Historielaget for Orkdølafylket

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. nov. 2018 kl. 08:34 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Historielaget for Orkdølafylket''' vart stifta 5. januar 1920 i Trondheim. Lærar Inge Krokann leia møtet, og professor Halvdan Koht heldt foredrag om lokalh...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Historielaget for Orkdølafylket vart stifta 5. januar 1920 i Trondheim. Lærar Inge Krokann leia møtet, og professor Halvdan Koht heldt foredrag om lokalhistorisk gransking.

På stiftingsmøtet vart det først vedteke lovar for laget, og deretter styreval, med ein mann frå kvar av dei 11 bygdene som gjekk saman om skipinga, med kvar sin varamann.

Kommune Styremedlem Varamand Medlemstal 1921
Opdal Ola J. Rise E. Mesloe 78
Rennebu Inge Krokann M. Vold 25
Bynes Anders Skogstad Klokker Aunan 18
Meldal Dr. Støren Resel 30
Orkland Ordfører Hongslo I. Monset 11
Orkdal Frits Skauge L. O. Skaugen 23
Orkanger Aarvik Edv. Henden 11
Gjeitastrand Ordfører Meland Sletvold 9
Børsa B. Vinge John Viggen 2
Børseskogn Mellingsæter E. Bye 2
Buvik E. Husby O. Presthus 0

I alt 209 medlemer i 1921, nokre av dei busette utanfor heimbygdene.

Alt året etter gav laget ut årsskrift: «Orkdølafylket samlingablad og sagn og saga», der mellom anna foredraget av Halvdan Koht på stiftingsmøtet vart trykt. Det handla om opphavet til namnet på dalen og elva, Orkla.

Årspengane ser ut til å vere sett til kr. 5, og sekretæren sørgde for at namna på dei som hadde betalt kom i lokalavisa.

Kjelder

  • Avisa Sør-Trøndelag på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek 8. januar 1920, 23. juli 1921, 23. mars 1922