Henrik Mohn Dahl: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Kjelder og litteratur: Bokhylla-lenkjer + målform)
(lenkjer)
Linje 1: Linje 1:
[[Fil:Henrik Mohn Dahl.jpg|Henrik Mohn Dahl|thumb]]'''[[Henrik Mohn Dahl]]''' (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar.  
[[Fil:Henrik Mohn Dahl.jpg|Henrik Mohn Dahl|thumb]]'''[[Henrik Mohn Dahl]]''' (fødd 8. januar 1844 i [[Bergen]], død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i [[Sogndal]] og politikar.  


==Oppvekst==
==Oppvekst==

Sideversjonen fra 27. mai 2015 kl. 16:05

Henrik Mohn Dahl

Henrik Mohn Dahl (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar.

Oppvekst

Dahl var son av sokneprest Henning Frimann Dahl og Margrethe Albertine Henriette Mohn. Bestefaren på farssida var major Niels Griis Alstrup Dahl (1777-1836). Mora ætta frå Foswinckel som åtte Nygård i Bergen, og Dahl fekk arv i ein part.

Fram til han var 10-11 år budde Dahl i Bergen der faren var skulestyrar. I 1854 vart H.F. Dahl sokneprest i Innvik i Nordfjord, og familien flytte dit. Her fekk han opplæring faren og storesystera Mette Dahl til i 16-årsalderen. Henrik las så til artium i Kristiania og vart student i 1862. På grunn av helseproblem i studietida var han var ein del heime og hjelpte til på prestegarden i Lærdal der faren hadde vore prest sidan 1863.

Identifikasjon med bonden

I dei biografiske omtalene vert det lagt stor vekt på at han vart særs glad i naturen i Nordfjord-tida, og at han identifiserte seg stadig sterkare med bonden og bygdelivet. I 1860-åra uttrykte han fleire gonger ein draum om sjølv å bli bonde, og no fekk han den tanken at «den eneste maade hvorpaa man kunde med held virke paa bonden og adle ham, maatte være at sætte sig fuldkommen paa hans standpunkt». Dette var ikkje primært for å betre dei materielle kåra til bonden. «Hovedsagen maatte være bondens moralske forædling.» (1866)

Dahls orientering mot landsmålet og målreisinga sprang ut av dette. Olav Hauge har funne døme alt frå 1866 på at han har skrive vers på landsmål, og Dahl reknar det som noko sjølvsagt at han er målmann. Han vart i 1866 mykje påverka av Christopher Bruuns skrift «To foredrag om maalsagen», og han skreiv sjølv same året at det «var den store vanskelighed som vort skriftsprog bereder bonden» som opptok han. «Maalets betydning for nationaliteten havde jeg derimod ikke kunnet fatte», noterte han seg

Ferder og prestegjerning

I juni 1868 tok Dahl teologisk embetseksamen og drog deretter på ei ferd til Middelhavet og Adriaterhavet. Han reiste mykje også seinare i livet og var tre gonger i Italia. Det heiter seg at han har sett alle land i Europa «so nær som Finnland, Russland og Balkanhalvøyi». Han vitja òg det meste av Noreg på ferdene sine.

Den 1. oktober 1870 vart han utnemnd til personleg kapellan i Os i Hordaland, men måtte søkje om avskil i 1872 på grunn av helseproblem. I 1873 drog han til Amerika. Då hadde han vore eit par månader ved Sogndal folkehøgskule for å bli kjend med skulen som Jakob Sverdrup hadde skipa tre år før.

Sogndal folkehøgskule

I 1874 medan han ennno var i Amerika, skreiv Sverdrup til Dahl for å få han til å bli lærar ved Sogndal folkehøgskule. 30-åringen Dahl slo til og kom til Sogndal same året, og dette skulle bli livsgjerninga hans. Dahl tok raskt over meir og meir av styringa ved skulen, og i 1878 vart han styrar då Sverdrup vart utnemnt til sokneprest i Leikanger. Alt i 1875 hadde Sverdrup nytta delar av morsarven til å byggje eit nytt skulehus, Helgheimstova. I 1885 utvida han skulen og bygde eit internat.

Framfor nokon var det Dahl som gjorde Sogndal folkehøgskule til eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn dei siste tiåra på 1800-talet. Som Sverdrup sokna Dahl til den lågkyrkjelege vestlandsfløya i Venstre som skipa Moderate Venstre i 1888. Han vart vararepresentant til Stortinget i 1882 og møtte våren 1885. I 1888 vart han vald til representant og møtte 1889-91. I Sogndal var han ordførar 1886-1893. I 1893 skilde han lag med Moderate Venstre, men då var han òg ute av politikken.

Målsaka

Dahl gjorde Sogndal folkehøgskule til eit sentrum for målreisinga i Sogn, og folkehøgskulen var mellom dei fyrste i landet som gav elevane opplæring i landsmål (1870-åra). I 1882 skipa Dahl til eit landsmålskurs for lærarar, truleg det fyrste i landet.

Sommaren 1884 tok Dahl initiativet til den såkalla Vadheimresolusjonen frå eit amtslærarmøte i Vadheim. Dette vart startskotet for kampanja som i mai 1885 enda med jamstellingsvedtaket der Stortinget gjorde landsmålet til offisielt språk, eit vedtak Dahl sjølv var med på ettersom han då møtte som vararepresentant. Ei av sakene Dahl var med og handsama i Stortinget i 1885, var søknader om tilskot til landsmålskurs for lærarar frå fire folkehøgskular, mellom anna Sogndal. Dahl heldt nye lærarkurs i 1885 og 1887, og dei var truleg svært viktige for å spreie målsaka til bygdene i Sogn.

Bøker

Dahl gav ut tre bøker:

  • Sangbog for den norske Folkeskole (1875), fleire utgåver
  • Smaastykker af norske Forfattere. For høiere Folkeskoler (1876)
  • Udsigt over kirkehistorien for høiere folkeskoler (1882)

Avgang og død

På grunn av helseproblem måtte Dahl gje seg som folkehøgskulestyrar i 1896, 52 år gamal. 25-årsfesten for Sogndal folkehøgskule på nyåret 1896 «vart slutnaden paa skulearbeidet hans» (Hauge). Han fekk sett opp ei kårstove ved skulen der han og systera Mette budde så lenge dei levde. Ho døydde eit par år før Dahl, som døydde i juni 1909. Ingen av dei var gifte eller hadde etterkomarar.

Syskena testamenterte ei stor samling med eldre bøker til folkehøgskulen. Dei hadde langt ned store summar i bygningmassen på folkehgskulen, og dei testamenterte mykje av pengane som vart att til folkehøgskulen og til skulestipend for fattige elevar. I arkivet til Sogndal folkehøgskule ligg det ei større brevsamling etter Dahl (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane).

Den 17. mai 1914 reiste Sogn høgskulelag ein minnestein over Henrik og Mette Dahl på folkehøgskulen.

Kjelder og litteratur