, f 1750, g 1. 1770 m Gunvor Tarjeisdtr. Gjerden, g 2. 1807 m Astrid Bjørgulvsdtr. Nesland, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1753, g 1783 m Ingebjørg Torleivsdtr. Kvósåk, sjå Holen Der uppe, gnr 12, bnr 2, jfr. Nordtveiti og Valle III, 563

Gunvor Lidvardsdotter kom frå Nørdre Bø, bnr 1. Foreldra hennes var Lidvard Taraldsson (Straume?) og kona, Torbjørg Taraldsdotter, f Bø. Etter at Hallvard var død gifte ho seg omatt. Me kjem attende til det nye ekteskapet hennes nedanfor.

Me har vore noko i tvil om den 9 veker gamle Olav Hallvardsson som vart gravlagd frå Tveiti 24.3.1743 verkeleg høyrer heime i barneflokken åt Hallvard og Gunvor, slik den gamle gards- og ættesoga (64) melder. Grunnen til dette er at barnet kom til verda fyre dei påståtte foreldra var gifte, men utan å verta døypt som uekte. Men på den andre sida var Hallvard og Gunvor faktisk offentleg trulova, og det kan i denne samanhengen ha gjort same nytten som ektevigjing, særleg om dei stakk til presten nokre ekstra dalarar ved dåpen. Det einaste alternativet måtte vera å seia at far til det døde barnet var Hallvard Lidvardsson i Nordveiti, men i barneflokken hans er det vanskeleg å finne rom, så alt i alt virkar det mest rimeleg å gjeva gamleboka rett på dette punktet, og plassere han her.

Det som nå er gamlestoga på bruket vert datert til å vera frå kring 1750. Loptet, som i samsvar med byggjeskikken i bygda var (og framleis er) oppsett i flukt med stoga, er jamgamalt. Den store, gamle løa på garden vert sett til å vera frå same tida. Kven som sto for byggjinga er litt uvisst, ettersom Hallvard Ånundsson døydde i 1754. Det kan hende at han rakk å huse fyrr han døydde, men det kan også vera enka hans som laut til å byggje etter at Hallvard var borte. For grunnen til at det trongst nye hus på garden ved dette leitet, skal etter tradisjonen vera at dei gamle gjekk med i ein brann. Dette vart stadfest då dei på 1930-talet tok ned loptet for å snu det 180 grader, det vart då avdekt brannlag i tufta. At det har brunne eldre hus på garden tykkjest då også sannsynleg berre på grunnlag av alderen på husa idag.

På skiftesamlinga etter Hallvard Ånundsson i 1754 møtte Jon Olavsson i Nordtveiti opp. For det fyrste meldte han at han hadde til gode ein mindre pengesum i buet. For det andre fortalde han at han hadde gjort den avtala med Hallvard, at dersom han nokongong kom slik i beit at han laut selje bruket sitt, så skulle Hallvard ha fyrsteretten til å kaupe, og prisen skulle vera 106 dalar. Så smått stell hadde det endå ikkje vorte for han, sa han, men han ville gjerne lata avtala gå vidare med enka, om ho ville gå med på det. Det gjorde ho utan vidare.

Dinest sto Jon Alvsson frå Mosdøl fram på skiftesamlinga, og sa at han hadde odel på 3 kalveskinn i Tveiti, og ville stemne så fort han fekk pengar til å taka parten att. Dette vert ikkje kommentert i referatet frå skiftet, så det er litt uvisst korleis det vart vurdert av dei som var til stades. Me lyt då sjølve prøve å finne ut kva me skal meine.

Jon var ikkje fødd i Mosdøl, men var son åt Alv Knutsson Breive i Nigard Hoslemo, og Alv, veit me frå tingboka frå 1733, hadde det året vore framme på tinget og «lyst sin Odel og Pengemangel» til Nordtveiti. Grunnlaget for dette må ha vore at han var gift med Birgit Auversdotter, som me meiner var syster åt Olav Auversson, og Olav Auversson var far åt Jon Olavsson. Då er det greitt at Alv Knutsson, og Jon Alvsson etter han, hadde odelsrett, men at retten til Jon Olavsson var betre er like greitt.

Når Alv Knutsson, på denne bakgrunnen, hadde funne det bryet verdt å melde odelskrav i 1733, tyder det på at det var ein annan enn Jon Olavsson som åtte bruket då. Me tykkjer det virkar rimeleg å gjeta på at Ånund Hallvardsson har overteke eigedomsretten til grannebruket etter at Olav Auversson døydde ca 1720, og at Hallvard Ånundsson i neste omgang har selt det attende til Jon Olavsson ein eller annan gong mellom 1733 og 1754. Dersom dette er rett, har me også funne ei forklaring på kvifor Jon hadde gjort avtale om at Hallvard skulle ha fyrekaupsrett til bruket hans: Hallvard kan ha stilt dette som vilkår for å selje. Grunnen til at Jon Alvsson tykte mon i å melde ifrå om odelsretten sin i 1754, var då truleg berre at han ikkje skulle gå i gløymeboka, men liggje klar til bruk i tilfelle Jon Olavsson skulle koma til å avhende bruket sitt.

Men når nå rødene på skiftet fyrst sveiv innpå odelskrav, hadde også Gunvor, enka, eitt å melde: Hallvard, mannen hennes, hadde «lyst sin odel» til den halve huda i Tveiti som Andres Tallaksson bruka, sa ho, og ba om at også dette kravet vart protokollført.

Andres Tallaksson sat i Ryningen veit me, og frå ei litt seinare kjelde veit me også at Hallvard Ånundsson hadde kaupt og betala odels- og åsætesretten til det bruket i 1749.

Gunvor Lidvardsdotter var berre 31 år, og hadde 4 småborn, då ho kom i enkestand. Økonomien i heimen var god, men ho kunne ikkje godt drive garden åleine, så året etter gravferda gifte ho seg omatt.

  • Gunvor Lidvardsdotter (Bø) Tveiten, f 1723, d 1801
g 1755 m Asbjørn Øyulvsson Brokka, f 1724, d 1778. Born:
  • Margit, f 1756, konf. 1775, seinare lagnad ukj.
  • Store-Torbjørg, f 1758, g 1779 m Bjørgulv Alvsson Holen, sjå Holen Der uppe, gnr 12, bnr 2
  • Hallvard, f 1761, d 1762
  • Ingebjørg, f 1762, g 1786 m Ånund Pålsson Stavenes, sjå Storstein Trydal, gnr 17, bnr 3
  • Lisle-Torbjørg, f 1765, 1801 ug tenar Gjerden, seinare lagnad ukj., sjå nedanfor

Asbjørn Øyulvsson kom frå Lunden i Valle, bnr 1. Foreldra hans var Øyulv Asbjørnsson Kyrvestad og kona, Ingebjørg Folkesdotter, fødd Brokka.

