Hesby kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hesby kyrkje
Hesby kyrkje.jpg
Stad: Finnøy
Byggeår: 1200-talet
Endringar: Våpenhus bygd 1870, sakristi 1960
Kyrkjegard: Hesby kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Til 1537: Den katolske kyrkja
Frå 1537: Den norske kyrkja
Bispedøme: Stavanger
Prosti: Søre Ryfylke
Prestegjeld: Finnøy
Fellesråd: Finnøy
Sokn: Hesby
Teknikk: Mur
Materiale: Stein
Preikestol: 1623. Av Lauritz snekker, måla av Peter Reimers.
Altar: Frå mellomalderen, kleberstein med relikviegøyme.
Sitteplassar: 230
Anna informasjon: Glasmåleri av Frøydis Haavardsholm.

Hesby kyrkje er ei langkyrkje i stein frå 1200-talet. Ho var hovudkyrkje i Finnøy prestegjeld frå mellomalderen av, og er framleis soknekyrkje i Hesby sokn.

Kyrkja blei truleg reist på midten av 1200-talet. Første gong ho er nemnd er i et diplom frå 1309. Steinveggane i kyrkje er metertjukke. Vindauga har gotiske boger, men det ser ut til at desse kan vere sett til seinare, og at dei opphavleg var rektangulære. Det har vore eit tårn i vest, men dette blei reve omkring 1800.

Hovudportalen var opphavleg i sør. I 1871 blei han flytta til vest i samband med at eit nytt våpenhus blei sett opp. Sakristiet blei bygd i 1960, då arkitekt Valdemar Scheel Hansteen også gjorde ein del endringar i interiøret.

Alteret i kleberstein er frå mellomalderen, og har eit tomt relikviegøyme. Døypefonten av tre er av nyare dato, men restar av ein romansk døypefont er tekne vare på.

Litteratur