Hjelp:Bilderessursar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bilderessursar er eit oversyn over nettstader med fritt lisensierte bilde som kan nyttast her på lokalhistoriewiki.no. Bilda må lastast opp her – sjå hjelpetekstane til opplastingssida for meir informasjon om dette.

Digitalt museum

Digitalt museum inneheldt bilde frå 130 norske museum. Kvar institusjon bestemmer kva dei vil publisere og kva for ein lisens bilda skal få. DigitaltMuseum er utvikla av KulturIT og støtta av Norsk kulturråd.

Fotoportalen UNIMUS

Fotoportalen UNIMUS er ein fellesportal for fleire museum, med bilete av museumsgjenstandar, bygningar og anna relatert materiale. Bileta er for det meste lisensiert under ein CC-BY-NC-lisens, evt. CC-BY-NC-ND, så dei kan ikkje nyttast kommersielt, og om lisensen er ND kan dei ikkje endrast. Slike lisensar kan nyttast på Lokalhistoriewiki, men det er viktig at ein er nøye med å legge på den same lisensen.

Wikimedia Commons

Wikimedia Commons er ein del av «Wikimedia-familien», ei felles bildesamling for alle versjonane av Wikipedia, Wikinytt osb. Alle bilde som ligg der skal vere under fri lisens og kan nyttast her. Om du finn eit bilde som ikkje er merka med lisens, eller som har ein åtvaringsmal, og du ikkje kan avgjere om bildet er fritt, kan du spørje ein erfaren brukar.

Du kan finne bilde mange stader på Commons, men nokre av dei mest interessante kategoriane er:

Sjå òg på dei mange underkategoriane.

Det finst nokre spesielle malar for å merke bilde frå Commons, men om du ikkje kjenner desse kan du berre kopiere all informasjonen frå bildesida på Commons og leggje inn ei lenkje til bildesida der. Då har vi all informasjon vi treng, og malane kan det ryddast opp i seinare.

Flickr

Flickr er mange bilde fritt lisensierte, men det er òg mange som er underlagde opphavsrettsleg vern og som derfor ikkje kan nyttast her. For å avgjere dette må du sjå på lisensen som er oppgitt ved sida av bildet. Om du finn CC-BY eller CC-BY-SA, kan bildet lastast opp her. Pass på at du fortel kven som har tatt bildet og kva for lisens som gjeld. Om det står All rights reserved kan ikkje bildet nyttast her. Om det står CC-BY-ND/NC må du nytte tilsvarande lisens her i wikien.

Vi har laga ei liste over nokre Flickr-sider som har CC-lisensar eller forelda bilde.

Riksantikvaren

Riksantikvarens Kulturminnebilder inneheldt foto frå heile landet frå 1870 og framover. Bilda kan brukast fritt til ikke-kommersielle formål. Dette gjer at vi må bruke lisensen CC-BY-NC-ND her i wikien.

I Norsk portrettarkiv på nett finn du omkring 12 000 foto av kunstnerisk framstilte portrett av nordmenn. Om kunstnaren har falt i det fri, kan bilda lastast opp på lokalhistoriewiki.no under Public domain-lisens.

Fotodugnad er et prosjekt der Riksantikvaren sine bilete – og etter kvart bilete frå andre samlingar – skal merkast med koordinatar. Desse kan så nyttast i andre prosjekt.

Riksarkivet

Riksarkivet si Flickr-side harmotiv frå arkivet og historiske bilete.

[Fotosamlinga på Digitalarkivet har historiske foto.