Alle borna åt Gunvor og Asbjørn vart fødde i Tveiti. I og for seg hadde det vore rimeleg å tenkje seg at desse folka flutte ifrå i 1770, då son hennes frå fyrste ekteskapet gifte seg og var klar til å taka over, men faktisk var dei her iallfall til 1772, og kanskje endå eitt år eller to lenger. Grunnen til at me kan vita dette, kjem me attende til nedanfor. Asbjørn døydde i Gjerden Der inne i 1778. Gunvor var hjå sonen i Heimtveiti då ho døydde i 1801.

Torbjørg, den yngste av døtrene, fekk i 1793 ei dotter, Gyro, som vart døypt 20.3. det året. Faren heitte Ånund Torgrimsson, og var son åt Torgrim Ånundsson Flateland og kona, Anne Olsdotter, fødd Tveiten (Valle) (jfr. Valle VI, 200). I 1801 tente Torbjørg hjå bruksmannen Bjørgulv Gunnarsson Holen i Gjerden Der inne, og hadde då dottera med seg. Sidan veit me ikkje kvar det vart av Torbjørg Asbjørnsdotter, då me ikkje kan finne noko om at ho døydde i Bykle eller Valle. Gyro Ånundsdotter vart gravlagd som ugift tenestejente i 1880. Ho budde då einkvarstad i Gjerden, utan at me veit kvar.

Halvbror åt Torbjørg vart neste oppsitjar i Heimtveiti.

  • Ånund Hallvardsson Tveiten, f 1750, d 1810
g 1. 1770 m Gunvor Tarjeisdtr. Gjerden, d 1805. Born:
  • Hallvard, f 1771, d 1771
  • Jorunn, f 1772, g 1799 m Olav Ånundsson Rike, sjå Valle IV, 192
  • Hallvard, f 1775, g 1. 1806 m Ingebjørg Drengsdtr. Byklum, g 2. 1812 m Birgit Ånundsdtr. Rike, sjå nedanfor
  • Svålaug, f 1781, d 1805, ug, sjå nedanfor
g 2. 1807 m Astrid Bjørgulvsdtr. Nesland, f 1768, d 1844. Born:
  • Torbjørg, f 1811, d 1811

Gunvor Tarjeisdotter, fyrste gifta av Ånund, kom frå Gjerden Der inne. Tarjei Augundsson Gjerden og kona, Svålaug Olavsdotter, fødd Byklum, var foreldra hennes. Kone nummer 2, Astrid Bjørgulvsdotter, var frå Nesland Der heime, dotter åt Bjørgulv Knutsson på det bruket og kona, Torbjørg Tarjeisdotter. I 1814 gifte Astrid seg omatt med Ditleiv Mikkelsson Bratteland. Det er fortalt meir om desse parfolka under Der heime og Vodden Nesland og endå litt meir under Bratteland.

Ånund Hallvardson skal i fylgje det Johannes Skar kan fortelje (Gamalt or Sætesdal II, 119) ha vore den fyrste i Bykle som sette jordeple. Dei fyrste såepla fekk han hjå presten i Valle, og etter familietradisjonen skal det skal ha vore i 1779. Det var ikkje fleire knollane enn at han kunne bera dei heim i sokken sin, men dei auka år for år, slik at dei i Heimtveiti innan 1780-åra var ute fekk ei potetavling som mona godt på matforsyninga. I landssamanheng er dette tidleg, og etter det Skar fortel var byklarane opp i under for den nye voksteren: «De va a velsigna frukt; de e merg altsame!», sa dei.

Ovanfor var me inne på at Gunvor Lidvardsdotter og Asbjørn Øyulvsson, mor og stykfar åt Ånund Hallvardsson, budde i Heimtveiti nokre år etter at Ånund gifte seg i 1770. Dei to eldste borna av Ånund vart døypte frå Gjerden, og dermed kan me vita at han og kona har budd der, hjå foreldra hennes, iallfall til 1772. Det tredje barnet, sonen Hallvard, vart derimot døypt frå Tveiti, så dei må ha flutt hit seinast i 1775. Nå veit me også at Tarjei Augundsson, far åt kona av Ånund, døydde i 1773, og at Ånund året etter overtok eigedomsretten til bruket hans, etter at han fyrst hadde kravt og vorte tilkjend 2 års tenarløn på skiftesamlinga, så sannsynlegvis flutte han og huslyden hans til Tveiti i 1773 eller 1774. Samstundes flutte då Gunvor og Asbjørn til Gjerden Der inne, og bruka den eigedomen for Ånund.

Då Gunvor Tarjeisdotter døydde i 1805, sat Ånund som eigar av Heimtveiti og Nordtveiti. Dertil hadde han framleis Gjerden Der inne, som han hadde overteke etter verfaren i 1774, og endå utmarkseigedomen Lambeto, som han hadde kaupt frå Mosdøl og lagt innåt Tveiti. Nordtveiti hadde han kaupt i to omgangar, fyrste helvta overtok han frå Olav Jonsson Tveiten. Tida for det kaupet kjenner me ikkje, bortsett frå at det må ha vore fyre 1793. Andre helvta av bruket kaupte han hjå Mikkel Olavsson Bratteland i 1795. Prisen for den siste halvparten var 140 rd.

I matriklane vart Nordtveiti og Heimtveiti rekna som ein eigedom frå 1795 til 1882. Men ettersom det var hus og tun også i Nordtveiti, kunne det sjølvsagt likevel brukast for seg sjølv, i tider då det var ynskjeleg.

Svålaug Ånundsdotter var epileptikar, og vart berre 24 år. Ho var på veg frå Øystøyl til Fit og bar på ein sekk med trog. Då ho skulle leggje seg og drikke vatn i bekken ved Surtebekk, nordom støylen Fit, fekk ho eit epileptisk åtak, sekken kom framover hovudet på henne, og dermed miste ho livet. Sidan vart denne bekken kalla Svålaugsbekken. Han er så liten at det er utenkeleg at eit friskt, vakse menneske kunne ha drukna der.

Då Ånund etter nokre år som enkemann ville gifte seg på nytt, laut han i 1806 halde skifte etter Gunvor. Dei faste eigedomane vart då vurderte til 875 riksdalar, lausøyren til 784 dalar, og endå hadde han 975 dalar til gode hjå ymse debitorar. Hallvard Ånundsson fekk Nordtveiti i morsarv i 1806, og budde der frå 1807.

Det vart ingen born som livde opp i det nye ekteskapet av Ånund, og sjølv døydde han i 1810. Me tek med ein del opplysningar om innhaldet i skiftet etter han, som vart slutta året etter. Dei gjev eit nokså godt og detaljert, om enn ikkje fullnøyande, bilete av kva som kunne finnast av verdisaker på ein velstandsgard på denne tid.

