Henrik Frederik Arild Sibbern

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 10:28 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Rygge kommune» til «Kategori:Moss kommune [[Kategori:Rygge»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreHenrik Frederik Arild Sibbern (fødd 6. juni 1785, død 11. april 1863) var offiser og eidsvollsmann. Han var ingeniøroffiser og i løpet av dei 40 åra han hadde stillingar og bustad i Kristiansand, sette han preg på byen og distriktet rundt med dei mange festningsverk, bygningar, vegar og andre anlegg som han var fagleg involvert i.

Familie

Han var fødd inn i ein framståande godseigar- og offisersfamilie på Verne kloster i Rygge. Foreldra var major og godseigar Georg Christian Sibbern (1732-1796) og hans andre hustru Søster Huitfeldt (fødd ca. 1758). Arild Sibbern var yngre bror av major og seinare stiftamtmann og statsråd Valentin Christian Wilhelm Sibbern, som også var eidsvollsmann.

H.F.A. Sibbern gifta seg i Tveit kyrkje 11. desember 1821 med Maren Dorothea Steensen (fødd i Kristiansand 19. oktober 1798, død i Christiania 27. mai 1855). Ho var dotter til teologen Christian Steensen og Maren Dorothea Hagerup.

Militær karriere

H.F.A. Sibbern kom til København som elev ved Landkadettakademiet i 1801, og tok eksamen der i 1803. Det fyrste året etter avlagt offiserseksamen var han ved Kongens regiment i København og gjorde pasjeteneste ved hoffet for konge Christian VII. Han hadde fenriks grad, men gjorde i 1805-1806 teneste i underoffisersstilling ved Landkadettakademiet. Som sekondløytnant var han ved Kongens regiment i Helsingør 1807-1808. I åra 1808-1810 fekk han høgskuleutdanning som ingeniøroffiser i København. Etter det vart han send til Noreg for å bistå ved eit kanalanlegg på Sørlandet. Sidan vart sidan verande i heimlandet. I tidsrommet 1811-1814 hadde han militære ingeniøroppgåver i Trondheim. Han fekk kapteins grad i 1813 og kapteins stilling i i den norske Ingeniørbrigaden og stasjonert som detachmentssjef i Kristiansand frå juni 1814.

Han vart stroken av listene i den danske hæren frå 10. august 1814, og fekk formell avskil derifrå 5. mai 1815.

Hans vidare militære avansement kan oppsummerast slik som følgjer. 1832: Major. 1853: Oberstløytnant med tre års teneste ved Ingeniørbrigadens stab i Kristiania. Han tok avskil frå det militære i 1856, flytta tilbake til Kristiansand og budde der dei siste sju åra av sitt liv.

Ingeniøren

Etter 12 år som kadett og offiser i København, kom Sibbern til Noreg att i 1810. Oppdraget var terrengoppmålingar for eit påtenkt kanalanlegg i Spangereid (i nåverande Lindesnes kommune). Rett etter det vart han nytta som ingeniør til befestnings- og oppmålingsarbeid i Trondheim eit par års tid. I 1823 var han beordra til Sverige for å delta i arbeidet på Göta kanal og for å gjere planleggingsarbeid for vegutbygging i Nord-Sverige.

I den byen han snart gjorde til sin varige heimby, Kristiansand, sette ingeniøroffiser Sibbern djupe spor etter seg i bygg- og anleggverksemd. Det galdt i fyrste rekkje festningsarbied, men også ei lang rad offentlege bygningar i og utanfor byen, derunder fleire kyrkjebygg. I perioden 1842-1848 gjorde han forundersøkingar og leia arbeidet med veganlegget opp til Valle i Setesdalen.

Eidsvoll 1814

Det var som representant for Ingeniørbrigaden han møtte på Eidsvoll i 1814. Han var ein ung mann (29 år), og fortel sjølv at han var lite budd på dette viktige oppdraget da han fekk ordren:

«...uden Tanke og uvidende om, hva min Function kunde blive, opdraget under souveraine og militære Former og ingen Anelse om andre, og herefter ei at høre andet nu end Constitution! og Frihed! ingen Forening med Danmark! og naturligvis end mindre med Sverige! ---- i en stum Forbauselse stod jeg og de fleste med mig, som man var nedfaldet fra Skyerne med ingen rimelig Tanke om, hvad Ende Sagen vilde faa; som ung Lieutenant og aldeles uvidende om Stats-Styrelse og lovbunden Frihed, var jeg dog norsk og norsk af Sind og Sjæl...»[1]

Sibbern gjorde seg da heller ikkje særleg gjeldande i debattane på Eidsvoll. Han har vorte rekna til Sjølvstendepartiet. Koht (1958) seier til dømes om dette at han «visstnok stadig stemte med selvstendighetspartiet.» Men ein kan sjølvsagt spørje seg om dette er tilstrekkeleg til å tilleggje Sibbern ei definitiv partitilhøyrsle på Eidsvoll.

Referansar

  1. Frå Sibberns erindringar, her sitert etter Schnitler 1914:316.

Kjelder og litteratur

  • Koht, Halvdan: Artikkel om Sibbern i Norsk biografisk leksikon 1958.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd II. Oslo 1949.
  • Schnitler, Carl W.: «Officerene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schnitlers kapittel om eidsvollsmennene i Eidsvold 1814. Kristiania 1914.