Herbør

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 18. jun. 2015 kl. 11:59 av Kallrustad (Samtale | bidrag) (overlenking)
Hopp til navigering Hopp til søk
Døme på herbør, Alnesherbøret i Tafjordfjella.
Foto: Arnfinn Kjelland (2013)

Herbør eller herbøre er den lokale nemninga på sjølvbygde overnattingsplassar i Nord-Gudbrandsdals- og Tafjordfjella. Mange av dei var nokså primitive krypinn under hellarar eller store steinar med enkle steinmurar til ytterveggar. Andre - som Gamal-Puttbua i Puttbudalen - var relativt komfortable med ildstad og brukbare sengeplassar.

Overnattingsplassane var nok først og fremst nytta i samband med jakt og fiske.

Ordet har nok samanheng med herbyrge, «Huus til et midlertidigt Ophold» (Ivar Aasen 1973).

Litteratur

  • Fylling, John H. 1999: Tafjordfjella. Fra fjord til verdens tak. Vista forlag, Larsnes, s. 33.
  • Mølmen, Øystein 1987: Fra dyregraver til geværjakt i Rauma. Rauma kommune, s. 30.