Den mindre av dei to bolesyljene i skiftet frå 1810 kan godt ha sett ut omlag som denne. Ho kom frå Bykle til Norsk Folkemuseum i 1902. Folkemuseet skaffa biletet.
Sylvsaker
  • 1 forgylt sylvbelte med «19 spænder, knapper og sproter» (16 rd)
  • 1 silkepung med sylvlås (16 rd)
  • 1 sylvlekkje «med Penger udi, saakaldet Agnus Dei» (12 rd)
  • 1 stor bolesylje med lauv og doppar (10 rd )
  • 1 mindre bolesylje (6 rd)
  • 2 små syljer (4 rd)
  • 1 sylvlekkje (1 rd)
  • 2 filigransringar ( 2 1/2 rd)
  • 1 sylv drikkebeger med 6 lauv (6 rd)
Sengeklede
  • 18 raudranda tjeld (108 rd)
  • 1 «svensketeppe» (5 rd)
  • 7 svartranda tjeld (35 rd)
  • 11 «skinnbleier» a 3 rd (33 rd)
  • 1 raud kvittel (4 rd)
Gangkleda etter Svålaug Ånundsdotter, som drukna i 1805
  • 7 par stakker ( 42 rd)
  • 1 raudranda sjal (5 rd)
  • 1 blåranda sjal (3 rd)
  • 1 dreielsplagg (3 rd)
  • 2 hatteklutar ( 2 ort 8 skill.)
  • 2 «fruentimmer-trøyer» (4 rd)
  • 6 lerretsskjorter (12 rd)
  • 2 breie, vovne band (1/2 rd).
Kretur
  • 6 kyr (200 rd)
  • 3 vetrungskviger (40 rd)
  • 14 geiter (35 rd)
  • 13 sauer (26 rd)

Samla verde av lausøyren: 754 rd 2 ort 2 skill.

Pengar til gode: 1215 rd (- gjeld 240 rd; netto tilgodehavande 975)

Jordegods: Heimtveiti, 6 kalveskinn (400 rd), Lambeto (15 rd)

Me legg merke til at slikt som vanleg gardsreidskap og husgeråd ikkje vart rekna med i skifteregistreringa, desse tinga fylgde med gardsbruket til han som overtok det. I mindre velståande skifte vart såvore stundom registrert og utlotta. Vidare ser me at korkje gangkleda til den avdøde eller kona hans er med i skiftet, medan bunadssylvet hennes derimot vert opprekna, og gangkleda etter den avlidne, ugifte dottera, er også med.

Her er ei gamal fydde frå Bykle. Ho har tydelegvis blitt bretta ihop fyre fotograferinga, slik at berre det eine sauskinnet er synleg. Fydda på biletet ligg i Henriksen-samlinga, med reg.nr HU 0095, men same slaget fanst på alle gardar.

Me reknar med at innhaldet i skiftet stort sett er sjølvforklarande, men tek med ein merknad om dei såkalla «skinnbleiene», som er førde mellom sengekleda. Det som i eldre dokument vert såleis nemnt (stundom også kalla «skinndekken») er saueskinnsfellar til sengebruk. I bygdemålet vert slike kalla fyddor (eintal fydde, f). Ei fydde var gjort av 6 barka saueskinn, som vart ihopsauma etter at dei var rettskorne og lagde kant i kant.

Når det gjeld verdet av dei uteståande krava, vil me tru at det var monaleg lægre i 1811 enn det hadde vore i 1805, jamvel om pengesummen var noko større, ettersom pengeverdien gjekk sterkt nedetter i desse åra. Men dette tok dei tydelegvis ikkje omsyn til då dei vurderte kva gardsbruket var verdt. Heimtveiti vart sett til 400 dalar i 1811. Det var den same taksten som hadde vore nytta i 1805, og alt då var han mykje lågare enn det eigedomen ville ha vore verd i fri handel. Dette gjorde sjølvsagt at tilhøvet mellom dei ulike delane av arven vart ein god del forskuva. Denne verknaden var eit stykke på veg tilsikta, for det var god gamal skikk at odelstakstar skulle vera langt under vanleg salspris. Men ugreia i pengevesenet ved dette leitet gjorde at utslaga vart ekstreme: Dei som fekk erveluten sin utbetala i pengar tapa dugeleg, medan dei som ervde fast eigedom vann endå meir.

Eit anna interessant drag er at enka, Astrid Bjørgulvsdotter, fekk 100 riksdalar «forlods», dvs. fyre arven vart skift. Desse pengane var benkegåva hennes, og benkegåver vart då tydelegvis rekna som vanlege gjeldskrav, ikkje som arv.

Me skyt her inn at når det vart halde brudlaup, var det skikken at brudgomen laut «løyse brura av benken», med ei gåve som skulle vera hennes personlege eige, og altså ikkje ein del av felleseiga til ektemakane. Tingingane om storleiken på benkegåva var det bruresveinane som tok seg av, og denne akkederinga var eit fast underhaldningsinnslag i brudlaupa.

Når me nå nett har tala om brudlaup, kan det høve å setje inn eit brurepar. Her er Gunnar Aanundsson Tveiten ( 1899-1981) og kona, Tora Sveinsdotter, fødd Røysland, (1902-1980). Dei gifte seg i 1933, og me kjem til dei lenger ut, men der har me eit anna bilete av dei, medan me vantar fotografi av Ånund Halvardsson og brura hans. Bilete frå Svein G. Tveiten.
Denne stolen frå Tveiti er så gamal at me vil tru at Hallvard Aanundsson kan ha sete på han. Foto frå Setesdalsmuseet.

Kor mykje Astrid elles ervde har me diverre ikkje fått med oss, men iallfall hadde ho etter mannens død midlar til å kaupe Vodden Nesland hjå farbroren, Gunnar Knutsson, for 540 riksdalar. Dette var også ein svært låg pris etter tilhøva på denne tid. Frå bolken om Bratteland kjem me i hug at berre odelsretten til den garden i 1808 vart betala med 1400 riksdalar.

