Hitra

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Hitra er ei øy i Hitra kommune i Trøndelag, sørvest for munningen av Trondheimsfjorden.[1][2] Ho er på 571,5 km² og utgjer størstedelen av kommunen sitt areal. Øya er Norges sjuande største, og den største sør for Lofoten. Det er brusamband til fleire av dei mindre øyane i kommunen.

Den største tettstaden, og kommunen sitt administrasjonssenter, er Fillan. Staden var tidlegare administrasjonssenter for Fillan kommune.

Høgste punkt på øya er Mørkdalstuva på 345 moh.

Ein vinterdag seint i 1850 stranda det ein kval på Hitra.[3] Folk gjekk i gang med å flense kvalen, men då dei kom inn til spekket, fann dei liket av ein mann som heldt ein tollekniv i handa. Spor i buken gjorde det klart at mannen hadde kjempa ein hard, men fåfengd kamp. Nyheitene spreidde seg snart langs kysten, og nådde herunder Træna i Nordland. Det viste seg då at mannen etter mykje å dømme var Johan RasmussenSanna, som same hausten hadde forsvunne mens han fiska.

Sidan 2004 har det vore ein stor vindmøllepark på Eldsfjellet, med 24 vindmøller som gjer opp til 55MW.

Referansar

  1. Hitra - øy i Hitra kommune i Store norske leksikon
  2. HitraWikipedia på bokmål og riksmål
  3. Hirsti, Øyvind 2012. «Trænværing slukt levende av hval». Rana Blad, 28. desember.

Koordinater: 63.526723° N 8.757846° Ø