Hilde Gundersdotter Drabløs (1780–1876)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Hilde Gundersdotter Drabløs (fødd 1780 i Volda, død 17. mai 1876 same staden) var diktar. Ho kom frå ein fattig familie, men klarte som første allmugekvinne i Volda å få prenta eit par songar hjå Sivert AarflotEkset prenteverk i 1810.

Ho var dotter av husmann og fiskar Gunder Olsson Drabløs (1736–1820) og Marte Paulsdotter (d. 1832). Dei fekk ni born, og fem av dei vaks opp. Hilde var den yngste.

Som åtteåring måtte ho ut for å tene. Kring konfirmasjonsalderen var ho hjå Jakop Nautvik, og det kan ha vere der at ho skreiv dei to songane. Far hennar skreiv, og etterlot seg to songsamlingar. Det var nok han som hadde lært ho å skrive. Dei to songane, Tvende ny Sange, som ho fekk prenta i 1810 var I Anledning av forløbne Aars Krigs-Uroligheder og Til Erindring af et kiert Sødskenbarn, navnlig Peder Jonsen Folkestad. Den første var på elleve firelina strofer, og den andre på fire sjulina strofer.

Då Jakop Nautvik vart enkemann var det på tale at dei skulle gifte seg. Det vart det ikkje noko av. Ho flytta i staden over til prestegarden, og vart budeie hjå sokneprest Frantz Henrich Blichfeldt. Det må ha vore tidlegast i 1821, då Blichfeldt vart utnemnd til prest i Volda. Han hadde mange grisar, og ho fekk difor kallenamnet «Grise-Hilde». Frå prestegarden flytta ho til Rotset.

Medan ho var på Rotset vart ho gravid. Barnefaren var ein fattiggut, truleg frå Raudeviki, og då han fekk vite kva som var på ferde stakk han frå ho. Hilde Drabløs ville kaste seg på sjøen ved Andaneset, men ombestemte seg. Ho fekk barnet, som døydde rett etter fødselen.

Seinare klarte ho å få bygsle ein plass på Folkestad, Tyle. Ho vart i 1828 gift med husmann Knud Knudsen Eydseset. Ho var då 48 år gamal, medan han berre var 26. I 1845 vart mannen funnen død på vedaskogen. Ho vart då driven frå plassen, for bonden ville setje ein annan husmann der. Hilde kom då på legd. Ved folketeljinga 1865 var ho i føderådHildren, og ved folketeljinga 1875 legdslme på Rønnestad.

Etter at ho døydde på Brænne 96 år gamal i 1876 skreiv Ola Olsson Reite om ho at ho hadde evne til forfattarskap, men at ho ikkje hadde hatt utvikling. Ho er eit døme på korleis fattigdom og harde kår kan gjere det umogleg å forfølgje intellektuelle syslar. Hilde Drabløs nemnast gjerne saman med Dorothe Engelbretsdotter (1634–1716), sin meir samtidige Birgithe Kühle (1762–1832) og andre tidlege kvinnelege forfattarar. Ei vel så viktig samanlikning kan ein gjere med den femten år gamle sambygdingen Berte Kanutte Aarflot (1795–1859), dottera til Sivert Aarflot. I tankesett og inspirasjonskjelder var dei nær kvarandre, men Berte Kanutte hadde heilt andre føresetnader som dotter av ein lensmann, boktrykkar og redaktør og som prestekone. Hilde Drabløs var som nemnd den første allmugakvinna som fekk prenta noko på Ekset, men ikkje den siste. Ein må òg nemne Magnhild Pedersdotter Helset, som prenta ein Klagesang hjå Aarflot i 1818.

Berre to eksemplar av songane hennar er bevart i original.

Litteratur og kjelder


Sivert Aarflot.jpg Hilde Gundersdotter Drabløs (1780–1876) er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.