Hallvard, stykson av Astrid, hadde, som nemnt ovanfor, overteke Nordtveiti alt i samband med skiftet etter mora i 1806. I 1811 vart han også eigar av bruket her, og flutte etter alt å døme hit kort etter overtakinga.

g 1. 1806 m Ingebjørg Drengsdtr. Byklum, f 1780, d 1807. Born:
  • Gunvor, f 1806, g 1826 m Sigbjørn Knutsson Vatnedalen, sjå Vatnedalen Der hite, gnr 6, bnr 4
  • Ånund(e.), f 1807, d 1832, ug., tæring
g 2. 1812 m Birgit Ånundsdtr. Rike, f 1786, d 1874. Born:
  • Ånund, f 1813, d 1813
  • Ingebjørg, f 1814, d 1815
  • Ånund (y.), f 1815, g 1836 m Vilborg Gunnarsdtr. Åkre, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1818, g 1835 m Olav Gunnarsson Åkre, sjå Valle IV, 136, jfr nedanfor
  • Gunvor, f 1820, g 1843 m Såve Hallvardsson Røysland, sjå Valle VI, 525 f
  • Dreng, tvill., f 1823, d 1823
  • Dødfødd gut, tvill., 1823
  • Tone, f 1825, d 1825
  • Tone, f 1826, g 1849 Andres Jonsson Brotteli, sjå Brotteli
  • Dreng, f 1830, g 1854 m Gunhild Taraldsdtr. Mosdøl, sjå Lunden Mosdøl

Ingebjørg Drengsdotter, fyrste kona av Hallvard, kom frå Innistog Byklum. Foreldra hennes var Dreng Torleivsson Byklum og kona, Birgit Torleivsdotter, fødd Bjørnarå. Birgit Ånundsdotter, andre kona, kom frå Róta Rike, bnr 3, og var dotter åt Ånund Olavsson på det bruket og kona, Gunvor Drengsdotter, fødd Brottveit (jfr Valle IV, 191). Me legg elles merke til at Ånund Hallvardsson og Ingebjørg, syster hans, gifte seg med eit syskenpar frå Åkre i Valle.

Utover dei borna som er opplista ovanfor hadde Hallvard Ånundsson eit par tvillingdøtrer, som var fødde i februar 1804. Opplysningane i kyrkjeboka om desse er noko ufullstendige, men den eine vart iallfall døypt 4. mars, og kalla Torbjørg, medan det ikkje vert oppgjeve noko namn på den andre. Båe døydde som speborn. Namnet på mor deira vert oppgjeve til Gyro Olsdotter Byklum, men det ser ikkje ut til at denne jenta var fødd i Bykle. Derimot er det mogeleg at ho er identisk med ei dotter åt Olav Torleivsson Breive og kona, Torbjørg Tarjeisdotter, fødd Røysland, som budde i Heimigard Røysland, bnr 7. Denne Gyro Olsdotter var fødd i 1778. Når me trur at det kan vera henne det er tale om, er det avdi Vallesoga melder at ho «kanskje var mor til Gunhild Olsdotter, f 1809, som i 1831 gifte seg med Såve Ormsson Nigard Røysland, bnr 5». For denne Gunhild var fødd i Bykle, der ho vart døypt 25.6.1809. Mor hennes vert ved dåpen kalla Gyro Olsdotter Byklum, og faren var Olav Mikkelsson Lunden Mosdøl. Me har ikkje meir sikker kunnskap om Gyro Olsdotter Byklum frå 1809 enn om henne med det same namnet frå 1804, men torer nok tenkje at det dreiar seg om same kvinna. Men etter 1809 misser me henne iallfall av syne, jamvel om det er kjent at dottera Gunhild døydde som gardkjering på Røysland i 1834 (jfr. Valle VI, 516, 523).

Me trur at det må ha vore vår Hallvard Ånundsson her, som i fylgje det Johannes Skar har fortalt (Gamalt or Sætesdal I, 307), skal ha prøva seg på å få kloa i ein av skattane som den legendariske stortjuven Kjetil Tjov hadde gøymt i fjellet, men utan hell:

Hallvor Tveiten vilde taka medelen i Hårshovden. Medelen sto der som soli tærde fyrst. Men han somna, Hallvor, med same ho [dvs. soli] kom.
På 1850-talet sette bøndene i Tveiti opp oppgangssag på Skarg. Ho sto framleis i 1917, då Gisle Midtun tok dette biletet, som me har fått frå Setesdalsmuseet.

Men jamvel om han etter tradisjonen altså sovna ifrå det omtala høvet til å hente seg endå meir rikdom, var han elles både vaken og frampå, skjønar me. I 1830 fekk han tilslaget på Berget Mosdøl, då enka Anne Sigurdsdotter laut lata det bruket gå på auksjon, prisen var 352 speciedaler. I 1837 hadde han likevel pengar til å kaupe Lunden Mosdøl av Olav Mikkelsson for 697 speciar. Etter kaupet av Lunden flutte han dit med kona og dei yngre borna, og overlet bruken av Heimtveiti til eldstesonen. I 1850 kaupte Hallvard Bjones av Tarjei Tarjeisson Bjones, men overdrog straks etter det bruket vidare til versonen, Olav Gunnarsson Åkre. Olav Åkre leigde det bort til tarjeissønene i Bjones, og selde det i 1858 attende til dei. Det vert fortalt at Hallvard ei tid også åtte Kosi, Byklum, gnr 14, bnr 28. Denne siste opplysninga kan ikkje stadfestast ut ifrå skriftlege kjelder, men kan endå vera rett. Opplysningane om eigedomane åt Hallvard Tveiten får i familietradisjonen gjerne fylgje av ein merknad om at «han kunne gange til kyrkja på eigen grunn».

I 1855 heldt Hallvard og Birgit friviljug «opgivelsesskifte». Dei budde då framleis i Mosdøl, som yngstesonen, Dreng, hadde overteke to år tidlegare, men flutte sidan attende til eldstesonen i Heimtveiti. Hallvard døydde her i 1862, Birgit 12 år seinare. Som ovanfor fortalt hadde dei late ifrå seg bruken av Heimtveiti til eldstesonen alt på slutten av 1830-talet, men skøyte vart ikkje skrive fyrr i 1853. Prisen då var 600 speciar og foddog. Dermed går me over til den nye eigaren:

  • Ånund Hallvardsson Tveiten, f 1815, d 1887
g 1836 m Vilborg Gunnarsdtr. Åkre, f 1820, d 1900. Born:
  • Hallvard, f 1839, g 1863 m Anne Kjetilsdotter. Homme, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1841, g 1861 m Ånund Taraldsson Mosdøl, sjå Mosdøl, bnr 3
  • Gunnar, f 1844, g 1871 m Gunhild Olavsdtr. Nesland, sjå Nordtveiti, jfr nedanfor
  • Anne, f 1846, g 1871 m Olav Hallvardsson Nesland, sjå Libu under Nesland og Nordstog Stavenes, gnr 16, bnr 2
  • Lisle-Ånund, f 1849, g 1875 m Sigrid Olavsdtr. Dysje, sjå Lislestog under Utistog Byklum, jfr. Evre Dysje og nedanfor
  • Gunvor, f 1852, d 1914, ug
  • Dreng, f 1856, d 1856
  • Dreng, f 1858, d 1885, ug
  • Olav, f 1862, g 1895 m Asgjerd Bjørgulvsdtr. Nesland, sjå nedanfor, jfr Søtveiti
  • Torgrim, f 1866, d 1885, ug

Vilborg Gunnarsdotter kom frå Sygard Åkre i Valle, bnr 4. Foreldra hennes var Gunnar Olsson Viki og andre kona hans, Anne Ånundsdotter, fødd Rike.

