Herøy kommune (Møre og Romsdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Herøy kommune
1515 Heroy More og Romsdal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1515
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Fosnavåg
Areal 119.51  km²
Areal land 118.01  km²
Areal vann 1.5  km²
Folketall 8 842 (2023)
Målform nynorsk
Nettside Nettside

Herøy kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Volda, Vanylven, Sande og Ulstein kommunar.

Herøy kommune er delt i to av Herøyfjorden. Kommunen har seks tettstader, Kvalsvik, Kvalsund, Remøy, Moltustranda, Tjørvåg og Fosnavåg. Administrasjonssenteret ligg i Fosnavåg. Det er tre kyrkjer i Herøy, Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje.

Fjordmannsleia er ei kulturminneløype som har blitt sett saman i Herøy i samband med Kulturminneåret 2009. Ho går frå Måløysundet i søraust, om nes og holmar, under bruer og heilt nordvest til Flåvær fyr.

Herøy kystlag og Herøy museumsbåtlag held til i kommunen.

Administrasjonshistorie

Kommunereformen 2014–2018

Torsdagen den 8. desember 2016 skreiv ordførarane i Herøy og Sande kommunar under intensjonsavtalen om å slå saman dei to kommunane. Namnet ligg an til å verte det nyskapte Havøy kommune. Fosnavåg er det planlagde kommunesenteret i den nye kommunen med sine kring 11 500 innbyggjarar. Saka skal takast opp i formannsskapa i begge kommunane, og det ligg an til folkeavstemning om kommunesamanslåinga i januar.[1]

Fotnotar

  1. «Herøy og Sande blir «Havøy»» på Smp.no, publ. 08.12.2016

Eksterne lenkjer

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!