Hjelp:Koordinatar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Geografiske koordinatar brukast for å gi plasseringa av ein stad i bredde- og lengdegrader. Koordinatane vert anten oppgitte i gradar, minutt og sekund eller som desimaltal.

Koordinater: 63°10′33.42″ N 7°49′57.864″ Ø

Det går an å legge inn geografiske koordinatar]] i artiklar. Når lesaren klikkar på posisjonen, blir det opna ei side med lenkjer til ulike karttenester. Klikkar lesaren på ei lenkje, vil eit kart med posisjonen markert visast. Slik legg vi inn posisjonen:

  1. Sett inn malen {{Koord ramme}} — gjerne øvst i artikkelen. (Veit du alt posisjonen, gå rett til punkt 4 nedanfor.)
  2. Om du ikkje veit posisjonen, kan du bruke Norgeskart (Kartverket) til å finne han. Posisjonen står i infoboksen som kjem opp når du har søkt på det aktuelle stadnamnet og klikka på det. Du kan òg sette muspeikaren over staden du vil plassere; da vil posisjonen i desimalgradar visast nedst til venstre i vindauget.
  3. Om posisjonen er oppgitt i desimalgradar (f.eks. 63.17595), kan du konvertere han til gradar, minutt og desimalsekund gjennom ei ekstern side — for eksempel denne.
  4. Veit du alt den geografiske posisjonen i gradar, minutt og sekund N så vel som E, kan du legge han inn i malen slik:
    {{koord ramme|[gradar]|[minutt]|[[sekund].[sekunddesimalar]|N|[gradar]|[minutt]|[sekund].[sekunddesimalar]|E|type:landmark}}
    — i praksis for eksempel:
    {{koord ramme|63|10|33.42|N|7|49|57.864|E|type:landmark}}
    Merk at vi legg inn sekundposisjonen med desimalar for å få meir nøyaktig plassering. Dette gir resultatet vi ser øvst til høgre på denne hjelpesida.

Sjå også