Hermund Nilsson Bruheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hermund Nilsson Bruheim (fødd 15. august 1888, død 14. august 1962) var frå garden Vamberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av bonde og bankkasserar Nils Hermundson Bruheim og kona Anna.

Hermund Bruheim gifte seg 16. juni 1914 med Elen Pedersdotter (1888-1920) frå Grov. Hermund tok over styringa av heimebruket Vamberg etter far sin i 1935 (skøyte 20. januar 1936) og budde her levetida ut.

Han tok òg over som kasserar i Jostedal sparebank etter far sin, og han var likningssjef i Jostedal kommune. Han var òg ordførar i Jostedal kommune 1923-35 og 1936-37.

Hermund og Elen fekk to søner i lag:

  • Nils Hermundson Gruheim (1916-1983), som tok over heimebruket på Vamberg
  • Per Hermundson Bruheim (1918-1974), kjøpmann og bankkasserar

Kjelde

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 468. (digital utgåve, NBdigital)