Helleristningane på Austre Åmøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. sep. 2020 kl. 20:45 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Helleristningane på Austre Åmøy i Stavanger kommune er den største konsentrasjonen av helleristningar i Rogaland. Ristningane blir daterte til bronsealderen. Felta med helleristningar ligg på rekkje og rad ved sjøkanten på sørsida av Austre Åmøy. Nokre mindre felt er også oppdaga lenger inne på øya og på nordsida. I alt er det registrert kring 1200 figurar og groper. Båtfigurar dominerer, men her er også mykje anna, til dømes fotsolar, ringar tolka som solfigurar og groper. Menneske, dyr, fiskar tolka som kveiter og økser, som er relativt sjeldne motiv i bergkunsten på Vestlandet, førekjem også. Ei fantasieggjande ristning på feltet Åmøy IV er ein menneskefigur som ser ut til å bera ei fuglemaske. På Åmøy VI finst ein båtfigur som er heile 5,5 meter lang. Dette er den største båtristninga som er kjent i Norden. Åmøy har ei sentral plassering, og arkeologane trur at øya kan ha vore ein kultisk samlingsstad for folk på Nord-Jæren og i Boknafjordbassenget.

Litteratur

  • Fett, Eva og Per Fett: Sydvestnorske helleristninger. Rogaland og Lista. Stavanger Museum, 1941. Serien Stavanger museums skrifter, nr 5
  • Høgestøl, Mari [et al.]: Helleristningsfeltene på Austre Åmøy, Stavanger kommune, Rogaland. Dokumentasjon, sikring og tilrettelegging av feltene I til VI-5. Arkeologisk museum i Stavanger, 1999. Serien AmS-Rapport, nr 9
  • Høgestøl, Mari: Opplev bergkunsten på Åmøy. I: Frá haug ok heiðni. Nr 1. 2000
  • Kjeldsen, Gitte: Nytt funn av helleristningsfigurer på Austre Åmøy. I: Fra haug ok heiðni. Nr 2. 2000
  • Sør-Reime, Geir: Øya som gudane elskar. Levende fortid: Fører til helleristningsfeltet på Austre Åmøy. Arkeologisk museum i Stavanger, 1987. Serien AmS-Småtrykk, nr 18
  • Sør-Reime, Geir og Gitte Kjeldsen: Øks & aks. Helleristninger og hus fra yngre bronsealder i Rogaland. Arkeologisk museum i Stavanger, 1997. Serien AmS-Småtrykk, nr 40

EKsterne lenker