Henri Delgobe

Henri Delgobe (født 24. mars 1874 på Vigsnes Kobberverk i Karmøy kommune, død 13. januar 1950 i Treungen) var lege.

Foreldra var Charles Antoine Delgobe (1844-1916), født i Château-Thierry, Frankrike, og Marie Nicolette Louise Floor (1850-1911), Bergen. Han var gift med Ingebjørg Nilsdatter Hauge, Røldal. Dei hadde ei dotter.

Delgobe byrja å studere i 1893, og tok cand. med. i 1901 og var amanuensis hjå distriktslæge Thode i Hadsel frå 1901 til 1902. Han var i kandidattjeneste og assistenglege fleire stader rundt om i landet, samt lege på kvalfangst i 1913. Han styrde Røldal Distrikt frå 1917-1920, var distriklege i Høgsfjord 1922-1923, stadslege i Mosjøen i 1923-1927 og distriktlege i Nissedal frå 1927 til juli 1941. Frå desember 1941 fram til mai 1942 var han leirlege for Arbeidertjenesten i Vikdal.

Henri Delgobe samla folkemedisin, folkeminner og ordtilfang. Mykje av dette er frå Røldal. I Norsk Folkeminnesamling er der 32 mapper etter Delgobe, og i Hannaas-samlinga i Etno-folkloristisk arkiv er det 7 mapper. Eit av manuskripta Delgobe kom over i Røldal prestearkiv var ei handskriven visebok frå 1600-talet. Denne sendte han inn til Norsk Folkeminnesamling i 1920, og har no arkivsignaturen NFS Delgobe 13.  Norsk Folkeminnelags skrifter 118, 1600-talsviser. Eit handskrift frå Røldal utgitt av Reimund Kvideland i samarbeid med Helge Johnsen, er eit studie av denne.

Litteratur

  • Larsen, Øivind. 1996. Norges Leger. Bind 1. Den norske lægeforening. Oslo.