Hermansverk

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 10. jan. 2020 kl. 12:56 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv fra Henjatunet.
Foto: Elin Olsen (2013)

Hermansverk var kommunesenteret i Leikanger kommune, og ligg på nordsida og Sognefjorden. Bygda har vakse saman med Leikanger til ein tettstad, Hermansverk/Leikanger, med til saman ikring 1900 innbyggjarar (2009). Bygda har namn etter Herman Brun, ein kjøpmann som hadde sitt verke der i 1840-åra.

I 1989 vart Fylkeshuset i Sogn og Fjordane åpna i Hermansverk.

Planteforsk Njøs, ein institusjon som forskar på bær og frukt, ligg i Hermansverk. Staden hadde tidlegare ein konservesfabrikk, som vart grunnlagd av Halvard Drægni i 1919. Fabrikken vart teken over av Lerum i 1982, men har sidan vorte lagd ned.

Henjatunet, eit klyngetun med seks gardsbruk, ligg i lia ovafor Hermansverk.

Hermansverk var administrasjonssenter for Sogn og Fjordane fylke. I 2019 etablerte fylkesmannen i Vestland seg der, medan administrasjonsstad for nye Vestland fylke frå 2020 vart Bergen. Samstundes med at fylka var slått saman, vart Leikanger kommune innlemma i Sogndal kommune.

Litteratur