Hjalmar Barman

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Hjalmar Johannes Barman (fødd 8. oktober 1875, død 23. april 1947) var bokhandlar i Kristiansund.

Han var son av garvar Helge Barman (1830–1918) frå slekta Barman og Josephine Laurette Poine Vogt (1834–1877). Mora døydde då han var to år gamal, og faren gifta seg med Maren Marie Musæus Norman (1841–1916). Hjalmar Barman var eldste av tre sysken.

Han var gift med Rosalie Barman f. Hanson. Dei hadde to søner, Nicolai Hanson Barman (f. 1904) og Halfdan Barman (f. 1908).

Han starta opp firmaet Hjalmar Barman i 1898, og dreiv med sal av lêrvarer. Det firmaet vart nedlagd i 1938, men då hadde han lenge vore i bokhandlarbransjen. I 1918 starta han òg opp firmaet Hj. Barman K/S.[1]

Karrieren som bokhandlar starta med at han i 1903 vart tilsett som butikksjef og bokhaldar i Sverdrups Bokhandel i Kristiansund. Den var starta opp av stemora Maren Marie Musæus Norman i 1874, og i 1891 tok Georg Jacob Sverdrup over. Han skal ha vore svoger av Hjalmar Barman, utan at det er heilt klart korleis svogerskapet heng saman. I 1914 vart han disponent i Loennechens Boghandel, som Emerich Heinrich Meyer Blydt Loennechen hadde starta opp i 1888. I 1918 tok han over, og endra namnet til Hj. Barman A/S Bokhandel, frå 1938 Barmans Bokhandel A/S. Den var frå 1888 til 1932 i Loennechengården i Kaibakken, og flytta så til Storgata 2. Til bokhandelen hørte òg Barmans Trykkeri, opphavleg Loennechens Trykkeri og Bogbinderi. Nicolai H. Barman var sjef på trykkeriet firmaet òg eigde, og fekk prokura i 1938.

I 1940 brann bygningen ned under bombinga av Kristiansund, og lenge måtte bokhandelen og trykkeriet vere i ei brakke i Neraasgata.

I 1948 vart det kunngjort at Nicolai H. Barman, Halfdan Barman og Rosalie Barman skulle drive firmaet som Barmans Bokhandel A/S.[2] Dei flytta frå brakka til eit nytt hus i Hauggata 6. I 1963 vart butikken nedlagd.

Hjalmar Barman var en eldre bror av speiderpioneren Josefine Barman.[3]

Referansar

  1. Kunngjering i Norsk Lysingsblad 1938-12-05. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Kunngjering i Norsk Lysingsblad 1948-06-18. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. .speidermuseet.no/wiki/Josefine_Barman

Kjelder

Eksterne lenker


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Hjalmar Barman er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!