Hermann Fischer (1893–1943): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Flytta snublesteinbildet ned. Portrett frå Våre falne på veg.)
Ingen redigeringsforklaring
(22 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>
<onlyinclude>{{thumb|Herman Fischer (1893-1943).png|Hermann Fischer.}}
[[Hermann Fischer (1893–1943)|'''Herman'''('''n''')''' Fischer''']] (f. [[1. januar]] [[1893]] i [[Litauen]]; d. [[2. januar]] [[1943]] i [[Auschwitz]]) var ein forretningsmann og cellist i [[Kristiansund]]. Han dreiv forretninga [[Beklædningsmagasinet Fix]], var cellist i [[Kristiansund Symfoniorkester]] og leiar av orkesteret. </onlyinclude>
[[Hermann Fischer (1893–1943)|'''Herman'''('''n''')''' Fischer''']] (f. [[1. januar]] [[1893]] i [[Litauen]]; d. [[2. januar]] [[1943]] i [[Auschwitz]]) var ein forretningsmann, cellist, [[målrørsla|målmann]] og [[sjakk]]spelar i [[Kristiansund]]. Han tok over forretninga [[Beklædningsmagasinet Fix]] etter faren i [[1914]] og dreiv ho med eit kortare avbrott fram til tidleg i 1940-åra. Han var cellist i [[Kristiansund Symfoniorkester]] og leiar av orkesteret. </onlyinclude>


== Familien ==
=== Prosjektet &mdash; kven var Hermann Fischer? ===
Det er nok framleis ein del lokalhistorie- eller musikkinteresserte på [[Nordmøre]] som har høyrt om Hermann Fischer. Den jødiske cellisten, kapellmeisteren og konfeksjonshandlaren som vart arrestert fordi han var jøde og deportert frå Kristiansund i 1942. Ein del veit at denne arrestasjonen opprørte mange i Kristiansund, og at det vart skrive eit ope brev – med 104 underskrifter! – til justisminister [[Sverre Riisnæs]] med krav om at han måtte settast fri. Somme veit nok òg at han døydde i den nazistiske konsentrasjonsleiren i Auschwitz i 1943, dagen etter femtiårsdagen sin. Men så mykje meir er det vel ikkje som er nokolunde allment kjent blant lokale historieinteresserte.


{{thumb|Snublesteiner Fischer Kristiansund.JPG|Utafor Ole Jullums gate 13 er det lagt ned snublesteinar til minne om Herman Fischer og familien hans.|Chris Nyborg|2017}}<onlyinclude>Hermann Fischer gifta seg med [[Gusta Berman]] i [[Trondheim]] den [[19. september]] [[1915]]. Dei fekk borna [[Lilly Fischer]] (f. 1916), [[Sara Fischer]] (f. [[1920]]), [[Emanuel Fischer]] (f. [[1923]]), [[Judith Fischer]] (f. [[1930]]), [[Ruth Fischer]] (f. [[1931]]) og [[Theodor Fischer]] (f. [[1937]]). </onlyinclude>
For å finne ut meir, må vi gå til kjeldene. Vi har folketeljingane for 1900 og 1910, som er i ferd med å bli koordinert med andre offentlege kjelder i den nye nettenesta Historisk befolkningsregister. Fordi Hermann Fischer var jøde finn vi han òg att i ''[[spørreskjema for jøder i Norge]]''. Og ei av dei viktigaste kjeldene vi har til 1900-talshistoria er avisene. Men det er framleis berre brottstykke av eit rikt liv vi finn att her – om enn i store nok mengder til å fylle mykje meir enn denne artikkelen.


== Drepen av nazistane ==
Artikkelen «Hermann Fischer – kven var han?» vart publisert i ''[[Du mitt Nordmøre]]'' i [[2018]] og i meinigheitsbladet ''[[Hatikvah]]'' i [[2019]]. Innhaldet er i all hovudsak lagt inn her og kan fritt arbeidast vidare med innanfor rammene til Lokalhistoriewiki.


