Helset (Sunnylven)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Helset
FAKf-100283.172369.jpg
Dei gamle gardshusa på Elias-garden på Helset
Fyrst nemnd: 1576
Stad: Sunnylvsbygda
Sokn: Sunnylven
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Stranda
Gnr.: 63
Postnummer: 6218

Helset er ein gard i det sørvendte dalføret Sunnylvsbygda i Stranda kommune. Garden ligg i midtre delen av ein stor flate som omfattar fleire matrikkelgardar. Nabogarden i nord er Øye, og mot sør grensar garden mot garden Frøysa. På motsett side av elva, Bygdaelva, ligg gardane Hauge og Storstein. Garden har gitt namn til Helsetvatnet og fjellet Helsetkopen. Helsetkopen blei verdskjent med innspelinga av spelefilmen Mission Impossible 7 der den amerikanske skodespelaren Tom Cruise hoppa frå fjellet på motorsykkel.

Eigarar og brukarar

Garden var tidleg på 1500-talet del av det såkalla "Austengodset" eller "Augustinusgodset" omtalt i dokument og rettsforhandlingar frå 15- til 1700-talet. [1] [2]. Garden har derfor alltid vore i privat eige, og frå andre halvdel av 1500-talet er tre eigarar kjent, Ingeborg Nilsdotter Rygg (Gloppen), Clemet Haakonson Flo (Stryn) og Anders Torgilsson Ytreeide (Stryn). Delinga av bruk 3 i to bruk på 17- og 1800-talet har skapt vanskar for forfattaren av bygdeboka for Sunnylven og Geiranger [3] brukarlistene på bruk 2 og bruk 3 har blitt blitt bytt om i bygdeboka. Brukarlistene nedanfor er eit forsøk på å klare opp i desse mistydingane.

Bruk 1, Knutbruket

Knutbruket Bruk 1, matrikkelskyld 2,96 mark.

For Knutbruket er brukarlista i bygdeboka for Sunnylven og Geiranger i hovudsak korrekt.

Bruk 2, Eliasbruket

Eliasbruket Bruk 2, matrikkelskyld 2,96 mark

1606-26. Steffen Lauritsen Helset
1626-60. Tore Steffenson Helset f. 1593
1660-1690. Halkjell Olson Maråk f. 1632
1694-1710. Oluf Halkjellson Helset f. 1664
1711. Ole Clausen bygsla 2 1/2 mellag 3 mk fisk frå Claus Frimann. Skoskatten 1711: "Ole Haldkieldssøn har opsagt sin gaard for Ole Claussøn som nu bruger gaarden med ham" [4]
1735. Jon Tormodsson Røyr bygsla 2 1/2 pund 12 mrk fisk frå Nils Hafnen.
ca. 1740. Zacharias Olsson Helset, son Ole Clausen Helset, var forlova med Anna Monsd men døydde så i 1742 før han rakk og gifte seg.
1744. Lars Jonsson Furnes bygsla 4 pund frå Nils Hafnen. Lars Jonson Furnes blei gift med enkja etter Zacharias Olson.
Merk at Lars Jonsson Furnes (fødd etter 1701, men før 1711) Helset har blitt forveksla med Lars Jonsson Helset f. 1706 på bruk 3. I 1763 kjøpte Lars Jonsson Helset (Furnes) gardparten han til då hadde bygsla.
1774. Ingebrigt Knutson Gomsdal, son til Knut Jonsson Gomsdal (Furnes) arva gardparten etter fullbror Lars Jonsson Helset (Furnes), som døydde i 1773.
1790. Erik Ingebrigtsson Helset fekk skøyte. Sidan Erik var berre 8 år blei garden bortpakta til morbroren Kristian Eriksson Storstein. [5]
1806. Erik Ingebrigtsson tok over gardsbruket i 1806.
1836. Ingebrigt Erikson fekk skøyte i 1836.
1865. Elias Ingebrigtsson
1904. Elias Eliasson
1954. Elias Ingolf Eliasson

Bruk 3, Fredrikbruket

Fredrikbruket Bruk 3, matrikkelskyld 2,97 skyldmark.