Ånund husa opp ikkje så lite på garden. I 1850 sette han opp nytt eldhus og i 1855 var nystoga ferdig. Ho vart bygt innåt den 100 år eldre gamlestoga, og i flukt med denne og loptet, slik at dei tre husa ihop utgjorde ein stor og drusteleg bygning i to etasjar med uvanleg god takhøgde. Det spring i augo at nystoga er gjort av langt grovare tømmer enn gamlestoga, og det vert fortalt at Ånund leita bygda over for å finne tre han tykte var store nok. M.a. skal han ha henta nokre i Berdalen. Elles legg ein merke til at medan tømmeret i gamlestoga er magetelgt, er stokkane i nystoga flatskanta. Til saman har nystoga og gamlestoga ei grunnflate på ca 105 m².

Ånund var ein framifrå smed, og gjorde m.a. mange låsar. Av desse er nok den låsen han laga til buret sitt den gjævaste. Tradisjonen fortel at han våga garden på at ingen skulle greie å dirke han opp. Mange prøva seg, men låsen sto imot.

Buskapen på garden i 1865 var 3 hestar, 19 kyr, 48 sauer og 20 geiter. Det er den største kreturflokken me har funne på nokon gard i Bykle på 1800-tallet. Sånaden same året var 6 tunner bygg og 9 tunner jordeple.

Hallvard Å. Tveiten, f. 1839, reiste i 1875 til Amerika med kona Anne Kjetilsdotter, fødd Dale, og sønene Kjetil og Ånund. Her er han avteken med sønene, det må vera kort etter at dei kom til USA.
Dei som sit fremst på dette biletet er Ånund (Andrew) Hallvardsson Tveiten og kona Ida, f Hanson. Dei som står attanfor dei skal etter det Ingebjørg Vegestog oplyser vera Hallvard Taraldsson Lunden Homme og syskenbarnet hans, Jorunn Slettevodd Homme (jfr. Valle V, 388 og 533).

Hallvard Ånundsson var nærast til å overtaka garden av faren, men i praksis vart han berre brukar av ein ideell halvpart. Me trur at han budde i huset hjå faren, og set difor inn oversynet over familien hans her.

  • Hallvard Ånundsson Tveiten, f 1839, til Amerika med heile huslyden i 1875, d etter 1910, fyre 1920
g 1863 m Anne Kjetilsdotter Homme, f 1841, d etter 1900, fyre 1910. Born:
  • Vilborg, f 1864, d 1887, ug
  • Ånund, f 1866, d 1922, g 1906 m Ida Hanson, f 1888, d 1950, sjå nedanfor
  • Kjetil, f 1868, livde 1945, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Dødfødd gut, 1870
  • Gunhild (Nellie), f 1871, d 1922, ug
  • Birgit, f 1873, d 1889, ug
  • Olav, f 1875, d fyre 1885
  • Jorunn (Julia), f 1876, d 1964, ug

Anne Kjetilsdotter kom frå Uppigard Homme, bnr 1. Foreldra hennes var Kjetil Knutsson Dale og Gunhild Esaiasdotter, fødd Homme. Far hennes åtte også bnr 1 i Dale, og budde stundom der. Det var nok difor Anne vart oppskrive med etternamnet Dale då ho gifte seg, men her kallar me henne Homme, ettersom hovudomtalen av foreldra hennes i Vallesoga er plassert under den garden (jfr. Valle V, 282).

«Se, der kommer to hester. Det var det jeg tenkte, at det ikke kunne rommes i ett lass!» . Teikning av Tove Krogh 2005.

Ånund skal ha vore svært nøgd, då heimanfylgja til Anne kom til gards. Når han skulle vera høgtideleg, hadde han det visst med å tala klokkardansk, og ved dette høvet skal han ha sagt: «Se, der kommer to hester. Det var det jeg tenkte, at det ikke kunne rommes i ett lass».

Men faren tykte nok han var for ung til å byrje å lata i frå seg då eldstesonen gifte seg. Då dei fyrste borna åt Hallvard og Anne vart døypte, vart difor far deira kalla leiglending eller brukar i kyrkjeboka, men i 1873 ser me at han har rykt endå eit stig nedetter på rangstigen og vert omtala som «inderst». Nå kan me vel ikkje vera hundre prosent sikre på at det låg noko røynleg statusskifte attom den nye nemninga, men på den andre sida tykkjest prestane som regel å ha vore nøyne på å få såvore så korrekt som råd. Om Hallvard verkeleg var busete i 1873, medan han tidlegare hadde vore bruksmann, må vel Ånund ha sagt opp brukaravtala hans. Om dette er rett, vert det forståeleg at Hallvard tok ut til Amerika eit par år seinare.

Ved dette leitet var det ikkje så reint få byklarar som hadde emigrert. Likevel må det ha vore ei vanskeleg avgjerd for ein odelsmann som Hallvard Tveiten å bestemme seg for å bryte opp. Men det gjorde han, og våren 1875 tok huslyden ut med eit emigrantskip frå Kristiansand. Odelsretten sin hadde Hallvard selt til broren, Ånund, brevet om dette vart skrive 30. mars, og prisen var 103 spd.

Korleis gjekk det då med Hallvard, Anne og borna deira i USA? Familien budde fyrst nokre år nær byen Hanley Falls, Yellow Medicine County, Minnesota, men i 1882 flutte dei til Walsh County i det nordaustre hyrnet av Nord-Dakota, og fekk seg ein farm der, nær byen Grafton.

Etter at dei hadde teke ut fekk dei to born til, Olav og Jorunn. Jorunn vart likevel mest kalla Julia, som vart oppfatta som meir amerikansk. Nett kor lenge foreldra livde har me ikkje fått vita, men av dei amerikanske folketeljingane går det fram at Anne må ha døytt mellom 1900 og 1910, medan Hallvard livde til ein gong mellom 1910 og 1920.

Sonen Ånund, som i Amerika gjekk under namnet Andrew Tweten, vart utdanna på Aaker's Business College i Grand Forks, Nord-Dakota. Han var med i den spansk-amerikanske krigen i 1898, og deltok i kampane på Filippinane. Sidan overtok han farmen av faren, og i 1909 gifte han seg med Ida Hanson, fødd 1888, ei foreldrelaus jente som Hallvard og Anne hadde adoptert i Minnesota, og teke med til Nord-Dakota. Andrew (Ånund) og Ida hadde 6 born. Av desse budde Eunice og Helen i California, Agnes og Henry i Minnesota, Andrew i Langdon, Nord-Dakota og Milton i Grafton, Nord-Dakota.

Meir har me ikkje funne ut om denne amerikanske ættegreina, og kan då vende merksamda attende mot Bykle.

folketeljinga for 1875 vart oppteke på slutten av det året, ser me at Ånund Ånundsson hadde kome inn som brukar av den ideelle fjerdeparten av garden (dvs. halvparten av Heimtveiti) som Hallvard hadde bruka. Buskapen ved dette leitet var monaleg mindre enn han hadde vore 10 år tidlegare. Til saman var her nå 1 hest og 1 fole, 7 kyr, 7 ungnaut og kalvar, 26 sauer og lam, 13 geiter og kje. Sånaden var 3 1/2 tunner bygg og 10 1/2 tunner jordeple.