<onlyinclude>Hermann Fischer vart arrestert av nazistane og sett inn i [[Ålesund kretsfengsel]] den [[23. mai]] [[1942]]. Den [[12. juli]] vart han overført til Vollan i Trondheim. Den [[7. august]] vart han og [[Abraham Borøchstein]] teken ombord i eit skip og tekne nordover til [[Kvænangen]]. Den [[11. november]] same år vart dei tekne ombord på eit skip att og sendt til [[Grini fangeleir]], der dei kom fram den [[21. november]]. </onlyinclude> Den [[26. november]] [[1942]] vart han og mange andre sendt med [[DS «Monte Rosa»]] til [[Århus]] i [[Danmark]]. Frå Århus vart dei tekne med tog til [[Hamburg]] og derifrå att til [[Berlin]]. Frå Berlin vart dei sendte med kuvogner vidare, og dei kom til [[Auschwitz]] den [[11. desember]] [[1942]]. Hermann Fischer dødde i Auschwitz den [[2. januar]] [[1943]].
=== Bakgrunn og familie ===
 
<onlyinclude>Hermann Fischer vart fødd den [[1. januar]] [[1893]] i Leckava ({{jid.}} Latskeve) i [[Litauen]] som den eldste av åtte born av foreldra Dina f. Bekker (f. 1872 i Leckava; d. 1943 i [[Auschwitz]]) og Abraham Fischer (1867–1942). Han vaks opp hovudsakleg i [[Trondheim]], der familien hadde busett seg midt i 1890-åra — den første tida i [[Nedre Møllenberggate (Trondheim)|Nedre Møllenberg gade]] 36B (Folket. 1900), og seinare i [[Krambugata (Trondheim)|Krambodgate]] 15 (Folket. 1910) og [[Innherredsveier (Trondheim)|Innherredsvn.]] 27. </onlyinclude>
 
<onlyinclude>Hermann gikk på 7-årig folkeskule ved [[Bispehaugens folkeskole]] i Trondheim, og deretter utdanna han seg ved [[K. Solbergs handelsskole]]. Han må nok òg ha fått god opplæring i cello som vi ser av rolla hans i Kristiansund Symfoniorkester, men vi veit ikkje enno kven læraren hans var. Han gifta seg med [[Gusta Berman]] i Trondheim den [[19. september]] [[1915]]. </onlyinclude> Dei fekk seks born:
 
# [[Lilly Fischer]] (f. 1916; gift med Oskar Abrahamsen frå Trondheim; d. 1942 i Sverige)
# [[Sara Assne Fischer]] (f. 1920 i Kristiansund; gift med Oscar Emanuel Bernstein; flykta til Sverige og overlevde krigen).
# [[Emanuel Fischer]] (f. 1923; d. 8. februar 1943 i Auschwitz).
# [[Judith Fischer]] (f. 1930; d. 3. mars 1943 i Auschwitz).
# [[Ruth Fischer]] (f. 1931; d. 3. mars 1943 i Auschwitz).
# [[Theodor Fischer]] (f. 1937; d. 3. mars 1943 i Auschwitz).
 
Familien busette seg i Kristiansund, der dei i 1922 budde i Clausens gate 1. I 1942 budde dei i Ole Jullums gate 17. I 1921 fikk Hermann Fischer norsk statsborgarskap.
 
=== Broren Martin ===
Hermann var ikkje den einaste av sin familie i Kristiansund. Broren [[Martin Mendel Fischer|Martin Mendel («Minke») Fischer]] kom òg til Kristiansund i 1915, der han og mora starta firmaet «D. Fischer» (frå mai 1916: Standard-Magasinet) same år med mora som eigar og Martin som drivar. I februar 1918 tok han over firmaet, men forretninga gikk inn i november same år. I september 1924 opna han Cigarforretningen  «Tobak» på Lindahls plads 5, og bustadsadressa var da oppgjeven som Massastrædet 4A. I 1929 og 1930 var han disponent ved Varehuset CENTRUM i Kristiansund. Han gifta seg med [[Bertha Sonja Bermann]] i juni 1919, og dei fikk dei tre sønene Abel, Wulf og Idar. Medan familien budde i Kristiansund var Martin aktiv i sjakklubben som broren Hermann hadde etablert. Martin med familie flytta frå Kristiansund til [[Narvik]] i 1932.
 
