Heistad fabrikker

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. feb. 2018 kl. 07:50 av Kallrustad (samtale | bidrag) (ikkje spire lenger)
Hopp til navigering Hopp til søk

Heistad fabrikker blei starta i 1936. Fabrikken låg ved Eidangerfjorden, Eidanger i noverande Porsgrunn kommune, og dreiv frå byrjinga kandisering og glassering av frukt. Fabrikken var særleg kjend for å produsere "sukat", og selskapet si telegramadresse vart difor "Sukaten".[1]

Historikk

Det var disponent Thorstein Kleive som tok initiativ til å starte verksemda. Ein fekk ta over lokala etter Heistad Trådtrekkeri som hadde gjenge konkurs allereie før den vart starta. Den nye fabrikken fekk henta frukt og bær frå m.a. Sauherad, og forvella dette til syltetøy og marmelade. Det fyrste partiet med marmelade vart sendt ut våren 1938. I 1938 vart både fabrikken og eigendomen kjøpt opp av skipsreder Mathiesen. Etter dette auka produksjonen, og fabrikken vart utvida fleire gonger. i april 1940 hadde fabrikken sin fyrste eksport. Då vart det solgt ei heil jernbanevogn med marmelade til Finland. Vogna passerte Kornsjø om morgonen 9. april, og vel fram.[2]

I 1950-åra blei Heistad Fabrikker rekna som Eidanger sin tredje største fabrikk. I 1958 var det 120 tilsette ved fabrikken.[3] I 1985 overtok Telemark Industriutvikling A/S aksjemajoriteten i fabrikken. Det vart investert i produktutvikling, og ein tok til å produsere nye vare som tomatpuré, surkål, rødkål, sure agurgar og rødbetar. I tillegg hadde ein fleire typar syltetøy, kompottar, storhushaldningsprodukt og diabetikerprodukt.[4]

1. mars 1988 blei fabrikken nedlagt, og bygningsmassa vart snart jevna med jorda.[5] I dag

Arkiv

Delar av arkivet etter Heistad Fabrikker er ordna ved Telemark Museum. Sjå oppføringarkivportalen.

Kjelder

Referansar

  1. Wiersdalen, 1997, s. 169
  2. Wiersdalen, 1997, s. 170.
  3. Wiersdalen, 1997, s. 173.
  4. Wiersdalen, 1997, s. 174
  5. Wiersdalen, 1997, s. 174