Hermund Nilsson Bruheim: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
Linje 10: Linje 10:


Hermund og Elen fekk to søner i lag:
Hermund og Elen fekk to søner i lag:
*[[Nils Hermundson Bruheim]] (1916-1983), som tok over heimebruket på Vamberg
*[[Nils Hermundson Bruheim (1916-1983)]] (1916-1983), som tok over heimebruket på Vamberg
*[[Per Hermundson Bruheim]] (1918-1974), kjøpmann og bankkasserar
*[[Per Hermundson Bruheim]] (1918-1974), kjøpmann og bankkasserar



Sideversjonen fra 1. okt. 2012 kl. 21:00

Mal:Thumb høyre

Hermund Nilsson Bruheim (fødd 15. august 1888, død 14. august 1962) var frå garden Vamberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av bonde og bankkasserar Nils Hermundson Bruheim og kona Anna.

Hermund Bruheim gifte seg 16. juni 1914 med Elen Pedersdotter (1888-1920) frå Grov. Hermund tok over styringa av heimebruket Vamberg etter far sin i 1935 (skøyte 20. januar 1936) og budde her levetida ut.

Han tok òg over som kasserar i Jostedal sparebank etter far sin. Etter konkursen i Jostedal sparebank var han òg formann i forstandarskapet i eit år (1937-38). Han var kasserar i banken til han døydde, og då tok sonen Per Hermundson Bruheim over. Han var dessutan likningssjef i Jostedal kommune i ei årrekkje og ordførar i Jostedalen 1923-35 og 1936-37.

Bruheim var sentral i det fyrste kjende målmiljøet i Jostedalen, som stod bak skipinga av Jostedal mållag i 1906, og han var varamann til det fyrste styret i laget. Då han vart ordførar i 1923, fekk nynorsk det endelege gjennombrotet i bygdestyringa i Jostedalen.

Hermund og Elen fekk to søner i lag:

Kjelder og litteratur


Forgjengar:
 L. R. Faaberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Hans Moen 


Forgjengar:
 Hans Moen 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Ove Wangensten Haug