=== Forretninga ===
{{thumb|19131222 TK FIX.png|Annonse i ''[[Tidens Krav]]'' frå desember 1913 for ''Ophørs-Realisation'' da Abraham Fischer avslutta si forretning i Kristiansund og overdrog ho til sonen Hermann.}}
I [[1914]], året før Hermann gifta seg, tok han over forretninga [[Beklædningsmagasinet FIX]] i Kristiansund av faren. Da han tok over var forretningslokala i [[Hauggata (Kristiansund)|''Haugegaten'']] – i «gaarden ovenfor Aas & Knudtzen». Frå 11. september til 23. oktober 1914 stod det annonsar for ''flytterealisation'' i ''[[Romsdals Amtstidende]]'' og ''[[Tidens Krav]]''. I ein annonse i ''Tidens Krav'' den 15. januar 1915 er adressa Marmorgården i Torvgaten. Lokalpressa hadde reklame for FIX jamnleg fram til 28. desember 1921, men så vart det stille. Den 3. juli 1922 og fram til den 20. september same året ser vi av annonsar i Tidens Krav at det er realisasjon av konkursbuet. I ''Norsk Kundgjørelsestidende'' 19.10.1922 ser vi at han etablerte nytt selskap med same namn, og den 21. oktober kjem den første annonsen for den nye forretninga. Han dreiv vidare i Marmorgården fram til bombinga i 1940. Sommaren 1940 ser vi av ein annonse i TK at butikken flytta inn i ''«egen forretningsbarakke [på] Middelskolens lekeplass»''. Etter det hører vi ikkje noko meir til forretninga i avisene.
 
=== Orkesteret ===
Hermann Fischer var ein habil cellist, og han var styremedlem i [[Kristiansund Symfoniorkester]] 1919–1922 (kasserar), 1924–25 (sekretær), 1925–27 (formann), 1927–28 (kasserar), 1928–29 (formann) og 1930–1932 (formann). På den tida at dei to første [[opera]]oppsettingane i Kristiansund på 1900-talet, Glucks ''Orfeus'' i [[1928]] og von Webers ''Jegerbruden'' i [[1931]], vart gjennomført var Hermann styreformann i Kristiansund Symfoniorkester, og han spela i orkesteret under begge desse oppsettingane så vel som under oppsettinga av Glucks ''Ifigenia på Tauris'' i 1934.
 
=== Målsaka ===
{{thumb|19280210 Den17deMai Kr.sundsannonsar.png|Annonsar for forretningar i [[Kristiansund]] i [[landsmål]]savisa ''[[Den 17de Mai]]'' den [[10. februar]] [[1928]], inkludert annonse for [[Beklædningsmagasinet FIX]].}}
Hermann Fischer var målmann og medlem av [[Fosna Mållag]]. Men da forretninga hans flytta inn i Marmorgården, så låg Riksmålskafeen i etasjen over. Få år etter tok mållaget over bygninga, og Riksmålskafeen vart erstatta av Kaffistova, og Bondeheimen begynte hotelldrift i 3. etasje. Det var nok målmannen Hermann Fischer godt fornøgd med. Advokat [[Leif Rogeir Jordal]] gave eit lite tidsbilde til [[Erling J. Juul]] i eit portrettintervju. Bakgrunnen for denne historia var ei sak han hadde som advokat i 1935 der han var forsvarar for ein mann som hadde skore av flagglina til hakekorsflagget den tyske konsulen hadde heist på 1. mai:
 
{{sitat|
«I frokostpausen gikk jeg til Kaffistova for å drikke min formiddagskaffe, sier Jordal. Der satt en fast gjeng bestående av Karl Bakke, kjøpmann Fischer og redaktør Salvesen. Samtlige syntes det var for galt at Aandahl skulle bli dømt for skarve to kroner, og skranglet sammen beløpet som jeg skulle legge på rettens bord.»<ref>''Tidens Krav'', publ. 27.04.1974.</ref>
}}
 
=== Sjakk ===
I 1917 var Hermann Fischer blant stiftarane av [[Kristiansund sjakklubb|Kristiansunds schakklubb]], der han òg var formann ei tid. Det var mykje både entusiasme og kreativitet inne i bildet, og måndag 3. februar 1923 kom det noko kristiansundspublikummet aldri hadde sett før:
 
