Hesjevollen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 27. jan. 2016 kl. 15:09 av Cnyborg (Samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hesjevollen
Hesjevollen.JPG
Hesjevollen - dei to eldste bruka (bnr. 2 og 3)
Rydda: 1730-åra
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 194
Bnr: 2, 3 og 11
Hesjevollen (t.v.) og Gjerde med byggjefeltet (bak t.h.).
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Hesjevollen (Luster, gnr. 194/2, 3 og 11) er ei grend i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla på ei av dei største elveslettene i hovuddalføret. Den fyrste busetnaden kom på høgdedraget i sørenden medan den nyare busetnaden har breidd seg ut over flata.

Bruka og bustadene som utgjer grenda, høyrer til under matrikkelgarden Bakken. Hesjevollen høyrde til Kreken skulekrins fram til skulesamanslåinga i 1960-åra.

Busetnaden på Hesjevollen går attende til midt i 1730-åra då ein av dei eldste husmannsplassane i bygda vart rydda her som plass under Bakken. Hesjevollen var òg ein av dei fyrste plassane som vart utskilde og matrikulerte - det hende 6. april 1829 (som bnr. 2 under Bakken).

Hesjevollen vart brukt udelt og utan husmannsplassar fram til 24. mai 1876 då bruket vart delt i to jamstore bruk (bnr. 2 og bnr. 3). Den 12. august 1955 vart så småbruket Svabu (bnr. 11) fråskilt bnr. 2. Desse tre bruka utgjer i dag Hesjevollen, men i tillegg kjem eit titals tomter, dels med bustader og dels med hytter og feriehus. På den store elvesletta har dessutan fleire av dei andre bruka under Bakken parsellar med innmark.

I nordenden av Hesjevollen ligg ein fellesfjøs for sau, Jostedal samdrift. Fjøsen vart bygd i 2007, og her har fire jostedalsbønder kring 270 vinterfora sau i lag.

Spelemannen og biletkunstnaren Sjur Hesjevoll kom frå Hesjevollen.

Kjelder og litteratur