Hilmar Stigum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Hilmar Stigum.
Foto: Faksimile fra Studentene fra 1921 (1949).

Hilmar Stigum (fødd 7. august 1897 i Meløy, død 12. september 1976 i Oslo) var etnolog og museumsmann.

Familie

Foreldra var skreddar Bernt Alfred Stigum og Kristine Fredrikke Engebretsdatter. Han voks opp i Ogndal og vart i 1930 gift med lærar Olaug Welde (1897–1977) frå Otterøy.

Liv og virke

Etter eksamen artium som privatist i 1921 studerte Stigum historie ved Universitetet i Oslo, og tok magistergraden i 1928 med historie hovudfag og kunsthistorie og arkeologi som støttefag.

Han vart tilsett som amanuensis ved Norsk Folkemuseum, vart etter kvart konservator og førstekonservator. I heile 46 år, til 1967, arbeidde han ved museet. Han var òg knytt til Norsk etnologisk gransking som leiar (frå 1946) og var dessutan i nokre år professor II i etnologi ved UiO.

Etter at Kristofer Visted var død (1949), fekk Stigum i oppdrag å gje ut ei ny og utvida utgåve av Vår gamle bondekultur (1923). Den nye utgåva låg føre i to bind i 1951–52.

Ettermæle

Hilmar Stigum er gravlagd på Gamle Aker kirkegård i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2021)

Hilmar Stigum er gravlagd på Gamle Aker kirkegård i Oslo. Tittelen Professor er brukt på gravminnet.

Bibliografi (utval)

Kjelder og litteratur