{{sitat|
''«Demonstration av schakspill med levende figurer – det første i sitt slags her i byen. Kongen og dronningen i uniformer, løpere og springere i full krigsdragt, beredt til kamp, de trauste taarn sluttet den faste borg, og bøndernes plasser var besatt av nette unge damer som tappert forsvarte sin konge. Spillet som gikk slag i slag lededes av hr. H. Fischer og hr. E. Gjertschikoff.»<ref>''Tidens Krav'', publ. 05.02.1923.</ref>
}}
 
I ''Tidens Krav'' vinteren 1923/24 framgår det at det som etterspel til eit festleg [[bacalao]]-arrangement der ''«H. Fischer […] takket […] pressen for den velvilje og imøtekommenhet klubbens vedkommende alltid var blitt møtt med»''. Pressa kjente at dei burde gjort meir, og i samarbeid mellom ''Tidens Krav'' og ''[[Dagsposten]]'' vart det sett opp ein telegraf-schakmatch mellom Kristiansunds schakklubb og [[Studenternes schakklubb (Trondheim)|Studenternes schakklubb]] i Trondheim med fast spalte i ''Tidens Krav'' og ''Dagsposten'' kvar laurdag frå januar 1924. Frå Kristiansunds schakklubbs side var Herman Fischer kampleiar, og broren Martin Fischer ein av dei tre spelarane på parti nr. 1. (Avisdykket har ikkje avdekt enno kven som vann denne matchen.)
 
=== Deportasjonen ===
{{thumb|Snublesteiner Fischer Kristiansund.JPG|Utafor Ole Jullums gate 13 er det lagt ned snublesteinar til minne om Herman Fischer og familien hans.|Chris Nyborg|2017}}
Hermann Fischer vart arrestert av nazistane og sett inn i [[Ålesund kretsfengsel]] den 23. mai 1942. Som nemnt ovanfor, så vart det skrive eit ope brev – med 104 underskrifter! – til justisminister [[Sverre Riisnæs]] med krav om at han måtte settast fri att. Det var ikkje Riisnes interessert i. Den 12. juli vart Hermann Fischer overført til Vollan i Trondheim. Den 7. august vart han og [[Abraham Borøchstein]] tekne ombord i eit skip og tekne nordover til [[Kvænangen]]. Den 11. november same år vart dei tekne ombord på eit skip att og sendt til [[Grini fangeleir]], der dei kom fram den 21. november. Den 26. november 1942 vart han og mange andre sendt med [[M/S «Monte Rosa»]] til [[Århus]] i [[Danmark]]. Frå Århus vart dei tekne med tog til [[Hamburg]] og derifrå att til [[Berlin]]. Frå Berlin vart dei sendt med [[kuvogn]]er vidare, og dei kom til [[Auschwitz]] den 11. desember 1942. Hermann Fischer dødde i Auschwitz den 2. januar 1943 — dagen etter at han fylte femti. Sonen Emanuel døydde av lungebetennelse i Auschwitz [[8. februar]]. Kona Gusta og borna Judith, Ruth og Theodor vart drepne i gasskammeret i Auschwitz den [[3. mars]]. Berre dottera Sara, som hadde greidd å flykte til Sverige, overlevde krigen.
 
== Referansar ==
{{reflist}}
 
== Kjelder ==
 
=== Bøker ===
* {{Borøchstein 2000}}
* Olsen, Sven Erik; Olsen, Tor: ''Operaen i Kristiansund : ikke La Scala, men for folket''. Kristiansund : Tosvela, 2007.
* Williamsen, Odd W.: ''God gedigen musikk : Kristiansund symfoniorkester 80 år 1999''. Kristiansund : Nordmøre museum, 1999.
 
