Herøy kystmuseum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Herøy kystmuseum vart etablert i 1981 og består av Herøy gard (gnr. 39, bnr 1). Herøy kommune er eigar av eigedomen, og Stiftinga Sunnmøre Museum har drifta av museet.

Kystmuseet ligg på ein øy, Herøy. Øya har hatt ein sentral plass i regionen i over 1000 år. Her var tingstad med gildestove i middelalderen, kyrkjestad frå ca. 1100 -1916, prestegard fram til 1761 og handelsstad frå 1700-talet til 1916. Kyrkjeminne frå 1100-talet med gravplass. Museet i dag er den gamle handelsstaden, slik den vaks fram på 1800-talet med ulike bygningar, interiør, fiskereiskapar og båtar. Mellom anna ein snidbetna færing og seksring, samt ei Sunnmørsjekt frå 1700-talet.

Herøy museumsbåtlag held til på museet og arbeider som museumslag med ansvar for båtane til museet og miljøet kring dei.

Kjelde