Hjørdis Botten

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. feb. 2016 kl. 22:14 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (fiks)
Hopp til navigering Hopp til søk
Biletet er antakeleg tatt i atelieret til Engebret T. Braaten. Framme med hund: Per Braaten. Bak frå venstre: Åsta E. Bergheim, Torkjel E. Bråten og vesle Hjørdis.
Foto: Engebret T. Braaten?/Gol bygdearkiv, Digitalt museum (1903).

Hjørdis Botten (fødd 15. juli 1901, død 25. oktober 1971) var fotograf på Gol. Ho var dotter av den fyrste fotografen der, Engebret T. Braaten, og Jensine Henriette Embriksdtr Olsgård. Også broren Per og farsystera Ingeborg vart fotografar. Som fotograf brukte ho namnet Hjørdis Bråten. I 1918 er ho avbilda som elev ved Vevskulen på Gol.[1]

Det fyrste atelieret hadde Botten på Røysen i Golreppen, men i 1937 flytta ho til huset Bergtun i Gol sentrum, der faren hadde hatt fotoforretning. Etter at han døydde vart firmaet drive vidare av sonen Per og systera Ingeborg. Då Per kjøpte Mimi Jansen si fotoforretning på Voss, overtok Hjørdis og dreiv firmaet fram til 1956. Då tok fotograf Olav Skredegård over, og firmaet Skredegård Foto er framleis i drift (2016). Olav sin bror, fotograf Ole, var bestyrar for forretninga til Per på Voss.

Hjørdis gifta seg i 1937 med snikkar Håvard Botten. Dottera Liv Henriette Botten vart mykje brukt som modell under krigen og i etterkrigsåra. Som studiofotograf tok Botten elles mellom anna bilete av alle golingar som var over 16 år i 1941. Desse skulle brukast til identitetskorta som dei tyske styresmaktene kravde.

Familien budde i same huset som forretninga låg, og dottera minnest at mora ofte arbeidde seine kveldar. Serleg travelt var det oppunder jul, og på juleftan var ho gjerne heilt utsliten. Til Hallingdølen fortel dottera elles om då mora avvikla i 1956: "Det var ein svær sjau då me skulle bere ut alle glasplatene. Lageret tok mange hyller i kjellaren og glasplater er no ein gong svært tunge."

Dottera har donert samlinga på 4000 bilete til Gol bygdearkiv. Glasplatene er i god stand, og samlinga omfattar dessutan bilete på negativ film. Bråten skreiv ned informasjon om dei fleste bileta i notisbøkene som følgjer med samlinga. I tillegg har bygdearkivet lagt ned mykje arbeid i å kartleggje og arkivere fotografia, som skal ut på Digitalt museum.

Fotnoter

  1. Skulebilete frå 1918. Ukjend fotograf, Gol bygdearkiv / Digitalt museum.

Kjelder

  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Hjørdis Botten på Digitalt museum.
  • Hjørdis Botten på KulturNav
  • Norsk fotografisk tidsskrift 86(2) : 3, s. 12
  • Jørdis Engebretsen i folketelling 1910 for Gol herred fra Digitalarkivet
  • Gravminner DIS-Norge
  • Kvissel, Knut Olav: Berga fotoskatten til mora. I: Hallingdølen 6. februar 2016, s. 20-24.

Eksterne lenker


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Hjørdis Botten er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.