=== Internettressursar ===
* Den digitaliserte avissamlinga ved Nasjonalbiblioteket.
* {{hbr1-1|pc00000000008305|Hermann Fischer}}.
* [[Digitalarkivet]]


{{Snublesteiner}}
{{Snublesteiner}}
Linje 21: Linje 81:
[[kategori:holocaustofre]]
[[kategori:holocaustofre]]
[[Kategori:Grinifanger]]
[[Kategori:Grinifanger]]
{{F2}}
{{nn}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 27. jan. 2021 kl. 10:38

Hermann Fischer.

Herman(n) Fischer (f. 1. januar 1893 i Litauen; d. 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein forretningsmann, cellist, målmann og sjakkspelar i Kristiansund. Han tok over forretninga Beklædningsmagasinet Fix etter faren i 1914 og dreiv ho med eit kortare avbrott fram til tidleg i 1940-åra. Han var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og leiar av orkesteret.

Prosjektet — kven var Hermann Fischer?

Det er nok framleis ein del lokalhistorie- eller musikkinteresserte på Nordmøre som har høyrt om Hermann Fischer. Den jødiske cellisten, kapellmeisteren og konfeksjonshandlaren som vart arrestert fordi han var jøde og deportert frå Kristiansund i 1942. Ein del veit at denne arrestasjonen opprørte mange i Kristiansund, og at det vart skrive eit ope brev – med 104 underskrifter! – til justisminister Sverre Riisnæs med krav om at han måtte settast fri. Somme veit nok òg at han døydde i den nazistiske konsentrasjonsleiren i Auschwitz i 1943, dagen etter femtiårsdagen sin. Men så mykje meir er det vel ikkje som er nokolunde allment kjent blant lokale historieinteresserte.

For å finne ut meir, må vi gå til kjeldene. Vi har folketeljingane for 1900 og 1910, som er i ferd med å bli koordinert med andre offentlege kjelder i den nye nettenesta Historisk befolkningsregister. Fordi Hermann Fischer var jøde finn vi han òg att i spørreskjema for jøder i Norge. Og ei av dei viktigaste kjeldene vi har til 1900-talshistoria er avisene. Men det er framleis berre brottstykke av eit rikt liv vi finn att her – om enn i store nok mengder til å fylle mykje meir enn denne artikkelen.

Artikkelen «Hermann Fischer – kven var han?» vart publisert i Du mitt Nordmøre i 2018 og i meinigheitsbladet Hatikvah i 2019. Innhaldet er i all hovudsak lagt inn her og kan fritt arbeidast vidare med innanfor rammene til Lokalhistoriewiki.

Bakgrunn og familie

Hermann Fischer vart fødd den 1. januar 1893 i Leckava (Mal:Jid. Latskeve) i Litauen som den eldste av åtte born av foreldra Dina f. Bekker (f. 1872 i Leckava; d. 1943 i Auschwitz) og Abraham Fischer (1867–1942). Han vaks opp hovudsakleg i Trondheim, der familien hadde busett seg midt i 1890-åra — den første tida i Nedre Møllenberg gade 36B (Folket. 1900), og seinare i Krambodgate 15 (Folket. 1910) og Innherredsvn. 27.

Hermann gikk på 7-årig folkeskule ved Bispehaugens folkeskole i Trondheim, og deretter utdanna han seg ved K. Solbergs handelsskole. Han må nok òg ha fått god opplæring i cello som vi ser av rolla hans i Kristiansund Symfoniorkester, men vi veit ikkje enno kven læraren hans var. Han gifta seg med Gusta Berman i Trondheim den 19. september 1915. Dei fekk seks born:

  1. Lilly Fischer (f. 1916; gift med Oskar Abrahamsen frå Trondheim; d. 1942 i Sverige)
  2. Sara Assne Fischer (f. 1920 i Kristiansund; gift med Oscar Emanuel Bernstein; flykta til Sverige og overlevde krigen).
  3. Emanuel Fischer (f. 1923; d. 8. februar 1943 i Auschwitz).
  4. Judith Fischer (f. 1930; d. 3. mars 1943 i Auschwitz).
  5. Ruth Fischer (f. 1931; d. 3. mars 1943 i Auschwitz).
  6. Theodor Fischer (f. 1937; d. 3. mars 1943 i Auschwitz).

Familien busette seg i Kristiansund, der dei i 1922 budde i Clausens gate 1. I 1942 budde dei i Ole Jullums gate 17. I 1921 fikk Hermann Fischer norsk statsborgarskap.