På denne tid var Ånund Hallvardsson 60 år, og skulle såleis ha nådd vanleg foddogsalder. Men han hadde framleis fleire heimeverande søner enn bruk, og tykte nok endå ikkje det hasta med å lata ifrå seg. Sonen Gunnar hadde rett nok fått overtaka bruken av Nordtveiti, men også han laut inntil vidare gå som bruksmann for faren, jamvel etter at Nordtveiti vart matrikulert som ei eining for seg og formelt utskilt frå Heimtveiti i 1882.

Fyrst hausten 1887, omlag ein månad fyre han døydde, skøytte Ånund eigedomane over på sønene. Gunnar fekk Nordtveiti, som han truleg hadde budd på og bruka sidan 1871. Lisle-Ånund fortente ingen gard, meinte faren. For det fyrste hadde han gift seg med ei jente som rett nok var ven, men slett ikkje rik nok, og for det andre var han etter 12 års ekteskap framleis barnlaus. Dessutan hadde han byrja med landhandel i Lislestog i Byklum, og var då ikkje lenger bonde. Dreng, den neste sonen i rekkja, var død eit par år tidlegare. Såleis vart det Olav Ånundsson, den endå ugifte yngstesonen, som kom til å overtaka Heimtveiti-eigedomen.

Prisen ved dette høvet vart sett til kr 1640 og foddog. Foddogsytingane var som fylgjer: Årleg 621 liter godt bygg, 90 l god rug, «alt i tilberedt stand», 8 l ertar, 8 l gryn, 90 l jordeple, 21 l salt, 25,5 kg kaffi, 4,1 kg tobakk, 3 l brennevin, 1,3 kg sukker. Dertil skulle foddogsytaren fø og røkte 1 kyr og 10 småkretur. Vidare heiter det m.a.:

Føderaadsfolkene skal have husly paa gaarden, og om de ønsker det: eget værelse, samt lys og varme og god pleie, og om de ønsker at bo paa Nordtvedten, skaffes dem føderaadet dertil, samt skyds til kirken og sine slægtninge, og ligesom præsten skaffes til dem, naar de maatte ønske det, ligesom, naar de dør, skaffes de en anstændig begravelse.

Dei refererte vilkåra tykkjest kurante nok, men når me tek med i rekninga at Ånund Hallvardsson same dagen som dette brevet vart tinglyst også sikra seg - ei rett nok noko mindre - foddogsyting frå Gunnar i Nordtveiti, vert det samla kåret nokså rikeleg. Men som me har vore inne på ovanfor, døydde Ånund ein månad etter at foddogsbreva vart skrivne.

Olav Ånundsson Tveiten (1862-1938), biletet er tydelegvis teke i eit fotografstudio, truleg i Kristiansand, og helst ein gong i 1890-åra.

Olav Ånundsson gifte seg i 1895 med Asgjerd Bjørgulvsdotter Nesland. Tilliks med Lisle-Ånund og kona hans vart dei verande barnlause, og det er vel ikkje heilt fritt for at yngre skyldfolk, med tanke på bakgrunnen for at Olav fekk garden, har oppfatta dette som ein slags historisk ironi. Til gjengjeld fekk Olav og Asgjerd nokså romsleg økonomi. Då Tellef og Lisle-Olav Nesland, brørne hennes, drog til Amerika i 1903, gav ho dei 2000 kr med på ferda.

I 1916 selde Olav garden for 12.500 kr. Han heldt då att ein parsell i austkanten av eigedomen, som han kalla Søtveiti, og sette opp stoge og uthus for seg der. Olav og Asgjerd skulle ha rett til å vera der så lenge dei livde, og dertil ha krav på ei rekkje ytingar av ymse slag frå eigaren av Heimtveiti, vart det avtala. Det me vidare veit å fortelje om desse folka er plassert i bolken om Søtveiti.

Den nye eigaren av Heimtveiti heitte Knut Tarjeisson Hovden, og var frå Hovden Der sø. Ettersom han aldri flutte åt Tveiti, avdi han fekk eit odelskrav mot seg, og snart laut lata bruket ifrå seg til neste eigar, har me plassert den nærare omtalen av han under Hovden.

Den nemnde odelssaka er elles såpass interessant at ho fortener ein kommentar: Det var sjølvsagt klårt for alle på fyrehand at Ånund Gunnarsson, son åt Gunnar Ånundsson i Nordtveiti, hadde beste odelen til garden, og at han ville koma til å gjera bruk av han var nok også på det reine fyre Olav selde til Knut T. Hovden. Ein kunne då spørje seg kvifor Ånund si overtaking skulle gjerast så innvikla, men forklaringa må vel rett og slett vera usemje om prisen eller andre av overdragingsvilkåra. Poenget med salet til ein uskyld person har då truleg berre vore å tvinge fram vilkår som Olav tykte var akseptable. Eitt omstridt punkt, utanom prisen, kan rimelegvis ha vore frådelinga av Søtveiti.

Som nemnt var det Ånund Gunnarsson som hadde odelsretten. Han fekk skøyte hjå Knut Hovden i oktober 1918, og laut gjeva 15 000 kr. Dermed fekk då også Knut Hovden ein hyggeleg gevinst av handelen. Om prisen reint ålment skal kallast høg eller låg, kan sikkert diskuterast, men det var iallfall den til då høgste overdragingssummen for noko gardsbruk i Bykle. Men nå over til den nye eigaren:

Aanund G. Tveiten (1871-1952) og kona Tone D., f. Mosdøl (1865-1944) Bak foreldra står Store- Gunhild (f 1896), framfor faren står Gunnar (f 1899) og i fanget på mora ligg Lisle-Gunhild (f 1902). Biletet tykkjest vera teke sumaren 1903. Frå Tore K. Mosdøl.
Heimtveit-folket ca 1925. Ståande: Store-Gunhild (1896-1972), Gunnar (1899-1981), Store-Dreng (1903-1985), Lisle-Dreng (1907-1994) , Hallvard (1909-1995 ) Lisle-Gunhild (1902-1995). Sitjande: Gunhild O. Tveiten, f. Nesland (1849-1938). Aanund G. Tveiten (1871-1952), Tone D. Tveiten, f. Mosdøl (1865-1944). Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Ånund Gunnarsson Tveiten, f 1871, d 1952
g 1895 m Tone Drengsdtr. Mosdøl, f 1865, d 1944. Born:
  • Gunhild, f 1895, d 1895
  • Store-Gunhild, f 1896, g 1914 m Tarjei Knutsson Stavenes, sjå Nordtveiti
  • Gunnar, f 1898, d 1898
  • Gunnar, f 1899, g 1933 m Tora Sveinsdtr. Røysland, sjå nedanfor
  • Lisle-Gunhild, f 1902, g 1920 m Store-Knut Olavsson Byklum, sjå Lyngtveit
  • Store-Dreng, f 1903, d 1985, blind frå ca 50 års alder, møbeltapetserar, busett Krisitiansand, g m Astrid Synnøve Kristiansen, Fetsund, f 1913, d 2000, ikkje born
  • Vilborg, f 1905, d 1909, sjå nedanfor
  • Lisle-Dreng, f 1907, d 1994, byggmeister, busett Kristiansand, g m Angjerd Drengsdtr. Byklum, f 1915, d 1999, born:
  • Ånund f 1947, busett Randesund, g m Erna
  • Bjørg Dagny f 1952, busett Oslo, ug
  • Hallvard, f 1909, d 1991, gbr., snikkar, g 1933 m Gunhild Gunnarsdtr. Holen, born, sjå Søtveiti