Fredrikbruket tilhøyrde "Austenætta" på Ytre Eide i Stryn og var eitt bruk fram til 1726 då bruket blei delt. Forfattaren av bygdeboka for Sunnylven og Geiranger har ikkje forstått denne delinga rett og dermed har det blitt ugreie i brukarlistene for Eliasbruket og Fredrikbruket. Brukarlista nedanfor korrigerer dermed brukarlista i bygdeboka s. 68-71 i utgåva frå 1993 og s. 76-79 i 1972-utgåva.

1610-55. Jon Andersson Ytre-Eide (Stryn).
1655-75. Sonen Anders Jonsson Helset f. 1613
1675-1725. Jon Andersson Helset f. 1659 brukte først gardsbruket saman med faren. I 1710 pantsette Jon Anderson gardsbruket til Nils Pedersson Langlo.
Bruket blei delt i to 1726-7.

Bruk 3a. (1726-1856)

1726. Anders Jonsson Helset f. 1695 fekk bygsel på 2 pund frå Seehuusen. [6]
1731. Sonen Lars Jonsson Helset f. 1706 fekk bygsel på 2 mellag 12 mrk frå Nils Knudsen Hafnen. I bygdeboka for Sunnylven og Geiranger har Lars Jonsson Helset f. 1706 og Lars Jonsson Helset f. ca. 1710 (Furnes) på bruk 2 blitt slått saman til ein person.
1764. Anders Larsson Helset f. 1729, son til Lars Jonsson Helset, kjøpte 2 1/2 mellag frå Ole H. Bloch.
1771. Anders Larsson Helset selde bruket til Botolv O. Bjørdal, og bygsla det tilbake. Anders Larsson Helset var gift med dotter til Botolv O. Bjørdal
1821. Jon Bjørdal selde denne gardparten til Tomas K. Voldsæter for 100 Spd.
1829. Thomas K. Voldsæter selde denne gardparten til Nils Ellingsson Hole for 100 Spd
1846. Jørgen Steffensson Øvre-Flo kjøpte gardparten frå Nils Ellingsson Hole for 250 Spd

Bruk 3b. (1726-1856)

1727. Peder Mortensen Møll f. 1698 bygsla 2 mellag 12 merk frå Nils Knudsen Hafnen. Sonen til brukaren av den andre halvparten, Lars Jonsson Helset f. 1706, la inn protest mot bortbygslinga og hevda heile bruket var farens odel. Lyste pengemangel.
1759. Lars Pedersson Helset son til Peder Mortensen bygsla 2 1/2 mellag frå H. Holtermann. Lars Pederson kjøpte gardparten på 2 1/2 i 1764 frå Ole H. Bloch.
1776. Rasmus Olsen Hellebostad f. 1745 kjøpte gardparten frå Lars Pedersson Helset.
1825. Nils Å. Frøysa kjøpte gardparten for 51 Spd
1842. Ole E. Storstein kjøpte gardparten av Karolus Sæter og Nils Å. Frøysa for 200 Spd
1851. Kjøpmann Lars Ringdal kjøpte gardparten for 350 Spd og Edvard Hellesylt bygsla denne halvparten.

Bruk 3a og 3b samla frå 1856

Bruk 3a og 3b blei slått saman i 1856 då Jørgen Steffensson kjøpte begge dei to halvpartane.

1856. Jørgen Steffensson kjøpte den andre halvparten i Fredrikbruket for 300 Spd og vart no eigar av heile bruk 3.
1866. Peder Jørgensen fekk skøyte på heile bruk 3 for 300 Spd.
1905. Fredrik Pedersson
1946. Peder Leonard Fredriksson

Husmannsplasser

Det er ikkje kjent husmannsplassar under Helset.

Galleri

Kjelder og litteratur

Gardar i Stranda kommune

Fotnotar

  1. Tingbok 19, 1711-1720, s. 140b-141a
  2. Nedrebø, Yngve (2021), Orkjeslekta og odelen til Hauge i Sunnylven, Bergensposten 1/2021.
  3. Lillebø, P.A. (1992), Sunnylven og Geiranger II
  4. RA, Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Fogderegnskap, R54/L3564: Fogderegnskap Sunnmøre, 1711, s. 307
  5. Helsedt i folketelling 1801 for Norddal prestegjeld fra Digitalarkivet
  6. SAT, Sunnmøre sorenskriveri, 1A/1/L0028: Tingbok 27, 1725-1729, s. 168b-169a

Kjelder

Litteratur

Koordinater: 62°3′18″ N 6°56′42″ Ø