Broren Martin

Hermann var ikkje den einaste av sin familie i Kristiansund. Broren Martin Mendel («Minke») Fischer kom òg til Kristiansund i 1915, der han og mora starta firmaet «D. Fischer» (frå mai 1916: Standard-Magasinet) same år med mora som eigar og Martin som drivar. I februar 1918 tok han over firmaet, men forretninga gikk inn i november same år. I september 1924 opna han Cigarforretningen «Tobak» på Lindahls plads 5, og bustadsadressa var da oppgjeven som Massastrædet 4A. I 1929 og 1930 var han disponent ved Varehuset CENTRUM i Kristiansund. Han gifta seg med Bertha Sonja Bermann i juni 1919, og dei fikk dei tre sønene Abel, Wulf og Idar. Medan familien budde i Kristiansund var Martin aktiv i sjakklubben som broren Hermann hadde etablert. Martin med familie flytta frå Kristiansund til Narvik i 1932.

Forretninga

Annonse i Tidens Krav frå desember 1913 for Ophørs-Realisation da Abraham Fischer avslutta si forretning i Kristiansund og overdrog ho til sonen Hermann.

I 1914, året før Hermann gifta seg, tok han over forretninga Beklædningsmagasinet FIX i Kristiansund av faren. Da han tok over var forretningslokala i Haugegaten – i «gaarden ovenfor Aas & Knudtzen». Frå 11. september til 23. oktober 1914 stod det annonsar for flytterealisation i Romsdals Amtstidende og Tidens Krav. I ein annonse i Tidens Krav den 15. januar 1915 er adressa Marmorgården i Torvgaten. Lokalpressa hadde reklame for FIX jamnleg fram til 28. desember 1921, men så vart det stille. Den 3. juli 1922 og fram til den 20. september same året ser vi av annonsar i Tidens Krav at det er realisasjon av konkursbuet. I Norsk Kundgjørelsestidende 19.10.1922 ser vi at han etablerte nytt selskap med same namn, og den 21. oktober kjem den første annonsen for den nye forretninga. Han dreiv vidare i Marmorgården fram til bombinga i 1940. Sommaren 1940 ser vi av ein annonse i TK at butikken flytta inn i «egen forretningsbarakke [på] Middelskolens lekeplass». Etter det hører vi ikkje noko meir til forretninga i avisene.

Orkesteret

Hermann Fischer var ein habil cellist, og han var styremedlem i Kristiansund Symfoniorkester 1919–1922 (kasserar), 1924–25 (sekretær), 1925–27 (formann), 1927–28 (kasserar), 1928–29 (formann) og 1930–1932 (formann). På den tida at dei to første operaoppsettingane i Kristiansund på 1900-talet, Glucks Orfeus i 1928 og von Webers Jegerbruden i 1931, vart gjennomført var Hermann styreformann i Kristiansund Symfoniorkester, og han spela i orkesteret under begge desse oppsettingane så vel som under oppsettinga av Glucks Ifigenia på Tauris i 1934.

Målsaka

Annonsar for forretningar i Kristiansund i landsmålsavisa Den 17de Mai den 10. februar 1928, inkludert annonse for Beklædningsmagasinet FIX.

Hermann Fischer var målmann og medlem av Fosna Mållag. Men da forretninga hans flytta inn i Marmorgården, så låg Riksmålskafeen i etasjen over. Få år etter tok mållaget over bygninga, og Riksmålskafeen vart erstatta av Kaffistova, og Bondeheimen begynte hotelldrift i 3. etasje. Det var nok målmannen Hermann Fischer godt fornøgd med. Advokat Leif Rogeir Jordal gave eit lite tidsbilde til Erling J. Juul i eit portrettintervju. Bakgrunnen for denne historia var ei sak han hadde som advokat i 1935 der han var forsvarar for ein mann som hadde skore av flagglina til hakekorsflagget den tyske konsulen hadde heist på 1. mai:

