Hjartdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jan. 2020 kl. 08:15 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Fylkesreformen etc.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjartdal
0827 Hjartdal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 3819
Fylke Vestfold og Telemark
Kommunesenter Sauland
Areal 738.31  km²
Areal land 738.31  km²
Areal vann 0  km²
Folketall 1 588 (2023)
Grunnlagt 1838
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Hjartdal kommune ligg i Vestfold og Telemark fylke (før 1. januar 2020 i Telemark), og grensar mot Tinn i nord, Notodden i aust og sør, og Seljord i sør og vest. Administrasjonssenteret er Sauland. Andre bygder er Hjartdal, som kommunen har namn etter, og Tuddal. Det er ingen tettstad i kommunen. Namnet kjem truleg av eit eldre namn Hjarta av dyrenavnet hjort.

Hjartdal er ein landsbrukskommune, og særleg i området Sauland søraust i kommunen. Turisme har óg vorte ein viktig næringsveg. Det er seks kraftverk i kommunen. Dei gjer Hjartdal er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 466 gigawattimer (GWh) (2016). Det største kraftverket er Hjartdøla kraftverk (i drift frå 1958), som utnyttar vassdraga vest for Tuddal og nord for hoveddalføret.

Folketalet i kommunen sank frå om lag 30 000 i 1850 til om lag 2 000 etter andre verdskrigen. Bortsett frå i 1970- og 1980-åra har folketalet årleg gått noko ned og var 1 594 i 2015. Av dei yrkesaktive har 48 prosent (2001) arbeid utanfor kommunen, særleg i Notodden og i Seljord.

Historie og kultur

Hjartdal kyrkje er frå 1809 og har prekestolaltar og galleri med rike utskjæringer. Risvolloftet på Holm nær kyrkja er freda og datert frå 1471. På Frøland ved Sauland står eit loft frå seinmiddelalderen. Sauland stavkyrkje blei rive i 1860. I Ytre Hjartdal finnes gamle hus på gardar som Løksli, Haugan og Øverbø. På Øvre Åbø i Hjartdal og Søndre Bøen i Tuddal finnes loft frå 1200-tallet. Tuddal bygdetun har gamle hus og reiskap.

Kjelder og litteratur