Tone Drengsdotter kom frå Lunden Mosdøl. Foreldra hennes var Dreng Hallvardsson Mosdøl og kona, Gunhild Taraldsdotter. Dreng Hallvardsson att var son åt Hallvard Ånundsson Tveiten, som var bestefar åt Gunnar Ånundsson. Såleis var altså far til Tone bror åt bestefar av Ånund.

Vilborg Ånundsdotter døydde 4 år gamal i 1909. Dei sat på Fosstøyl med krøtera, og dei vaksne dreiv og lauva oppi lia, medan ungane leika. Då dei gådde at Vilborg ikkje var der lenger, rekna dei med at ho hadde gått ned til støylen. Men då dei kom etter dit, var ho der ikkje. Dette var den 19. juli. Det vart leita i 3-4 dagar, men til fånyttes. Foreldra trudde då ho hadde gått i elva og drukna, eller at ørna hadde teke henne. Men den 30. juli fann broren Gunnar, saman med Gunhild Olavsdotter Nordtveiti, henne død oppi Rjomelifjellet, ho hadde kome på villstrå og omkome. Faren sette sidan opp ein varde til minne, noko austan- og ovanfor der dei fann henne. Vilborgsvarden har vorte halden ved like, og står framleis.

Ånund og huslyden hans budde i Nordtveiti til i 1919. Då flutte dei hit, og året etter vart Nordtveiti overdrege dottera, Store-Gunhild, og mannen hennes.

I tillegg til å greie kaupesummen for garden hadde Ånund også måtta taka på seg ei rekkje med ytingar til farbroren, Olav Ånundsson i Søtveiti, som Knut Hovden hadde gått med på. Dette dreia seg om slikt som beiting og gjæting av buskap, om heimkøyring av høy og ved frå heia, om lån av hest til onnearbeid og ærend i Kyrkjebygdi, og meir liknande. Økonomisk spela desse tinga snautt den heilt store rolla for nokon av partane, men iallfall vart det nok av uklåre punkt å vera usams om. Dei var likevel ikkje meir i tottane på kvarandre enn at dei i 1920 gjekk inn på å valdgjeva usemja. Den løysinga valdgiftsmennene kom fram til var truleg til å liva med for båe partar. Iallfall retta dei seg sidan etter henne.

I 1923 vart det utskilt ein parsell på sørsida av Bossvatn med namnet Lyngtveit. Her hadde Store-Knut Olavsson Byklum, som i 1920 hadde gift seg med Lisle-Gunhild Ånundsdotter, sett i gang med bureisingsbruk eit par år tidlegare. Ein kan lesa meir om Lyngtveit og dei som budde der i bolken om det bruket.

Ånund og Tone dreiv garden til 1934, då dei tok foddog og overdrog eigedomen til eldstesonen. Dei årlege foddogsytingane vart sette til 400 kg mjøl etter val, 4 hl jordeple, 50 halvpunds tobakksrullar, 50 kg kaffi, salt etter behov, 25 kg ertar eller gryn etter val, 20 kg sukker. Mjølet skulle leverast som ferdig flatbrød og/eller stump etter val. Vidare skulle foddogsytaren fø og røkte 2 kyr, av desse den eine haustbær, og 10 småkretur. Ulla av sauene skulle leverast som ferdige klede. Endeleg var det, som vanleg i slike samanhengar, tale om husly, ljos, varme, «pleie i syge og sunde dage», nødvendig lækjærhjelp, «geistlig betjening» og «en anstændig begravelse».

Utover kårytingane måtte Gunnar Ånundsson overtaka ei gjeld på kr 4500, delvis til Valle Sparebank og delvis til Knut Vatnedalen.

Fyre krigen var Gunnar ofte med som kjentmann for dei utanlandske jaktlaga til Thv. Heiberg. Her står han med hund midt i biletet. Fremst i rekkja ser ein Andres Bratteland, og mannen attom Gunnar er Olav K. (Mosdøl) Stavenes. Dei to attarste er engelske jaktarar. Bilete frå Knut A. Bratteland via Ingebjørg Vegestog.
Her er Tora og Gunnar Tveiten. Truleg teke ein gong i åra 1944 -1950? Fotografen var Jon O. Løyland, og Setesdalsmuseet skaffa biletet.
Aanund og Svein Tveiten. Truleg teke ein gong i åra 1944 -1950? Fotografen var Jon O. Løyland, og Setesdalsmuseet skaffa biletet.
Gunnar Å. Tveiten. Offisielt ordførarbilete 1966.
  • Gunnar Ånundsson Tveiten, f 1899, d 1981
g 1933 m Tora Sveinsdtr. Røysland, f 1902, d 1980. Born:
  • Svein, f 1935, tannlækjar, busett Oslo, g m Torunn Eie, Gjerpen, born:
  • Tone, f 1938, d 1940

Tora Sveinsdotter kom frå Sygard Røysland, bnr 1. Foreldra var Svein Tarjeisson Røysland og kona, Ingebjørg Knutsdotter, f Dale.

Gunnar var ordførar i Bykle i åra 1952-67, og representerte Bondepartiet, frå 1959 Senterpartiet. Han vart den fremste lokalpolitiske leiaren for motstanden mot oppdemming av Bykil, og vert tillagt mykje av æra og/eller ansvaret for at I/S Øvre Otra til slutt laut nøye seg med byggje ut Bossvatn. Han hadde gjerne vilja redusere også denne utbyggjinga, og fått plassert dammen i Tveitsundet, men det gjekk ikkje regjeringa Borthen med på. (Linn, K.O.: Ei lita bygd i strid for livet, Om levekår og kraftutbygging i Bykle i 1950- og 60-årene, h.oppgv. historie, UiO, 1995, passim). Det fortel noko om kor sterk overtyding han hadde om at vasskraftutbyggjinga skulle lata seg stoppe, at Gunnar på byrjinga av 1960-talet bygde nytt fjos ved sida av den gamle løa.