«I frokostpausen gikk jeg til Kaffistova for å drikke min formiddagskaffe, sier Jordal. Der satt en fast gjeng bestående av Karl Bakke, kjøpmann Fischer og redaktør Salvesen. Samtlige syntes det var for galt at Aandahl skulle bli dømt for skarve to kroner, og skranglet sammen beløpet som jeg skulle legge på rettens bord.»[1]

Sjakk

I 1917 var Hermann Fischer blant stiftarane av Kristiansunds schakklubb, der han òg var formann ei tid. Det var mykje både entusiasme og kreativitet inne i bildet, og måndag 3. februar 1923 kom det noko kristiansundspublikummet aldri hadde sett før:

«Demonstration av schakspill med levende figurer – det første i sitt slags her i byen. Kongen og dronningen i uniformer, løpere og springere i full krigsdragt, beredt til kamp, de trauste taarn sluttet den faste borg, og bøndernes plasser var besatt av nette unge damer som tappert forsvarte sin konge. Spillet som gikk slag i slag lededes av hr. H. Fischer og hr. E. Gjertschikoff.»[2]

I Tidens Krav vinteren 1923/24 framgår det at det som etterspel til eit festleg bacalao-arrangement der «H. Fischer […] takket […] pressen for den velvilje og imøtekommenhet klubbens vedkommende alltid var blitt møtt med». Pressa kjente at dei burde gjort meir, og i samarbeid mellom Tidens Krav og Dagsposten vart det sett opp ein telegraf-schakmatch mellom Kristiansunds schakklubb og Studenternes schakklubb i Trondheim med fast spalte i Tidens Krav og Dagsposten kvar laurdag frå januar 1924. Frå Kristiansunds schakklubbs side var Herman Fischer kampleiar, og broren Martin Fischer ein av dei tre spelarane på parti nr. 1. (Avisdykket har ikkje avdekt enno kven som vann denne matchen.)

Deportasjonen

Utafor Ole Jullums gate 13 er det lagt ned snublesteinar til minne om Herman Fischer og familien hans.
Foto: Chris Nyborg (2017).

Hermann Fischer vart arrestert av nazistane og sett inn i Ålesund kretsfengsel den 23. mai 1942. Som nemnt ovanfor, så vart det skrive eit ope brev – med 104 underskrifter! – til justisminister Sverre Riisnæs med krav om at han måtte settast fri att. Det var ikkje Riisnes interessert i. Den 12. juli vart Hermann Fischer overført til Vollan i Trondheim. Den 7. august vart så han og Abraham Borøchstein tekne ombord i eit skip og tekne nordover til Kvænangen. Den 11. november same år vart dei tekne ombord på eit skip att og sendt til Grini fangeleir, der dei kom fram den 21. november. Den 26. november 1942 vart han og mange andre sendt med M/S «Monte Rosa» til Århus i Danmark. Frå Århus vart dei tekne med tog til Hamburg og derifrå att til Berlin. Frå Berlin vart dei sendt med kuvogner vidare, og dei kom til Auschwitz den 11. desember 1942. Hermann Fischer dødde i Auschwitz den 2. januar 1943 — dagen etter at han fylte femti. Sonen Emanuel døydde av lungebetennelse i Auschwitz 8. februar. Kona Gusta og borna Judith, Ruth og Theodor vart drepne i gasskammeret i Auschwitz den 3. mars. Berre dottera Sara, som hadde greidd å flykte til Sverige, overlevde krigen.

Referansar

  1. Tidens Krav, publ. 27.04.1974.
  2. Tidens Krav, publ. 05.02.1923.

Kjelder

Bøker

  • Borøchstein, Ove: J : historien om kristiansundsjødene. Kristiansund (Ibs Forlag), 2000. Digital versjonNettbiblioteket
  • Olsen, Sven Erik; Olsen, Tor: Operaen i Kristiansund : ikke La Scala, men for folket. Kristiansund : Tosvela, 2007.
  • Williamsen, Odd W.: God gedigen musikk : Kristiansund symfoniorkester 80 år 1999. Kristiansund : Nordmøre museum, 1999.

Internettressursar


Snublesteiner Gml. Drammensvei Stabekk.JPG Hermann Fischer (1893–1943) inngår i Snublesteinprosjektet på Lokalhistoriewiki og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.