I 1966 selde han ein gamal stall frå garden til Norsk Folkemuseum. Denne hadde rom til 4 hestar, og høytrev ovanpå stallsromet. Han vert lauseleg tidfest til 1700-talet. Folkemuseet sette oppatt huset fyrst i 2008, på Setesdalstunet (By og bygd 43}}, s. 59.)

Jamvel om politikken sikkert kravde mykje av tida hans, var Gunnar bonde heile livet. I 1953 vert det oppgjeve at buskapen på garden var hest, 5 kyr, 2 kalvar og 25 sauer. Av reiskap var her m.a. hesteslåmaskin og elektrisk motor.

I 1968 overtok Tora og Gunnar eigedomen av foreldra hennes i Røysland. Då dei på grunn av oppdemminga av Bossvatn laut reise frå Heimtveiti i 1973, tok dei med seg krøtera sine og flutte åt Røysland, og livde sine siste år der. Tora døydde i 1980, Gunnar året etter (jfr Valle VI, 488).

Svein Gunnarsson og kona hans overtok heimelen til bruket her i 1974. Nå sto oppdemminga av vatnet for døra. Med ei reguleringshøgde på 51 meter ville Skarg og jorda nedanfor husa verta borte, og uthusa kom også til å reise. Å brenne husa, eller selje dei til hyttebyggjarar, var ikkje tenkjande på for den nye eigaren. Tunet skulle bergast, men då laut det flytjast: «Hovudhus og stabbur kunne kan hende ha stått. Men det var ikkje plass nedanfor til å flytte løa og få tunet skikkeleg sett saman. Og så kom vegen. Dermed flytta vi like godt alt [..]», fortel Svein Tveiten i eit avisintervju frå 1999 (Fæ'vennen 15.6.99).

Lopt og stoge i Heimtveiti etter flytjinga. I framgrunnen Dreng A. Tveiten y. (f 1907) og Gunhild A. Lyngtveit, f 1903. Bilete vart teke i 1992, og er lånt hjå Tore K. Mosdøl.
Husa på heimstøylen Fit i 1967. Foto frå Setesdalsmuseet.
Svein G. Tveiten og familien hans ca 1990. Frå venstre Torunn, Gro, Gunnar, Tone og Svein.

Alle dei gamle husa vart såleis tekne ned, og flytte eit stykke opp i bakken til Øytveit, slik at det vart eit velplassert og harmonisk nytun, og endå nokre grasbakkar under husa ned mot vatnet. Fjoset frå 1960-talet høyrde i grunnen ikkje heime mellom dei gamle husa, så det vart til hytte for Lisle-Dreng, eit stykke unna tunet. I staden vart det gamle fjoset frå Søtveiti flutt hit. Dette var ikkje i særleg god stand, så det måtte laftast inn ein god del, og vart såleis monaleg mindre enn det hadde vore. Men det viktigaste var likevel at det kom eit gamalt fjos på tunet.

Etter det tradisjonen fortel, og arkeologane stadfester, ligg nytunet i Øytveit omlag på same staden som det fyrste tunet på garden, det som skal ha gått med i eit stein- og jordras på 1500-talet. Dermed kan då ringen på eit vis seiast å vera slutta. Sju bygningar har det vorte i det nye tunet, med stort og smått: Stoge, lopt, eldhus, løe, fjos, smie og eit sumarfjos. Eldst av husa på tunet er truleg sumarfjoset frå Skarg. Det vert datert til å vera frå 1600-åra.

Frå gamalt av låg det to støylar til garden i Støyldalen nordom Tveitefjellet. Det er vårstøylen Fit, 2-3 km unna, og sumarstøylen Øystøyl, som ligg 5-6 km avstad. Vidare var det ei rekkje med slåtter med ei høybu på kvar. Så ulendt som mange av buene var plasserte, ville restaurering på staden vera for tungvint og upraktisk, særleg med tanke på framtidig vedlikehald. Difor vart alle som var noko verde, tekne ned og flutte til dei to støylane. Nokre av dei var så medtekne at berre ein del av tømmeret let seg nytte, men etter at operasjonen var gjennomførd hadde Fit og Øystøyl fått 5 hus kvar, alle restaurerte og i god stand.

På Fit er då for det fyrste Søtveitsstøylsbui. Denne er eit reisverkshus, som vart oppsett av Olav Ånundsson i 1917. For det andre er det Mjåkkhuset, som også er istandsett på staden. Ljåråsmyrbui og Kleivbui er flutte hit frå slåttene dei sto på. Det same gjeld Storemyrbui, Leitislidbui og Rjukanåsbui, men dei tre sistnemnde var så øydelagde av tidas tann at det berre kunne verta ei bu av dei.

På Øystøyl står for det fyrste setebui og høybui, som hadde vorte flutte hit frå Berget Mosdøl av Hallvard Ånundsson på 1830-talet. Vidare er her ei Søtveitsstøylsbu, som Olav Å. Tveiten hadde bygd i 1917. Endeleg er Finnflotbui og Furulundsbui flutte til denne støylen.

Flytjesjauen og restaureringa, som tok til i 1974, varde i over 25 år. Tømraren, som hadde ansvaret for det meste av arbeidet, var Sigurd T. Berg frå Rysstad, men Svein Tveiten, eigaren, var sjølv med og arbeidde på bygningane kvar sumar, gjerne 7-8 veker kvart år.

Nå er då både heimetunet og dei to støylstuna på plass. Prosjektet har vore så vellukka at Svein Tveiten i 1999 fekk Aust-Agder fylke sin bygningsvernpris. I samband med dette vart han intervjua i Fædrelandsvennen. Her peikar han på ei rekkje fyresetnader som ikkje har med han sjølv å gjera, for at det skulle gå så bra som det gjorde: For det fyrste var han særs heldig til å få tak i tømrar, seier han. For det andre var husa, der dei sto på det gamle tunet, i god stand, slik at svært lite av materialar trong utskifting. For det tredje la erstatninga frå kraftutbyggjaren det økonomiske grunnlaget for flytjinga og restaureringa av husa: «Utan erstatningspengane hadde eg aldri hatt råd, iallfall ikkje til å gjera det på denne måten».

Men jamvel om alt det Svein Tveiten her seier er rett nok, så er det klart at den viktigaste fyresetnaden for at husa i Heimtveiti finst til i dag, er at eigaren var både viljug til og interessert i å disponere tilstrekkelege økonomiske ressursar til eit prosjekt, som langt på veg må sjåast på som reint kulturvern.

I åra 1991 til 1993 vart det halde jordskifte i Tveiti. Etter at dette var avslutta, femnde bruket her over 6 teigar med eit samla areal på 6703 mål. I tillegg kjem det bruket eig i det store hei- og fjellarealet som Tveitegardane har ilag med Nesland.


0941 Bykle komm.png Heimtveiti (Bykle gnr 11/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Tveiti • Neste bolk: Nordtveiti